Tag Archives: transport

Geita var den store vegbyggjaren

Skåbuvegen har vore eit gnagsår til alle tider

Berre på turreste årstida er vegen nokolunde. Skåbuvegen 1919.

MARTINIUS HØGÅSEN 1928:  I Vinstradalen har vi eit gamalt, rettvist vegkrav. Her er reist krav om ombygjing og fleire vender, men so har det sovna til att. Bygdafolket kan ikkje lenger slå seg til ro med tilstanda som dei er. Vegen er til sine tider slik at det er reint fårlig å fara han, med utglidingar og ras om våren, kjøving og svell om vinteren. Bakkut er han til gangs. Vegdekket er kleint. Grøfter og stikkrenner finst ikkje eller er slike at dei helst vi gro att. Berre på turreste årstida er vegen nokolunde.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Gigg og trille

Då det tok fire timar frå Harpefoss opp på fjellet

012uMXcsff2v

Trille med plass til seks. Bilde frå Telemark museum

012uMXja4jJf

Gigg med plass til ein eller to. Bilde frå Telemark museum

EILIV ENGET: Ein snerten kjørdoning som vart nytta når berre ein eller to personar skulle ut på tur, var giggen. Lettbygd med smale hjul og ei fjørbelasta kasse, kunne han brukast etter dårlege fjellvegar. Men med stein i vegen og djupe far der hjula grov seg ned, var nok sjansane små for at dei som sat på, skulle sovne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Tyskerne fant den aldri

Motstandshytta i Ulbergsskårra

hiet

Hiet – ny heim for heimefronten

Høsten 1944 klarte tre menn, som var involvert i illegalt arbeid, å rømme unna en tysk razzia i Otta-Kvamsfjella. De tok seg over fjellet og kom ned til Sødorp, der de gjennom Ottar Morken fikk kontakt med Hans Skriubakken på vestsida av Harpefoss. De ga han dekknavnet «Johannes Åsen» og satte han inn i planene om å bygge ei lita hytta godt gjemt, der de kunne fortsette med sitt motstandsarbeid. Les meir

2 kommentarar

Filed under Krig

Førarhuset i bilen var soverom

rolstad

I 1947 hadde Erling Rolstad skrapa saman pengar nok til ein gammal lastebil. Det vart starten på ei stor entreprenørverksemd. Han var aktiv i firmaet heilt fram til juni 2012, da han gjekk bort nestan 89 år gammal. Bilde frå familie og heimeside.

HANS ODENRUD: Ti år gammal tok Erling Rolstad jobb som pelsdyrrøktar ved sida av skulegangen. Da han vart ferdig med folkeskulen, fekk han arbeid som gardskar og tømmerhoggar på Solbrå. Her vart han verandre i fire år. Erling arbeidde jamt og trutt, og han spinka og spara. Han hadde sett seg eit mål. I 1947, 24 år gammal, hadde han pengar nok til å kjøpe ein gammal lastebil av Trygve Wadahl. Frå nå av var han med i konkurransen om kjøreoppdrag, men det var ingen lett bransje den gongen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Gammel kriger ved veiens ende

Den første sivile eieren av denne lastebilen var Fefor Høyfjellshotell. De brukte den til varetransport og brøytebil frem til ca 1950/51. Her er et bilde som er fotografert i denne perioden. Bildet er utånt av Johannes Tungen. Fotograf ukjent.

Den første sivile eieren av denne lastebilen var Fefor Høyfjellshotell. De brukte den til varetransport og brøytebil frem til ca 1950/51.Bildet er utånt av Johannes Tungen. Fotograf ukjent.

FRÅ GÅMÅLT FRÅ QVAM: Da tyskerne kapitulerte i maidagene 1945, ble alt krigsmateriellet de hadde tatt med seg til Norge, konfiskert av de allierte. Mye av dette ble solgt på det sivile markedet for privat bruk. Det norske forsvaret foretrakk å benytte engelske eller amerikanske kjøretøy og kvittet seg derfor raskt med tyske kjøretøy, som istedet kunne gjøre nytte for seg i gjenoppbyggingen av landet etter krigen. Dette er historien om en gammel lastebil som kom til landet i fiendens tjeneste, men endte som nyttig redskap for gjenoppbyggingen av etterkrigstidens Norge. Dette var den første kranbilen til Kvam Mek. Verksted og derfor en del av dagliglivet på Kvam i starten av 50-tallet. Les meir.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon