Tag Archives: underjordiske

Påskekrim: Da Marit Solbjør vart borte

Noko hadde ein gong lagt skugge over livet hennar

påskekrim

Ho hadde vore hos presten og skrive seg inn til konformasjon. (Ill frå  boka Budbringeren i serien Nattmannens datter frå Norske Serier.

IVAR KLEIVEN: Ikkje lenger enn for 95 år sidan vart ei det innteke  ei ung jente på den eine Solbjørsgarden på Sødorp. Ho heitte Marit og var dotter hans Ola Solbjør, ho var 15 år og nettopp heimatt komme på eftaleien, ho hadde vore hos presten og skrive seg inn til konfirmasjon om dagen. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Frøningen som fekk seg skuss heim

hestehode

Hesten avstad, så det ylde og pipa kring øyro

Ein frøning var på Kongsbergmarknaden og hadde selt hesten sin, ein gild tråvar. Om kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde få seg losement til natta. Da kom det køyrande ein framandkar etter han. Han stana hesten og spurde om frøningen ville heimatt, så skulle han få køyre. «Akk nei, eg har nok lang veg heimatt eg, så det er nok ikkje tenkje på i kveld,» svara han.
Men framandkaren stod på sitt same, han, at frøningen kunde berre setje seg oppi, så skulle han få køyre radt heim.

«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime oppi Gudbrandsdalen,» svara frøningen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Dei underbuande: Steinen på Frylisetra

Kunne det vel ikkje ha vore? Bilde frå Marta Motrøen/Vegar Skar

Kunne det vel ikkje ha vore? Bilde frå Marta Motrøen/Vegar Skar

IVAR KLEIVEN: På Frylisetrene merkte budeiene ofte at det var noko som var omkring dei, men som dei ikkje såg. Dette usynlege gjorde dei ikkje noko vondt, men dei tykte det var otyleg, for dei kjende seg liksom så utrygge, helst når det lei på hausten, kveldane vart lange og mørke. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Dei underbuande: Felespel ved Furusjøen

fursjoen

Sett rauluva rang på hovudet! Bilde frå Furusjøen rundt.

IVAR KLEIVEN: Huldra hadde godhug til å halde seg på setrene innover mot Furusjøen og Rondane, og det var ikkje lenge mellom kvar gong budeiene merkte at ho var framme. Så var det ein kveld mosefolket kom ned frå fjellet. Da fekk dei høyre levande friskt felespel oppe på ei haug.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Musikk

Kvar fann han eigentleg Per Gynt?

Kva skapte Peer Gynt i hovudet på Henrik Ibsen? Segner frå Fron? Eller det Per Chr. Asbjørnsen fekk høyre i Sel og skreiv ned i Norske folke- og huldereventyr – som Ibsen las ivrig? Bli med på eit gildt møte på Øykjelykkjesetra i Fiskdalen og sjå kva du finn ut.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Teigekjerringa vart einøygd

«Denna gjorde som spratt tå, tok dei vare på, og ho skal vera på Teige den dag i dag.»

Ein gong langt atti tida vart ei jente på Teige i Kvam så søkkjande borte. Folk leita og leita, det vart ringt med kyrkjeklokkene au, men Teigejenta fanst ikkje og kom ikkje att, kor mykje dei leita og ringde. Så ein dag det lei på andre året etterpå, kom ein framandkar til gards og spurde mor hennar som burte var, om ho ville gjera så vel og sjå åt dottera si. Jau, det kan du veta mora ville, og vart med framandkaren så fort ho vart ferdig. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jordbruk, Kvinner

Vil du sjå trollkjerringane i bygda?

Jonsoknatta kan du teikne ein kritring på golvet og skrive Fadervår omkring. Og mumla noko frå Svartboka. Kl 12 kjem trollkjerringane med Stygga sjølv føre.

IVAR KLEIVEN: Dei som hadde hug til å sjå trollkjerringane i bygda, når dei Jonsoknatta hadde møte med Styggmannen sjølv i kyrkja, laut «setjast ne». Men denne nedsettinga var det berre få som forsto å gjera, og så måtte dei nok ha svartboka, skulle det lykkast. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru