Tag Archives: trolldom

Slå som ein kar og ikkje bit som ein hund!

Fron var eit midtstøe for trolldom

Tre trollkjerringer brent i Fron

Tre trollkjerringer brent i Fron

IVAR KLEIVEN: Framover til 1630 er det fleire trolldomssaker på Fron, og som på den tida vart straffa med brenning. Etter det professor Molkte Moe har funne ut, skulle Fron i dette leite vera eit midtstøe for trolldom og runekonster. I 1619-20 vart det brent 3 trollkjerringer i Fron, og om dette står det skrive såleis:

en huskvinde (inderst) Karen (Kari) Berge, hennes bo av årsag, at hun for trolddom blev rettet med ild og brand, beløper seg boet 4 daler 1 ort. Udi lige måde Barbro Amundsdatter for trolddomssag hedenrettet med ild og sverd, boet 3 1/2 daler 1 orrt. Udi lige måde Ingri Olufsdatter for trolddom rettet med ild og sverd.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Brukte Barbro trollkattsmør?

Ei sak frå Kvam 1681

NF.1960-0091

Trollkatt frå Gol på Norsk Folkemuseum. Fyll: Nauthår. Skall: Lær.

ARILD TEIGEN: I 1681 hadde soldaten Erik Klomstad vore i arbeid hos Hans Vik i Kvam, og her hadde det vorte komsumert ein del drikke. Etter arbeidet skulle Klomstad reise attende til avdelinga si på Lillehammer og vart utstyrt med niste av systera til Hans, Barbro Vik. Da begynte han å skulde henne for å ville forgifte han med trollkattsmør. Det var ingen spøk å bli skulda for trolldom på 1600-talet. Hadde Barbro vorte skulda for dette femti-seksti år tidlegare, kunne ho vore ille ute. I åra 1619 – 1621 veit vi at minst ni personar vart stilt for retten i Fron, skulda for å stå i ledetog med onde makter. Minst fire av dei var avretta. Fron var faktisk eit av kjerneområda for trolldomssaker i innlandet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner, Menn

Pass deg for om´ Tor Graupslåen!

Far hans vart ihelskote, og sjølv kunne han binde eller løyse Fanden

fanden

Fanden eller Tor Graupslåen? Otto Sindings teikning til eventyret Fanden i nøtta

IVAR KLEIVEN: Tor Graupslåen skulle vera av fantslekt. Far hans, Jakop, rakte som langfant i ymse bygder til han vart ihelskote på fjellet mellom Fron og Valdres. Når Jakop helt seg roleg i heimbygda, budde han i Graupslåen og bar seg støtt for at han var låk, gjorde seg kreksot og armodsleg. Kvar gong han var ute og rakte etter dei gamle Kviknevegane og møtte folk oppå høgste åsane, der dei heldt kvile, var det ille vore med han, og da letta det svært for Jakop dersom dei slog på han ein dram av lommeflaska. Øyket han Jakop for og rakte med etter vegane, var støtt velstelt og holdaug, så den gjorde han ikkje synd på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn