Videokonkurransen 2014

Fron historielag innviterte til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2014:

Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. På nettsida digitaltfortalt.no kan du få idear og inspirasjon. Korleis det kan gjerast  og kanskje ikkje gjerast. Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. På nettsida soundcloud.com finn du musikk som er til fri bruk. Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som ønskjer det, kan få tilbakemelding på idear og framlegg. Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron. Frist: Måndag 8. september 2014.

Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000.  Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2014 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.

 

Her er vinnarane og det juryen har å seie om videoane:

toveostbyTove Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Gratulerer! Juryen meiner: Videoen fortel om ein viktig og rik tradisjon – seterdrifta gjennom århundra. Med konkret utgangspunkt i filmskaparens eiga historie frå Lomsetra. Ho intervjuer mor si. Her kjem det fram mange interessante opplysningar og historier. Men det er nokre utfordringar her. Dei første ti sekunda av videoen er eit stillbilde av ein værbitt planke. Med voice-over, som det heiter. Her kunne det i staden vore opningstekst i skrift og gjerne litt musikk som tok oss inn i stemning og tema.

Videoen omfattar to delar. I første del på ca 4 minutt les filmskaparen opp ein meir generell artikkel om seterdrifta, som det er lagt bilde på, både stillbilde og film. Eit problem her er lite samsvar mellom tekst og bilde. Det skuldast nok at filmskaparen gjer det svært vanskeleg for seg, for teksten er tydeleg ikkje skriven med tanke på å være ein videotekst. Den skiftar for fort tema og baserer seg berre på ord. Teksten gir ikkje rom for å fortelje med bilde. Det er som om filmskaparen ikkje heilt stoler på at bilde kan fortelje – utan ord. Når teksten raskt fortel om mjølking av kyr, ser vi bilde av rabarbra. Når teksten fortel om ulv og bjørn, ser vi to bunadskledde småjenter som går hand i hand. Når vi høyrer om dagleg arbeid og slit, ser vi bilde av insekt på vatn. Den same filmsekvensen av vandring over sølete gras blir brukt fleire gonger og fortel svært lite. Her kunne ein ønskje seg at filmskaparen hadde løfta linsa og gitt oss meir oversyn.

Når ein lagar video, er det viktig å undersøke kjelder og finne materiale. Her treng ein ikkje gå lenger enn til historielagets heimeside for å finne både bilde og film frå setring og seterdrift. Det kunne med fordel vore nytta.

Andre del av videoen er basert på intervju med mor. Ho har mykje interessant å fortelje, men når ho fortel om mjølkerampa, vil vi gjerne sjå det ho fortel om. Det kjem først seinare. Når ho fortel om korleis det var på Lomsetra da ho var ung, vil vi gjerne sjå bilde frå den tida. I staden får vi dei to bunadskledde småjentene. Når ho fortel om at det var ein lang ferd for folk og dyr opp frå dalen, vil vi gjerne sjå eit kart som syner oss vegen. Først med historia om ein hest som vart berga, er det samsvar mellom bilde og ord.

Rytme er eit viktig element i all formidling. Vi treng pause og variasjon, vi treng bilde utan ord. I Seterlivet – en verdifull skatt går alt i samme tempo med litt for mykje informasjon som det kan vera vanskeleg å få med seg.

Men når alt dette er sagt, må ein også seie at Tove Østby fortenestefullt har laga utgangspunkt for eit viktig og kreativt prosjekt som verkeleg fortener at ho jobbar vidare med det. Når ho får meir røynsle med kamera og redigering, kan dette bli eit verdifullt dokument for ettertida.

 

 

IIvarostbyvar Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer!. Juryen meiner: Videoen er eit frydefullt møte mellom ein ung gut og ein for han fjern krig. Det som har vekka interessa hans, er at bestemor hans har fortald om eit tysk bombefly, ein Heinkel 111, som styrta i Rustlia under kampane i Gudbrandsdalen 27. april 1940. Eit særs godt og dramatisk utgangspunkt for ein lokalhistorisk video.

Videoskaparen har henta footage, som det heiter, altså gamle filmklipp, frå det tyske felttoget, og lar dei snakke for seg sjølv. Han intervjuar en kar på Krigsminnesamling på Kvam, som fortel om restane av ein Heinkel-maskin som dei har der. Litt supring, som det heter på fagspråket, kunne gjort seg – altså ein tekst som fortel kva han er og kva han heiter, han som pratar. Og ein meir erfaren journalist hadde nok fått han til å ta ut tyggegummien før han snakkar på film.

Videoskaparen er forståeleg nok interessert i dei tekniske detaljane i denne krigsmaskina, så videoen blir i stor grad ein presentasjon av bombeflyet Heinkel. Han gir også eit oversyn over krigshandlingane. Det ein kan sakne, er den lokalhistoriske forteljinga. Videoen heiter Bestemors Heinkel, og da hadde det vore godt å få hennes forteljing om flyet. Vi ser berre eit bilde av ho. Såg ho at det styrta? Har ho berre fått det fortald? I så fall – kunne videoskaparen fått tak i nokon som faktisk såg og høyrde det som hende og kan fortelje om korleis det var for eit ung menneskje å vera i ei bygd der bombefly styrta og soldatar vart skotne? Det hadde nok gjort videoen sterkare og nærare og gjort hendinga til meir enn fjern historie.

Men i denne videoen er det mykje å glede seg over. Ikkje minst engasjementet frå ein ung mann som syner at han veit kva dette mediet dreier seg om, gir seg i kast med dei store hendingane og ikkje er skuggeredd for å teikne eit fargerikt lerret. Her ventar vi oss mange gode lokalhistorisk videoar i framtida, sett frå ein generasjon som er fødd etter siste århundreskiftet.

 

carlottekarCharlotte Skar vann historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer! Juryen meiner: Denne videoen fortel litt om ei fortid som var meir strevsam og mindre kravstor enn vi kan førestille oss i dag – nemlig korleis det var å bu og leve der kor ingen skulle tru at nokon …. Vi får eit innblikk i livet i Øvre og Nedre Skar gjennom fleire generasjonar, heilt til gardane vart fråflytta etter siste verdskrigen. Dette er ein profesjonelt laga video, der eit produksjonsselskap presenterer. Lydarbeidet er framifrå med naturlyd og musikk som understøttar forteljinga. Skulle ein ønskje seg noko, var det eit klårare forteljargrep i manuset og redigeringa.

Videoen held oss litt på fråstand, ettersom ho legg stor vekt på biografiske fakta. Vi får ikkje vite så mykje om livet i Skar, berre eit lite glimt om slitsam skuleveg – som vi ikkje får sjå. Videoskaparen baserer seg heile tida på eigen tekst som voice-over. Rulleteksten til sist inneheld fem namn brukt som kjelder. Slikt kan ein gjere når ein samlar stoff til ein artikkel. I ein video skulle vi gjerne sett og hørt dei fem. Fått historiene om foreldra og besteforeldra, om draum og saknad, slit og glede. Komme tettare inn på dei som levde der. Dersom forteljingane frå desse fem hadde vore kledd inn i bilda av dei gamle husa og tuftene, ville desse stokkane fått eit anna liv for oss.

Her er det også bilde frå Skar og tekst på heimesida til historielaget, stoff som med fordel kunne ha vore nytta her. Men likevel er denne videoen ei glede å sjå. Ho gir utsyn og ro og ettertanke, og juryen håper verkeleg at videoskaparen blir inspirert til å bruke sin fagkunnskap og lage fleire videoar til glede for ettertida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s