Tag Archives: tog

Språkgeniet frå Storsteinurda

Rolf Uhlen voks opp hos bestemora og vart konduktør i NSB

Her, i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka voks språkgeniet Rolf Alfred Uhlen opp hos bestemora. Foto: Paul Henrik Hage.

Om vinteren på Laugen gjekk det hesterekkjer på isen. Dei skulle til Loholkvenna med korn. Når dei kom heim att, høyrdes det av og til ut som om ikkje alt brennevinet hadde gått åt møllaren, fortel Helge Stormorken i ein artikkel i Fronsbygdin 2007. Og så kjem det ei lita setning: «Det var noko brennevinsindustri langs vegen, og ein «kafeteria», der ein av Norges største språkgeni kom frå, Rolf Uhlen. Kanskje skriv eg meir om han seinare.» Men det gjorde han ikkje. Helge Stormorken døydde i 2019, 96 år gammal. Og dette språkgeniet som voks opp hos bestemora i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka, Rolf Uhlen, kven var han? Det vi veit, er at han vart fødd i 1910 og døydde i 1970. Paul Henrik Hage skriv litt om han på FB-sida si og har funne eit intervju med han i Dagbladet 22. mars 1947, og det seier mykje. Språkgeniet Rolf Uhlen vart konduktør i NSB!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Alt for tjukt med parafin

Frå Dombås til Hundorp i 1948 for å hoppe i Børebakken

Børebakken 2017, 69 år seinare. Bakkerekorden har Kim André Steine, 56,5 m iflg FB-sida til Sør-Fron IL I flg tradisjonen skal Børebakken fått namn etter ein svenske som dyrka opp området for Isum. Han kan ha heitt Børre.

OLA HOLEN: Den vinteren eg var 12 år, meldte idrettslaget på Dombås nokre av oss på hopprenn på Sør-Fron. Det var det lengste heimanfrå eg til da hadde vore på hopprenn, for det var tungvindt å koma så langt av garde den gongen som få hadde privatbil. Dessutan hadde idrettslaget dårleg råd. Men tidleg ein sundags morgon i midten av februar 1948 kleiv eg inn på finka på godstoget sørover med nypolerte hoppski og spenning i kroppen. Finka hadde eit lite kott med vindauge inni vogna, som elles berre var eit stort rom. Det vart varma opp med ein koksomn, slik at vogna kunne ha med seg såkalla varmegods. Denne dagen var det vi som var varmegodset.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett, Kommunikasjon

Hematt etter pinse

SS-HHL-15069

«Ungdommens transport fra Vinstra efter stevnet i Pinsen 1912» er tittelen frå Maihaugen på dette fotoet frå H. H. Lie. Eit fantastisk bilde. Sjå klesdrakta. Alle har noko på hovudet, også dei karane som reiser oppå ei vogn med plank. Det er sikkert plass til syklane og kjerra. Og det veks gras på perrongen.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk