
Tag Archives: ski
Dette hadde vore eit bra påskeskirenn!

Filed under Idrett
Draumen som aldri vart
Kva om dei framsynte hadde fått til eit skisenter på Vinstra?

Det kunne ha vore bygd på Vinstra 20 år tidlegare. Foto: Kvitfjell Ski Resort
JOHS. MYHREN I BLADET FRONSBYGDIN 3/1970: I det internasjonale skisentret på Vinstra er det planlagt å bygge ein stolheis med utgangspunkt i Sorperoa. Startpunktet vil ligge på 340 m og endepunktet blir på 805 m, ein høgdeskilnad på 470 m og lengda blir 1200 m. Terrenget her er noko ulendt og bratt, men skulle likevel høve godt for ein dobbelt stolheis. Høgde over bakken vil neppe bli meir enn 10 m. Les meir
Filed under Idrett
Tysk spion som forberedte felttoget?
Sigurd Sande i Sikkilsdalen fulgte ham rundt i 1939
DØLEN 6.4.1970: Sigurd Sande blir 80 år i dag, han er født og oppvokst i Sikkilsdalen, og alt som guttunge tok han turer både til Memurubu og Gjendebu. Da han kom i skolealderen, måtte han vinterstid være ned i Skåbu, men om våren bar det til fjells igjen. Han ble etterhvert mye benyttet som turistfører både på ski og til fots. Det kom godt med at Sigurd kunne gjøre seg forstått både på engelsk og tysk. Lengste turen Sigurd kan huske å ha vært med på, var sommeren 1939. Da fulgte han en tysker fra Sikkilsdalen til Bessheim, over Randsverk til Høvringen, videre til Rondablikk og sørover fjellet til Hundorp. Derfra tok de toget til Vinstra, reiste opp til Fefor og gikk til Skeikampen og videre sørover Gausdalsfjellet til de kom ned ved Tretten stasjon.
Les meirFiled under Biografiar, Jakt og fiske, Kommunikasjon, Krig, Menn
Johan Sørensen og kongedømet hans
Ein pioner som bygde Lauvåsen og fekk folk til fjells vinterstid
CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan lære mangt av Johan Sørensen si historie i Fron. For det første at dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet. I dag hadde Johan Sørensen fått seg inhalator og kortison mot astmaen sin og blitt buande i Bærum. Han ville vel reist til Gålå berre for å sjå Peer Gynt. For 125 år sidan fanst ikkje slike medisinar, og da Johan Sørensen kom til Gålå som 50-åring i 1880, tungt plaga av pustevanskar, kvikna han til. Han hadde vore på leiting rundt i Europa, i Pyrineane, i Brennerpasset, i Innsbruck, i Tyrol. ”Efter en syv maaneders jagt helt ned til Egypten for at finde helsebodens klima, kom jeg mig mere død end levende hjem til Norge, – og levnede op igjen på Toftesæter-kjølen.” Her kunne han leve betre med sjukdomen, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han seg eit kongedøme i Sør-Fron. Les meir
Filed under Biografiar, Menn, Verksemder
Alt for tjukt med parafin
Frå Dombås til Hundorp i 1948 for å hoppe i Børebakken

OLA HOLEN: Den vinteren eg var 12 år, meldte idrettslaget på Dombås nokre av oss på hopprenn på Sør-Fron. Det var det lengste heimanfrå eg til da hadde vore på hopprenn, for det var tungvindt å koma så langt av garde den gongen som få hadde privatbil. Dessutan hadde idrettslaget dårleg råd. Men tidleg ein sundags morgon i midten av februar 1948 kleiv eg inn på finka på godstoget sørover med nypolerte hoppski og spenning i kroppen. Finka hadde eit lite kott med vindauge inni vogna, som elles berre var eit stort rom. Det vart varma opp med ein koksomn, slik at vogna kunne ha med seg såkalla varmegods. Denne dagen var det vi som var varmegodset.
Les meirFiled under Idrett, Kommunikasjon
Skapande evner i skileiken
Trond Halle fortel om den gongen ungane ordna opp sjølv

«På 1950-talet var det guteklubbar i nesten kvar ein liten repp på Harpefoss. Desse arrangerte skirenn. I reppen der eg voks opp ved Harpefoss skule, var det også mykje skileik da eg var gutunge på 60-talet. Vi laga ein liten hoppbakke og ei langrensløype på Nordgardsjordet (Nordgard Skurdal.) Det å gå opp langrennsløypa, lage i stand hoppbakken, og gjere dei andre førebuingane til rennet var minst like artig som å delta. Eg trur det var sunt for oss å drive på eige hand. Kanskje utvikla vi våre skapande evner betre på denne måten? Eg meiner kanskje det er vel mye tilretteleiing i dag. Ungane blir kanskje fråteke gleda ved å skape noko sjølve.» Skriv Trond Halle i Fronsbygdin 2020, ein artikkel redaksjonen fekk før han døde 7. 10. i år. Eit artig glimt inn i ei tid da det var hoppbakkar på kvart eit jorde. Skaff deg boka. 🙂
Filed under Biografiar, Idrett, Menn
På Harley Davidson til Prinsehytta
Ei lita forteljing om dei kongelege i Sikkilsdalen
KRISTIAN HOSAR: I 1924 vart kronprins Olav myndig, og han fekk hytta i Sikkilsdalen i gåve av dei svenske prinsane. «En stor overraskelse for meg. Jeg ble virkelig svært glad,» sa han. Det går mange forteljingar om det fyrste besøket kronprins Olav hadde på hytta. Denne versjonen har eg frå den legendariske verten på Kampesæter i Skåbu, Ola T. Kampesæter, eller O.T. som han vart kalla: Les meir
Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn
Danse tett saman på Dalseter
Det nærmar seg ei påske som ikkje blir påske. Da kan det kanskje gjere godt med eit minne frå den gong påske verkeleg var påske. I 1960 var Filmavisen på Dalseter i lag med folk som køyrde heis, gjekk på ski, åt og drakk og dansa tett saman. Klikk her og gå til innslag nr 7, Påskereportasje, så er du med.
Filed under Kommunikasjon
Toogenhalv mil med hoppski på nakken
En historie fra lenge før foreldre kjørte unger til skirenn

Jakob Brenden er det ikke, men det var vel slik de så ut, de spreke karene på 1930-tallet? Dette er John Sandbakken, f 1901 på Vinstra. Foto fra Vegar Skar.
JAKOB BRENDEN: Først på 1930-tallet var hovedkretsens konkurranse i langrenn og hopp lagt til området ved Fefor Høyfjellshotell. Lesjingene var best i Gudbrandsdalen, men også Skåbu hadde utøvere som hevdet seg bra på kretsplan og sendte fire mann, Adolf Solberg og jeg var juniorer. Kombinert med langrenn lørdag og hopp søndag. Det var mørkt om morgenen da vi gikk på ski fra Skåbu med hoppskiene på nakken for å delta i langrennet samme dag. Vi kom fram knapt en time for rennet skulle starte, var dyktig slitne etter toogenhalv mil i ubrøytet løype, og det ble ikke mye tid til å smøre ski. Les meir
Filed under Biografiar, Idrett, Menn, Uncategorized