Tag Archives: soldat

Kvardagen etter kampane

nr-169-januar-2001RAGNAR ØVRELID: Det var vonde tider i Fron i slutten av april og utover i mai 1940. Tyske soldatar slo seg ned på gardar  og opne stader med alt utstyret sitt og fyrte og kokte så uforsiktig på feltkjøkkena sine nær husvegger at folk vart livredde. Over heile Fron var tyskarar på jakt etter britiske solatar, som hadde stukke seg vekk etter kampane. Folk høyrde stadig skyting. Truslane var klare: Folk som hjelpte engelske eller norske rømlingar, ville bli stilte for krigsrett. Folk måtte halde seg inne mellom kl 23 og 5 om morgonen. Og rykta gjekk om hard tysk framferd mot sivile i andre bygder. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon

Kampane i Kvam dramatisert

kvamkampAutentiske filmklipp og dramatiserte sekvensar frå kampane i Kvam i april 1940 i 2. del av serien «Alliert og alene» på NRK.  Du kan sjå serien på nettet fram til 15. april.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon

Minnesmerke i Fron: Sinklar-støtta

sinclairRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Etter slaget i Kringom i 1612 vart oberst Georg Sinclair drepen i striden. Han vart ført til Kvam og gravlagd ved kyrkja, som den gong stod lenger sør enn i dag, ved Vik gard. Det har vore sagt at grava vart lagd utanfor kyrkjegarden, da bøndene ikkje ville at ein fiende skulle liggje i vigd jord. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Minnesmerke i Fron: Hillingen 26.4.1940

Minnesmerket over dei tre nordmennene som mista livet på Hillingen den 26. april 1940. Dei vart skotne ved den nå falleferdige løa i bakgrunnen. Foto: Per Fredriksen.

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer Kristian Hosar. Foto: Ukjend

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: På føremiddagen den 26. april 1940 nådde ei tysk kampgruppe fram til heimsetra Hillingen. Etter ein hektisk strid ved ein låve nederst i kvea, fall desse norske soldatane: Gardbrukar og lagførar Mikal O. Mølmen, f. 1913 frå Lesja. Skogoppsynsmann og korporal Torolv Weibye Bjørnsgaard, f 1903 frå Lillehammer. Student og meinig Harry Gether Rønning, f. 1920 frå Oslo. Det er sett opp like minneplater både på Hillingen og ved Krigsminnesamlinga på Kvam i 1995. Gudbrandsdal Forsvarsforening i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling stod bak tiltaket. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

Krigsveteranane kjem heim

Dynekilen

Om Tordenskiold hadde med seg frøningar i slaget ved Dynekilen i 1716, veit vi ikkje. Heller ikkje om det var frøningar med på Fredriksten i 1718, da Karl den 12. vart skoten. Men usannsynleg er det ikkje. Foto: Arnstein Rønning.

RAGNAR ØVRELID: I heile 11 år var Noreg i krig med Sverige, frå 1709 til 1720. Vi veit ikkje kor mange frøningar som var utkommanderte i denne krigen. Men mange var det, og lenge låg dei ute. Tenestetida på 1700-talet var normalt 10 år. Det utvikla seg ein soldatstand i bygdene her, som merkte seg ut på mange vis. Etter fem og ti år i felten hadde dei vanskar med å tilpasse seg kvardagen. Dei orka ikkje arbeide, dei tigga, plyndra og fôr med all slags uskikk, dei hadde hestar og gevær, flokkevis streifa dei ikring i og utanom bygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Vart det bråk, skulle dei slå med spaden

Dei fleste ungdomane som vart innkalla til arbeidsteneste, møtte fram, også etter at organisasjonen var overteken av NS. Dei fleste såg det ikkje som unasjonalt å delta.. Foto: Sverre J. Hovden. Bilde frå Signe Reidun Graffer/Vegar Skar

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu. Han har tatt desse bilda frå denne tida. Nokon interesserte som vil undersøke dette og skrive ein artikkel i Fronsbygdin? Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Ingen krok i helvete kan vere meir illeluktande

brei

I 160 år var dette eksisplass. Det kom mange klager frå prest og medhjelparar over alle former for usedeleg liv.

RAGNAR  ØVRELID: Ein soldat slengde kona si utfor Harpebrua

for at omkommes i den brusende fos. Mens hun låg nede på en liden flek på bredden av elven, fik hun fat på nogle grene og kviste som vokste på berget, og dermed kravrede seg uskadet op. Soldaten måtte derfor løbe spidsrot i to dage.

Deretter levde dei to vel i hop . Det fortel Gudbrandsdalsfuten Prahm i 1773  frå eksisplasssen Breivegen.  Eksisplassen kom til å prege bygdelivet på mange vis, både sosialt og praktisk, i dei 160 åra mønstringsplassen var i bruk, frå 1705 til 1869. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Husmannsguten som berga Veikle

Vegen til Veikle gjekk via Napoleon: «Han ruvde lite da han gjekk av skipet, men da han kom på hesteryggen, tok han seg røsleg ut.»

IVAR KLEIVEN: Knut Veikle var ein husmannsgut frå ein plass under Kjørøm som heitte Gamelsletta. Da han nådde soldatåra, var han ein kar som heldt sine 3 alner på høgd, framifrå velvaksen og ein utskjølt staut og vakker ungdom, og derfor vart han skrive til «livgarden» tilfots i København og stod ved ho ei tid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Menn

Eliten i Fron

Storbøndene bygde seg staseleg kyrkje i Fron , men bygger ikke lenger vegar.  Foto: nrk.no

RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne og på solsida i Kvam. Oppsitjarane på dei store gardane vart toneangivande. Rikdom på avling, husdyr og pengar gav dei ei trygg kjensle av å stå på toppen av bygdesamfunnet. Og dei hadde også ein lang tradisjon å stå på. Dei kom gjerne frå gardar som var store og mektige heilt tilbake til mellomalderen. Dei står å lese om hos Snorre. Tradisjonane gav dei høg status. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

1814: Tok hovudet av ein svensk løytnant

lierslag1808

Kvar er Eilev Olsson Moen frå Skåbu? Teikning: Andreas Bloch.

IVAR KLEIVEN: Endeleg nådde vi året 1814, og siste ufredskula med dei gamle grannane våre attafor kjølen braut laus. Alt var som å stire inn i svarte vonløysa: ein mannsterk fiende med stormaktene bak seg, mens i Noreg var det uår, matløyse og eit øydelagd penningstell. Men folket ga ikke opp, og soldatane slost som karar i fillene sine, ofte med kost av heil havre og turrfisk. Eilev Olsson Moen frå Skåbu var med ved Toverud den 19. april 1808. Han reide seg fælt til i slaget med lort og blod og såg fæl ut da han om  morgonen råka på Pål Sjurhuset, ein av sambygdingane som ikkje vart med i slaget: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn