Tag Archives: slekt

Hans H. Lie hadde fem søsken, noen som vet?

H.H.Lie med familie. 12.06.1910. Fotograf Hans H. Lie ble født på garden Liodden i Hallingdal 27. mars 1867. Hans var den femte i rekken av seks barn. I midten av 1880-åra dro han til Kristiania, og kom i lære hos fotograf John Lund. Etter endt læretid, reiste Lie hjem til Hallingdal for å praktisere sitt nye yrke, men dro raskt videre til Volbu i Valdres – trolig for å fotografere det store hotellbygget som Sigurd Jørstad da var i ferd med å reise. Lie giftet seg etter hvert med datteren til Jørstad, og i 1896 flyttet de til Vinstra i Gudbrandsdalen. Hans H. Lie døde i 1918. Tekst og foto: Digitalt museum

MARIT HOLM: Hei! Dette er kanskje som å søke etter nål i en høystakk, men jeg er slektning av Hans H. Lie (hans tipp-oldebarn) og leter etter info og navn om Hans sine søsken? Har prøvd å finne hans etterkommere, men det er jammen ikke lett, er det noe hjelp å få her? Evt navn på noen som vet noe? Setter pris på svar uansett! Takk 🙂

10 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Kven trur du at du er?

j5-DCji3hsXCe9U01U1W9gcItLNbD0BxBns7nswm9ocw

Odd Nordstoga leita etter slekt og lagnadar på NRK. Du kan gjere det i Fron historielag. Foto: monster.no

Dei leita etter lagnadar og hendingar i slekta. Kva er det som er skjult? Ikkje fortalt? Kva er det spennande å hente fram? I programserien på NRK var kjentfolk i sving. Men vi har alle ei slekt der historie og levekår har forma og sett spor. Har du lyst til å gå på jakt og lage ditt eige Kven trur du at du er?  Bli med på videokonkurransen til historielaget. Førstepremien er kr 5000. Frist: Laurdag 26. september 2015.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Slektsgransking – eit emne utan ende

rkjorstadRAGNHILD KJORSTAD: Lykke til alle som er, eller vil få hug til å kalle seg slektsgranskarar. «Oss e tå samå folkje», sa dei gamle. Einsleg born som eg var, gjorde nok sitt til at eg rekna skyldskapen min lenger utover enn mange i mi tid. Hugsar at eg skreiv liste over tremenningane mine, nestsyskenborn er eit anna ord for det. Syskenborn var og er mest som sysken for meg den dag i dag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn

Fanefunn vart video

«Ein dag i 2006 fann eg ei gammal fane. Det var fana til ”Totalafholdsforeningen Mjølner, Søthorp” fortel Vemund Hagen. Og så laga han ein video om funnet. Så enkelt og bra kan det ôg gjerast: Meld deg på videokonkurransen til historielaget! Du kan vinne 5000 kr. Frist laurdag 25. september.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Kva folk veit!

Sør-Fron kyrkje i 1847.

Eit framifrå døme på kor bra ei Facebook-side kan fungere til å få fram lokalhistoriske fakta. Og kor mykje lokalkunnskap det finst hos folk. Kåre Hosar la ut denne teikninga på Du væt du e frå Sør-Fron når... og denne kunnskapsutvekslinga følgde: Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Var Per Gynt svensk?

pgbarestokk

Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Slektsbøker i Fron

slektsbøkerDet er skrive mange og gode slektsbøker i Fron. Her på heimesida til Fron historielag bør det vera oversikt over dei. Hjelp oss, så denne lista blir så fullstendig som mogleg. Send bilde av framsida og kort samandrag av boka samt om og kor ho er å få tak i – til carl.grondahl at gmail.com. Så langt er fire bøker presenterte.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur, Menn

Om Breiveg-slekta

BredeveienbokWENCHE BREDEVEIEN: Interesse for slekt har eg nok arva etter bessmor. Eg har samla slektsopplysninger i mange år, og etter eg vart førtidspensjonist, aksellerte interessa og disponibel tid, og dette arbeidet resulterte i  SLEKTERS GANG, Breiveg-slekta frå Sør-Fron. Og nå er boka ferdig. Slektsboka fortel om slekta mi, og kanskje di?, som i første omgang fekk seg ein husmannsplass å bu og livnære seg på nedpå Breivegen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Nokre reiste frå vonløysa og skamma

img443 Fra Canada

Alt var litt større i det eventyrlege landet på hi side av havet. (Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar)

EINAR HOVDHAUGEN: Utvandring til Amerika letta folkepresset i bygdasamfunnet. Ein del sveltihelplassar blir nedlagde. Det blir ledige husmannsplassar for dei mange som før hadde hatt vanskeleg for å skaffe seg ein plass. Inderstklassa blir etter hvert sterkt redusert. Utvandrarstrømmen er sterkt dominert av småkårsfolket i bygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Ostebua som ble skole

fagerhøybokaomslCARL HENRIK GRØNDAHL: Sjølsagt var det galskap å bygge hotell oppå snaufjellet. Fire timer med hest og kjerre etter å ha blitt rodd over Lågen ved Hundorp. Men de nærmet seg femti, disse karene, var fulle av kraft og tro på framtida og så at jernbanen krøp seg nordover. Nervøse og muskelsvake byfolk var i ferd med å oppdage den helsebringende fjellufta. Kanskje satt de over et glass punsj på Aulestad, Knud Bay på Forr og Bjørnstjerne Bjørnson. Kanskje var det slik det foregikk:  -Da er vi enige, du bygger sanatorium på din seter, sa Bjørnson. -Storhaugen sanatorium! sa Knud Bay. -Nja, sa Bjørnson og hevet glasset. -Det må jeg tenke på. Skål! Han tenkte i 10 år og kom tilbake: -Storhaugen er for slapt. Fagerhøi skal det hete! Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Setring, Verksemder