Tag Archives: spelemann

-Ei debutplate det luktar svidd av

Fron historielag er med når brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron gir ut ei debutplate. Styret har vedteke å bidra med kr 5000 til prosjektet. På videoen over kan du høyre dei saman i godt driv på Øykjelykkjesetra 3. august i fjor. Brørne skriv: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Nye skot på gammal rot

Møt spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 20 år sidan

Sør-Fron spel NRKSlike program kjem nok NRK aldri til å lage meir. Året etter OL på Lillehammer gjorde NRK opptak som vart til to program om tradisjonsmusikken i Midt-Gudbrandsdalen. «Den har fra gammelt vært rik og blomstrende. For noen tiår siden var det like før tradisjonene ble borte, og alle krefter måtte settes inn for å redde en musikkarv. Programmet gir eksempler på folkemusikkaktiviteten i Fronsbygdene med fele, trekkspill, torader – i sang og dans.» Her er det andre programmet. På det første er lydsporet med kommentarane til Rasmus Stauri av ein eller annan grunn borte. (Klikk på bildet, så ser du programmet.)

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Frøningenes merkverdige skikker ved brylluper

brudefolge

Adolph Tidemand: Brudefølge gjennem skoven

HUGO FREDRIK HJORTHØY: Brudeparet geleides til sengs av svennene og kjøgemesteren, og etterat bruden er avkledt sin brudestas, synges en salme. Brudgommen tar kronen av bruden og setter en sort hue på henne, og bruden setter en mannshue på brudgommen, derpå synges tvende vers av en salme om ektestandens lykksalighet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Basen etter Pål Kluften på motorsykkel

Pål Kluften med fele. Basen hans fekk seg ein tur.

HARALD RUDI: Den gamle kontrabasen etter Pål Kluften var i bruk i ulike samanhengar. Instrumentet er stort – det er vanskeleg å handtere under transport og med skiftande temperaturar. Ved eit tilfelle gjekk det ikkje betre enn at det synte seg sprekk i ein sarg. Instrumentet tok til å skurre på visse tonar, og vart heller ubrukeleg. I heimbygda fanst mange flinke benksnikkarar, men det var knapt nokon som hadde ein kontrabas i verkstaden sin. Men gjennom ymse kontaktar inna spelmannsmiljøet fekk eg nyss om ein felemakar i Ottadalen. Han hadde godt ord på seg, og det han visste om godt felemakeri kunne koma til nytte i ein såra kontrabas. Etter å ha fått kontakt, kunne eg førebu med på å reise til han på Lalm. Men det var langt mellom bilane på femtitalet. Transporten vart eit problem. Men etter ei tid vart det ei  løysing.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Guten som spelte seg frå spissrot

spissrot

Spissrotgang i eksishus i København, ein militær straff som Norge avskaffa i 1814 og Danmark i 1846. Tromminga skulle overdøyve skrika til offeret. Teikning: Peter Klæstrup (1820–1882).

IVAR KLEIVEN: Mannstukta i militærtenesta var hard og rå før i tida, og spissrotstraffa, som jamnt vart brukt til omlag 1750, var så stygg og umenneskjeleg at ho kunne gjera folk mørkredde vidt omkring. Mang ein stakkar har sprongje spissrot på Breivegen dei halvtanna hundråret det var eksisplass der. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Spelmannen Arne Risdal til minne

Arne Risdal

Arne Risdal

ROGER SLÅSTUEN OG RASMUS STAURI: Arne Risdal døydde på Sundheim 31. mars, vel 92 år gamal. Han var spelmannsnestoren i Midt-Gudbrandsdalen, og folkemusikkmiljøet i Gudbrandsdalen har med Arne Risdals bortgang mista ein sentral person. Han var aktiv på så mange område for å ta vare på og føre vidare kultur- og musikkarven i dalen. Han brukte fela fram til dei siste åra, og interessa for og gleda over all musikk og kunst hadde han fram til siste dag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Minne om ein stor trekkspelar

img6427

Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester vann NM i gammaldans i 1984. Frå venstre: Konrad Havn (kontrabass), Pål Karlsrud (trekkspel), Ivar Nermoen (trekkspel), Hans Bergum (gitar), Øystein Rudi (fele) og Erik Bjørke (fele). Signe Morken står med pokalen og held tale til vinnarane.

OLE CHR. RISDAL: I romjula 2014 gjekk det bort ein markant skikkelse innan gammaldansmiljøet i Gudbrandsdalen. Ivar Nermoen var ein fantastisk trekkspelar som var med i fleire grupper. Dei fleste hugsar han kanskje best frå Karlsrud og Nermoens Gåmmaldansorkester, som også vann NM i 1984. Heilt til det siste var han fast inventar i Fron Trekkspillklubb. Elles var han med i Helge Hysjuliens gammaldansorkester. Dei deltok i «Kappspel», ein konkurranse i gammaldansmusikk som NRK produserte i 1996. Nermoen budde på Vinstra, men var eigentleg frå Ringebu.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Minnesmerke i Fron: Kluften-støtta

kluftenstc3b8tte-avduking

Forfattaren Johan Bojer held tale ved avdukinga i 1943.

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff på Vinstra utført av Dyre Vaa i bronse på stein til minne om Pål Kluften (1888-1942), forfattar, musikar med meir. Avduka 22. august 1943 av Johan Bojer, som var både pådrivar for ei nemnd og avduka støtta. På grunn av utvidinga av Nedregate vart støtta teke ned og sett opp att på sørsida av kommunehuset. Det var ei markering i august 2002, der Arnfinn Engen heldt tale, det var kunstnarlege innslag, og det vart sagt fram helsingar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Torger Iverstugun – ein samansett kar

 

OLE CHR. RISDAL: Etter  andre verdskrigen var trekkspelet eit dominerande instrument i dansemusikken i bygdene våre, og fela vart kanskje ikkje halden så høgt. Ein gong Torger Iverstugun gjekk gjennom Vinstra sentrum med fela under armen, var det  nokre ungdomar som gjorde narr fordi han hadde fele. Da var Torger ikkje sein om å stoppe kjeften på slynglane: «Døkk e så domme døkk at ha domhæta vore «n sjukdom, som ha ti live tå folk, så ha døkk voré daue for leinjé sea». Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. I 2008 vart det avduka ein bauta av han i Skåbu. På videoen ser du avdukinga.  Her kan du høyre han sjølv spele.  Denne artikkelen med mange gode historier fortel litt om kven han var og stod for.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Men pardans var ikkje tillate

Nr. 85 Det gamle Ruste bygdahus.

Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme hadde nok fått for mykje innabords. Dermed vart det krangel og slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar som våpen. Lensmannen hadde vore tilkalla for å roe ned gemytta. Men det var sjeldan det gjekk så hardt føre seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Musikk