Tag Archives: Vis-Knut

Soga om Vis-Knut

visknustotte

«Bydefolket i V. Gausdal reiste ein bautastein av granitt på Vis-Knut grav ved Svatsum kyrkje. I steinen er bilete av Knut innhogge i bronse. Og steinen står slik til at alle som fer almannavegen, kan få ein glimt av han og minnast denne vår merkelege og gjæve mann, som det snaut har vore make til i Norges land.»

OLE. M. STUBBERUD: Vis-Knut, eller Knut Rasmusson Nordgaren voks opp i små kår mellom 9 sysken. Ingen som kjende han frå bånsbein av, kunne tru han skulle verta den merkelege og namngjetne mannen han vart. Han var nemleg fælt vindøygd, og frå han var eit halvt år fekk han fang (epilepsi) som vart mykje til plage for han gjennom heile livet. Knut var ein stor, grovgjord kar. Det at han var so fælt vindøygd, skjemde han mykje ut. Han hadde langt ramsvart hår, som fløymde nedover akslene. Men då han vart gamal, låg håret i sylvkvite lokker. Knut var soleis ikkje noko ven å sjå til, og det er fortalt at eingong han kom inn på Ner-Forset, gjekk ei jente over golvet, og ho tenke med seg sjøl: «Den stygge mannen kan da aldri bli gift.» Då sa Knut stilt og lognt til jenta: «Eg ha nok aldri tenkt å gifte meg heller, eg.» So gjekk det au. Knut levde sine dagar ugift.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Segner om Vis-Knut

Tidleg på 1930-talet samla elevar ved Skåbu skule inn segner. Som takk. Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til skolen i Skåbu. Som takk for dette laga barna ved skolen eit fint hefte, som dei overrekte han. Innholdet var segner og teikningar frå Skåbu. Her er det ôg segner om Vis-Knut. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Vis-Knut og ulla

visknut3FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var eingong ei kjerring som spurde han Vis-Knut etter noko, og ho tok med seg noko ull til han. Men som ho kom på vegen eit stykke, tykte ho at ho hadde teke med seg for mykje. Og så gøymde ho att noko under ei gran. Men då ho kom til han og vilde gje han ulla, sa han: «Ha ulla di du kjerring, og ta med deg att detta du la under grana au.»

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Vis-Knut i lauvskogen

visknut2FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Ein gong Vis-Knut var i lauvskogen, tok det til å stridregne, og då tok han ein lauvkjørv som han skulde halde over seg. Men han sleit seg frå han . «Eg fekk nok ikkje da denne hell eg,» skulde han ha sagt.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Vis-Knut: Slik vart han vis

visknut1FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje spor etter han. I kyrkja var det altargang, og han Vis-Knut au gjekk til altars. Men da han kom attende frå altaret, uveta han. Og då han årekte seg att, var han vis vorten. Frå den dag sat ikkje luve på han.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn