Tag Archives: skatt

Denna ferbainna skatten

Kæin itte storingæin leva tå blann?

PAUL HENRIK HAGE: Dette er ei gammal, samfunnskritisk vise sungen av Maria Lykkjom i eit opptak frå 1954. Eg har skrive ned teksta slik det høyrest ut for meg. Har du kommentarar eller forslag til endring, vil eg gjerne høyre det. Maria Lykkjom likte å syngje gamle viser, og ho kunne tallause utanåt. Ho var bestemor mi og vart født på Skinnehaugen i Ruste 1. mai 1874. Ho døydde på Lykkjom i Sødorp 2. juni 1969, 95 år gammal. I 1954 gjorde Johannes Kolås som var lærar på Sødorp folkeskule, eit opptak der ho fortalde frå livet sitt og song nokre viser. Her er ei med tekst på fronsmål av ukjend opphav. Er det nokon som veit meir om denne visa? Her er teksten: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Musikk

Meir skatt for dei flinke

høykjør1930

Høykjøring på Bjørka ca 1930. Skjønnslikna? Foto: Bersvein Bjørke

RAGNAR ØVRELID: Til 1953 kunne gardbrukarane velje om dei ville skatta etter rekneskap eller om dei ville la seg skjønnslikne. Dei fleste valde skjønnslikning. Det var helst dei større gardane som leverte rekneskap. Det var sjølvsagt mykje misnøye med denne likningsmåten. Kvart år kom det inn bunkar med skatteklager til kommunen. Vi gjengir eit klageskriv her med alle menneskelege undertonar (namna er endra): Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk