Tag Archives: straff

Hundorpguten spelte seg frå spissrot

Han laga «Hundorpen», ein vakker, ekte dølamars

Dette var det som venta Hundorpguten. Spissrotgang, ein militær straff som Norge avskaffa i 1814 og Danmark i 1846

IVAR KLEIVEN: Mannstukta i militærtenesta var hard og rå før i tida, og spissrotstraffa, som jamnt vart brukt til omlag 1750, var så stygg og umenneskjeleg at ho kunne gjera folk mørkredde vidt omkring. Mang ein stakkar har sprongje spissrot på Breivegen dei halvtanna hundråret det var eksisplass der. Det har like til i seinarer tid gått eit sagn om ein frøning som hadde gjort noko gale i eksisen, så han vart dømt til å springe spissrot på Breivegen. Guten var nok god spelmann og var kanskje vellikt av offiserane ôg, men mannstukta lyt gå sin gang.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Mari måtte i gapestokken

Ho gjekk frå tenesta på ein gard i Kvam

Slik var det å stå i gapestokk.
Skjemt ut for livet i bygda. Bilde frå Alkunne.no

RAGNAR ØVRELID: I det gamle samfunnet var det vanleg at barn og ungdom måtte ut å tene. Storparten av tenarane var rekrutterte frå husmansstanden. Husmennene hadde ikkje råd til å ha barna sine heime. Når ein tok seg teneste, var det i regelen på eitt år, frå 14. april til 14. april. Det var straffbart å forlate tenesta si før det avtalte året – eller halvåret – var ute. Ei lov frå 1754 sa klart frå om det. Vi har ei sak frå Kvam, som viser korleis det kunne gå med ei jente som forlet tenesta si.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Kostbar sex

Bot eller gapestokk for kjønnsdrift på avvegar

the_rise_of_sexual_freedom_detail_from_the_bed_etching_engraving_and_drypoint_by_rembrandt_1646_-_at_the_british_museum

Straffen er streng! Rembrandt 1646

TORE FEVOLDEN: I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdaler, omlag ti årsløner, for å ha besovet Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han stå i gapestokken, truleg ikkje så langt frå hovudinngangen til kyrkja eit par søndagar etter kvarandre. Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Fronsbøndene slo hardt til

Jensbakken\Gjota fotografert frå området Galgehaugen sør-aust for elva Augla. Den mest kjende avrettinga her er frå 1695, da Marte Bø, sonen Torger Torgersson Bø og Anders Lunde vart avretta etter Huskelimordet. Dei var frå Ruste i Nord-Fron.

RAGNAR ØVRELID: I 736 stod Jens Hansen Bråten for retten på Kjorstad tingstue. Han hadde stole ein hest. Med denne hadde han ridd omkring i grannebygdene og fått med seg ei gryte, noko mjøl og ein del pengar. Sidan hadde han ein gong rømt frå fengselet. Lagrettemennene, skikkelege bønder frå Sylte, Grosberg, Opsal, Lo og Tårud dømde Jens

til galgen at miste sit liv, til velfortjent straf, og andre til afsky og eksempel.

Ei lov frå 1690 gav faktisk adgang til å bruke dødsstraff ved gjentatte tjuveri. Og fronsbøndene fann vel ut at dei ville slå hardt til for å statuere eit eksempel i dei oppløyste tidene i bygda, som nå fløymde over av tiggarar og andre lause og halvkriminelle eksistensar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar