Tag Archives: sorg

Annie Balchen – ei fjelldronning

Annie Balchen i 1976

Annie Balchen i 1976

CARL HENRIK GRØNDAHL: Vinternatt utpå nyåret 1980. To unggutar står ute på Prestegardstunet. Da ser dei det. Sterkt, flakkande lysskjær over Tofte. Brann, tenkjer dei vel og kjem seg opp Nordre Lia. Det er Hyggen som brenn, det vesle huset til Annie Balchen. Ho blir funne i snøen, har kome seg ut med brannsår i svidd nattkjole. Hunden Vicki og katta tok seg inn att i elden og vart borte. På sjukehuset i Lillehammer søkk ho ned i ei verd som berre er hennar og kjenner ikkje att dei som kjem for å sjå til henne. Året etter døyr ho, 77 år gamal. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Domedag over Fron

Storofsen2(1)

Storofsen i Gudbrandsdalen. Teikning: Reidar Fritzvold, Norsk Skogmuseum

IVAR KLEIVEN: Ulykkeshendingane på Fron i Storofsen i 1789 er for ein stor del vorte bortgløymt i dei mannsaldrane som er gått, og av dei som ennå har helde seg i minne, er det nok berre eit bleikt bilete ein kan gjera seg av den fæle naturulykka. Storflommen gjorde stor skade i Fron. Bygda mista 20 menneskjeliv,  I Kvam heldt det på å forkomast eit menneskje; det låg ein plass som heitte Sletta i baksida midt for Kjørøm, og skredet tok både hus og jord, og ei 14 år gamal dotter, Tore Sletten, vart førd ut i Laugen, men ho hadde på eit eller anna vis helde seg opp til ho stana i ei bjørk ved Teigøya. Her hekk ho til far hennar, Tor Sletten, kom på ei flåte og redda ho. Ætta hennar er ennå til.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Jordbruk

Sju drukna i Hundorpsundet

Det hende at det gjekk gale

IVAR KLEIVEN: Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå land, før ho kvøldest og alle sju menneskja og to av øyka blei. Dei var fire tenestegutar, ei kjerring og to jenter som mista livet ved dette hende, og berre to av dei lykkast det å finne att. Dei andre fem stod det ikkje til å sokne opp att. Denne hendinga vekte djup medkjensle i heile Fron og var omtala i lang tid etter.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon