Tag Archives: vise

Denna ferbainna skatten

Kæin itte storingæin leva tå blann?

PAUL HENRIK HAGE: Dette er ei gammal, samfunnskritisk vise sungen av Maria Lykkjom i eit opptak frå 1954. Eg har skrive ned teksta slik det høyrest ut for meg. Har du kommentarar eller forslag til endring, vil eg gjerne høyre det. Maria Lykkjom likte å syngje gamle viser, og ho kunne tallause utanåt. Ho var bestemor mi og vart født på Skinnehaugen i Ruste 1. mai 1874. Ho døydde på Lykkjom i Sødorp 2. juni 1969, 95 år gammal. I 1954 gjorde Johannes Kolås som var lærar på Sødorp folkeskule, eit opptak der ho fortalde frå livet sitt og song nokre viser. Her er ei med tekst på fronsmål av ukjend opphav. Er det nokon som veit meir om denne visa? Her er teksten: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Musikk

Og mannen skratta te kjeften sprakk

Ho vil drepa meg! Foto: Statsskog

Ein mann kjem ut for ei skræmande diger kråke. Han skyt kråka og nyttar skrotten til fulle. Kråkevisa, også kalla Mannen og kråka, Bonden og kråka eller Den store kråka er ei folkevise av typen medelalderballade. Visa er også kjend i Danmark, Sverige og på Færøyene. I Norge er ho ei av de mest utbreidde folkevisene. Norsk visearkiv har registrert nesten hundre tekstvariantar og over 75 melodiar. Landstad har trykt to ganske korte variantar i Norske Folkeviser frå 1853. Den eldste kjende varianten finst i eit dansk skillingstrykk frå 1600-tallet.  (frå Wikipedia)  Ivar Kleiven har skrive ned Kråkevisa slik ho er kjend frå Fron:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk