Tag Archives: video

For 30 år sidan?

I dag er det velkjend, det Vemund Hagen syner fram i denne filmen, som er ei hylling til landbruket i Nord-Fron. Men tenk om nokon hadde laga ein slik film for 30 år sidan? Hadde vore gildt å sjå i dag. Like gildt som det vil vere å sjå denne filmen om 30 år. Eller videoen under – handtrekking av plog på Frya.

Så – om historielaget ikkje innbyr til videotevling i år, vil ein likevel stimulere dei som har lyst, til å prøve seg ut i mediet. Mobiltelefonen er alt du treng.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk

Nei, det vert ikkje noko i år

Det kjem ingen invitasjon til videokonkurranse med pengepremiar frå Fron historielag i år. I fjor var det ingen som hadde lyst eller høve eller interesse nok til å vere med, og det har styret tatt konsekvensane av. Så får ein berre håpe at frøningane etter kvart oppdagar kva for eit enkelt, billeg og framifrå medium video er til å fortelje lokalhistorie. Videoen over et eit døme på kor enkelt det kan gjerast, og kor mykje bilde og lyd fortel. Meir enn 500 har så langt sett han på youtube.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

NRK har gull i sine arkiv

Dølen tar opp ein interessant sak

skjermdump201

Bilde frå NRK sitt program «Nye skot på gamal rot». Foto: NRK

Dølen har fanga opp at historielaget legg ut gamle NRK-program på denne heimesida og lagar ein interessant sak. Distriktsjefen i NRK Hedmark og Oppland, Inger Johanne Solli, seier til avisa at NRK ønskjer å gjere mykje av arkivet sitt tilgjengeleg for publikum. -Og vi har ei avtale med opphavsrettsorganisasjonen NORWACO om at NRK kan legge alt arkivmateriale frå radio og TV frå før 1997 på nett, og bruke det verderlagsfritt om att i TV og radio. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kommunikasjon, Musikk

-Det innerste i menneskjesjela

Eit godt program frå NRK med Oddvar Nygaard

onnrk

-Musikken må gi seg uttrykk frå det innerste i menneskjesjela, ellers blir det berre apekattmusikk, der dei kopierer, seier Oddvar Nygaard i dette programmnet frå NRK, laga av Arvid Møller og Lasse Thorseth. Den gong folk fekk lov til å tenkje og prate på skjermen. Her er det bilde, tonar og ord å kose seg med! (Klikk på bildet, og du kan sjå programmet)

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Frå Tårud til Hardvollsmarka

Nye E6 som nå skjer seg gjennom bygdene, er truleg det største menneskeskapte inngrepet i bygdene våre nokon gong. Trass i to lange tunnelar og at planleggjarane er mykje flinkarere til å ta estetiske omsyn enn før, er dette eit inngrep som set eit varig skilje, kan du lese i Fronsbygdin 2015.  I sommar flaug Vemund Hagen drone over nye E6 frå Tårud til Hardvollsmarka. Slik såg nye E6 ut da i landskapet.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Da Per Tofte møtte munken i Nidarosdomen

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Ingen videoar!

Da fristen gjekk ut 25. september hadde ingen sendt inn ein lokalhistorisk video til konkurransen i historielaget. I fjor kom det inn tre videoar. Vi må berre slå fast at 10 000 kr i premiar, profesjonell vurdering og publisering som når mange tusen, ikkje er nok til å få frøningane til å fortelje historier på det mediet som står sterkast i samtida og har mest gjennomslag. Historielaget vurderer nå kva vi skal gjere med denne konkurransen i framtida. Nokon som har forslag?

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon