Tag Archives: vatn

Kampen for vatnet i Sødorp

Historia om eit 300 år gammalt prosjekt

dsc_0708_edited

Foto frå Fjuken, Arve Danielsen

JOHANNES BRANDVOL: Få bygder har vore meir avhengig av vatning enn Sødorp i Nord-Fron. Her er åkrane solvende og ofte bratte. Med den tørkesvake jorda og den mest årvisse forsommartørken er det oftast vassmangel som sett grense for avlingane. Vatningsveiter kravde mykje vatn, og dette kom ofte frå ein bekk som tørka inn når det var mest bruk for vatnet. Tjønner som låg lagleg til, vart difor demt opp for å tene som vassreservoar, og Avstjønna på Sørdorpfjellet var ei av desse. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Harpefossen utbygd

Nr. 116 A.W. Sett fra Heggerud, sett fra Sandene til Hella.

Sett frå Heggerud

Harpefossen kraftverk vart satt i drift i 1965 og utnyttar fallet på 34 m i fossen. Arve Skurdal har bilde frå utbygginga. Nokon som veit noko? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Å gå med klufta

holenklufta

Emil Holen – og slik held han klufta.

 EIVIND HOLEN: Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet. Det eg såg og opplevde heime i Holen, er på mange måtar så merkeleg at eg har valt å sikre det for ettertida. Det var bestefar min, Emil Holen, som gjekk med klufta. Han var fødd i 1889. På den tida eg opplevde han som føderådsmann, var dette med klufta ein slags hobby. Før i tida var det vassmangel kvar vinter heime. Han fortalte at han begynte å gå med klufta for å finne vatn og såleis betre vassforsyninga på garden. Det lykkast han med etter ei tid.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn