GUNNAR LIEN: 19. mai 1960 braut det ut brann med kraftige eksplosjonar i ammunisjonslageret på Frya. Med all den fryktelege sprengkrafta som låg lagra der, var det berre eit under at heile grenda ikkje gjekk i lufta, og at ingen mista livet eller vart alvorleg skadde. Les meir
Tag Archives: ulykke
Tofte hotell brent ned igår kveld
Tyske soldater smurte ski med loddelampe
NTB og DAGNINGEN 18. desember 1940: Den store fløibygning brente ned til grunnen i løpet av 2 1/2 time. Alt innbo og eierens og tjenerskapets eiendeler gikk med. Brannen blev oppdaget ved 20-tiden i et værelse i nordre fløi hvor det tidligere på dagen var drevet med skismøring ved hjelp av loddelampe. Herfra bredte ilden seg med rivende hast til de øvrige deler av hotellet. Det var et hell at vinden ikke stod mot Toftegårdene, som ligger om lag 200 m fra hotellet, ellers kunde branden lett utviklet seg til en katastrofe. Les meir
Filed under Krig
Dokteren som var svart på fingrane
Nokre bitar frå legenda om Christian Grønning
GUNNAR LIEN: På ein plass opp for Tåkåstad budde det ein mann som heitte Lier. Han dreiv med tømmerhandel og hadde ei hushjelp som heitte Anne. Ein gong Anne var sjuk, vart det send bod på doktor Falck. Han var ei tid lege på Sør-Fron samstundes med doktor Christian Grønning. Falck undersøkte Anne og fann ut at det ikkje stod så bra til med henne. Da Falck skulle til å gå att, kom Lier etter han ut på trappa og spurde: «Men tror du virkelig at Anne er så syk at vi må få tak i Grønning?» Det var Falck sjølv som fortalde denne historia, han såg det komiske i det. Les meir
Filed under Biografiar, Menn
Domedag over Fron
IVAR KLEIVEN: Ulykkeshendingane på Fron i Storofsen i 1789 er for ein stor del vorte bortgløymt i dei mannsaldrane som er gått, og av dei som ennå har helde seg i minne, er det nok berre eit bleikt bilete ein kan gjera seg av den fæle naturulykka. Storflommen gjorde stor skade i Fron. Bygda mista 20 menneskjeliv, I Kvam heldt det på å forkomast eit menneskje; det låg ein plass som heitte Sletta i baksida midt for Kjørøm, og skredet tok både hus og jord, og ei 14 år gamal dotter, Tore Sletten, vart førd ut i Laugen, men ho hadde på eit eller anna vis helde seg opp til ho stana i ei bjørk ved Teigøya. Her hekk ho til far hennar, Tor Sletten, kom på ei flåte og redda ho. Ætta hennar er ennå til.
Filed under Jordbruk
Kongsvegen – ein slitsam ljoskastar
.jpg)
Litografisk reproduksjon av et maleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgitt i 1854.
IVAR KLEIVEN: Konsgvegen, almannavegen frå Oslo til Nidaros, var berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje før 1700 vart farade med hjulkopp. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, som til kvar tid førde med seg emne til framvekst både for åndsliv og næringsliv. Han var ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og ga dei høve til å få ein og annan gløtt av liv og framvokst ute i den store verda. På denne måten har denne kronglete almannavegen gjennom heile medelalderen gagna dalen mer enn nokon kan tenkje seg. Les meir
Filed under Kommunikasjon
Gammel espedøl funnet død i fjellet

Ola Paulsen: Dette kan vera Iver Karlsrud. (Gryttingslien). Hette det før han tok navnet Karlsrud. På dette bilde står det Anne Gryttingslien med sønn. Tatt 1898. Mor til Iver hette Anne. Bilde fra Maihaugen. Frå FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når…
En gammel mann fra Espedalen, føderådsmann Iver Karlsrud, tok 6. desember 1918 over fjellet til Fron, der han hadde et ærende å utrette. Forutsetningen var at han skulle være hjemme igjen i neste uke. Men da han ble borte lenger enn forutsatt, ble der telefonert til Fron etter ham. Her fikk man den beskjed at han hadde antydet å ville ta tilbakeveien om Fåberg og Lillehammer. Les meir
Filed under Biografiar
Ei nifs oppleving vinteren 1937
KNUT FOSSEHAGEN: Når vintervegen var kjørt over vatnet, vart han rekna som sikker. Men heilt trygg kunne ein ikkje vere. Det hende nemleg at at det kom vassåre i botnen av ei tjørn, og var vegen påkjørt rett over ei slik åre, kunne vatnet gå rundt og svekkje isen, slik at det vart varmehol. Spesielt på Øyangen var ikkje dette heilt uvanleg. Dette hende vinteren 1937: Les meir
Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring
Han gjøla henne fast på sleden
KNUT FOSSEHAGEN: Ein gong skulle eit eldre ektepar vere på Kristensetra utover seinhausten og vinteren. Det hadde kome ein god del snø, og det var svært så kaldt. Dei to budde på Kristofferhaugen, det vi i dag kallar Nørdre Ringstad. Kanskje var dei venta heimatt til bygds, så det vart sendt folk innover for å sjå korleis det stod til med dei. Les meir
Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring
Lynet tok henne
MORTHEN AUKE: Søsteren til min tippoldemor Ragnild Sundstuen, Thora, giftet seg med Erland Stenen fra Sør Fron (tror jeg). Hun ble bare 52 år gammel, fordi hun ble rammet av lynet da hun stod i døråpningen med sin lille baby i armen i 1885 på prærien i Pope, Minnesota. De tok bilde av henne da hun var død og resten av familien utenfor med den tomme stolen som et symbol på hennes død. Legg merke til skadene på huset etter lynnedslaget. På en amerikansk hjemmeside fant jeg litt historie som delvis er hentet fra familiens bibel og delvis fra familiefortellinger, etter det jeg skjønner:
Oldemor Johnson ble drept av lynet en søndag da hun åpnet døren for sin yngste sønn, Edward. Forferdelig storm, hagl, regn. Edward var 14, og etter at oldefar døde, bodde han hos bestefar og bestemor. Stakkars Edward, da han så blodet strømme ut av morens hode, fikk han sjokk og ingen kunne forstå hva han sa, og det var ikke før de kom til oldefar Erlands farm at de forsto hva som hadde hendt. (Ingen telefon på den tiden.) Tilfeldigvis var både oldemor og Edward alene hjemme. Det var også bestemor med barna Nettie og Ed, og jeg kan ikke huske om pappa var baby, eller om bestmor var gravid, men tjenestejenta ble hos barna mens bestemor tok Edward i hånden og gikk avgårde. Bestemor glemte aldri synet av oldemor som lå på gulvet i sitt eget blod. Det var et bilde av henne i en ramme på likkisten, jeg vet ikke hva som er skjedd med det, Jeg har ikke sett det siden vi dro fra bestfars farm før Emma og Florence ble født»….
Filed under Biografiar, Kvinner
Sju drukna i Hundorpsundet

Det hende at det gjekk gale
IVAR KLEIVEN: Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå land, før ho kvøldest og alle sju menneskja og to av øyka blei. Dei var fire tenestegutar, ei kjerring og to jenter som mista livet ved dette hende, og berre to av dei lykkast det å finne att. Dei andre fem stod det ikkje til å sokne opp att. Denne hendinga vekte djup medkjensle i heile Fron og var omtala i lang tid etter.
Filed under Kommunikasjon