Tag Archives: video

Korleis var det i Skåbu for 40 år sidan?

OLE CHR. RISDAL: Krogenæs Møbler AS i Skåbu går så det grin. Nye driftsbygningar ryk i vêret i fjellbygda. Her er det treskurd og rakefisk. Bli med ein tur til Skåbu i 1974, møt godtfolk og sjå korleis det stod til for 40 år sidan.  Forfattaren og NRK-mannen Arvid Møller hadde hytte i Skåbu i mange år, og  i 1974 laga han eit 40 minutter langt tv-program. Det kan du sjå her.  I 2003 gav han ut boka Skåbu – ei fjellbygd i Jotunheimens forgård. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Verksemder

Underbudeia fortel om livet i 1888

PAUL HENRIK HAGE: Maria Lykkjom var bestemor mi. Ho vart født på Skinnehaugen i Ruste 1. mai 1874. Ho døydde på Lykkjom i Sødorp 2. juni 1969, 95 år gammal. I 1954 var ho 80 år, og da gjorde Johannes Kolås, lærar på Sødorp folkeskule 1931-1961, eit opptak med ho, der ho fortalde om korleis det var å koma ut i arbeid som underbudeie 14-15 år gammal.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Setring

Spennande gardshistorie på mange vis

På Vik i Kvam i fjor, Heggerud på Harpefoss neste veke

Tirsdag  6. september kl 18 kan du få med deg gardshistoria og mykje anna på Heggerud gard på Harpefoss. Konsert blir det ikkje, men mykje anna godt. Her kan du bli med på ein 40 minutt lang film som fangar inn noko av det som vart formidla av toner og ord på Vik for eitt år sidan.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn, Musikk, Språk

Lett og glad på Skåbutunet

Møt Mukampen spelmannslag på en intimkonsert ute på Skåbutunet for eit år sidan.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

For 30 år sidan?

I dag er det velkjend, det Vemund Hagen syner fram i denne filmen, som er ei hylling til landbruket i Nord-Fron. Men tenk om nokon hadde laga ein slik film for 30 år sidan? Hadde vore gildt å sjå i dag. Like gildt som det vil vere å sjå denne filmen om 30 år. Eller videoen under – handtrekking av plog på Frya.

Så – om historielaget ikkje innbyr til videotevling i år, vil ein likevel stimulere dei som har lyst, til å prøve seg ut i mediet. Mobiltelefonen er alt du treng.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk

Nei, det vert ikkje noko i år

Det kjem ingen invitasjon til videokonkurranse med pengepremiar frå Fron historielag i år. I fjor var det ingen som hadde lyst eller høve eller interesse nok til å vere med, og det har styret tatt konsekvensane av. Så får ein berre håpe at frøningane etter kvart oppdagar kva for eit enkelt, billeg og framifrå medium video er til å fortelje lokalhistorie. Videoen over et eit døme på kor enkelt det kan gjerast, og kor mykje bilde og lyd fortel. Meir enn 500 har så langt sett han på youtube.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Jula er best på frøning

Dølamålet setter folk i stemning, melder GD.  Det er ikke tilfeldig at handlinga i flere av julas reklamefilmer på TV er lagt til Gudbrandsdalen. Den er kjent, trygg og god, flotte omgivelser fjernt fra storbyens mas og jag, sier reklamefolkene. Per Tofte er bestefar på frøning hos REMA 1000. Hos NSB tar dølamålet over etterhvert som toget drar seg nordetter dalen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Språk, Verksemder