Den dramatiske soga om Steiga-Tore

Steiga-Tore og Håkon Torefostre rir over Dovre. Måleri i Einbu-salen på Dale-Gudbrands gard.
IVAR KLEIVEN: Steiga-Tore var den mektigaste mannen som Gudbrandsdalen nokon gong har fostra. Om han ikkje synte fram dei beste sidene av folkelynnet til gudbrandsdølane, så lyt ein døme han etter tida som ho var, berre vel 70 år etter at kristendomen var komen til landet med tvang. Kor som er, var han ein hovding med ein vørnad og age, som rakk mykje vidare enn Gudbrandsdalen. Steiga-Tore var ein uroleg hause, sløg, grisk etter penning, men ein hovding som ruvde og hadde makt til å lede dølane dit han ville. Og døl var han tvers igjennom med eit breitt, fleipfullt ord på tunga om det såg aldri så mørkt ut.