Tag Archives: Skåbu

-Ingenstann va de så fritt som på Hamrom

Men sør-frøningane freista på å få ut han Ola og huslyden hans

hamrom

Bilete frå 2004 viser eksakt kor Hamrom låg. Her er det berre hustufter og ope terreng som vitnar om slit og armod i svunne tider. Olstappen i bakgrunnen. Bruket vart fråfløtt på 1950-talet, og etter ein bytehandel med allmenningen i 1955 rydda etterkommarane på Hamrom seg nytt bruk ved sida av RV 255, ikkje langt frå Ruten fjellstue.

TORGER T. RISDAL/OLE CHR. RISDAL: Hamrom, som låg innunder Eldbjørgshaugen i Skåbu, vart rydda svært tidleg. Den fyrste rydningsmannen her var Ola Kampesæter, eller Sæteren, som var mest brukt i dagleg tale. Han Ola og ho Ragnhild vart buande på Hamrom all sin dag. Men han Ola døydde på ein stusseleg måte, og det gjekk slik til: Han hadde vore i Skåbu etter jordeple (poteter) ein dag noko seint på hausten, og det var mørkt da han rodde inn i båtdraget sitt. På vegen opp til Hamrom i tett skog hadde han nok forvilla seg, og kome bort frå vegen. Han hadde kome for langt nord, der det er eit fleire meter høgt svaberg. Der hadde han gått seg utfor i mørke, og dei fann han død nedunder berget dagen etter.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn, Verksemder

-Dæ e frå Gausdal alle nye mote kjøm

Ord som lever etter´n Lars Dalshaugen

vengjemaur

-Eg tenkjer meir medan eg søv hell du medan du er vakjin, din vengjermaur. Og vengjemaurnamnet festa seg ved han for levetida. Foto: skogoglandskap.no

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen frå Skåbu var ein godkar, og det hende nok at han kom i krangel og gjorde ein slåstkule, men han sto ikkje etter å slåst. I eksesisen var det ein løytnant i Kvam som var så utgjordt på å dragast med soldatane, han skjønte dei var godkarar og han ga seg ikkje før han fekk prøve seg på Lars Dalshaugen. Denne løytnanten heitte Leth, og Lars tok han som ein halmsekk og kasta han borti ein lortdam:

Har´e bennande dø! – Kå lett du va!

sa´n Lars. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen

R.Fot_.36793w

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Noko bilde av hans finst sjølvsagt ikkje. Vi får ta til takke med denne bjørneveidaren frå Hoem bygdalag og sjå for oss ein grovsleg kar som vart rekna for stygg.

IVAR KLEIVEN: Ellev Moen var ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar. Han var en grovslig kar og rekna for stygg. Attåt var han både kleis og leisp. Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen. Far til ho som var kjerringa hans, tykte det tok overhand at ho Kjersti ville ha så stygg ein kropp. Ja, ho Kjersti kunne ikkje nekte for at han Ellev såg ut som ein bjønn. Bjønn? sa faren. Bjønn er vakker, han, imot han Ellev. Men ho Kjersti ville nå ha han Ellev likevel, og ho fekk viljen sin. «Nå har du vunne seier, Ellev!» sa ho Kjersti da dei kom ut av kyrkja og var vigde. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn

Skulestova har vore ein fin arbeidsplass!

«På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. «

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Det første møtet med Fron vart heller dramatisk. Ettersom kona mi, Else, var bunden opp av ein lærarpost på Vestlandet, kom eg åleine til Vinstra stasjon ein regnversdag i midten av oktober hausten 1945. På stasjonen fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppe på taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Grublestad i Skåbu

Patrick Huse fekk Nord-Frons kulturpris for 2014. Møt han i dette innslaget frå TVØst.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Historier om tømmerfløytarane i Skåbu

fløytarar

Arbeidarane i tømmerdrifta i Skåbu utvikla eit godt samarbeid og kameratskap, men likevel kunne det oppstå gnisningar, særleg mellom bygdefolk og utabygds arbeidarar. Bilde frå verdalsbilder.no

OLE CHR. RISDAL:  Sjølv om situasjonen for arbeidarane kunne vere temmeleg ekstrem, førte tømmerdrifta i Skåbu med seg ein del artige episodar, og var med på å forme eit bygdeliv både på godt og vondt. Arbeidarane vart svært motstandsdyktige. Under fløytinga måtte dei ofte uti det iskalde vårvatnet, og dei kummerlege koiene gjorde heller ikkje situasjonen betre. Ofte var desse så dårlege at det ikkje var råd å tørke arbeidskleda. Johannes Rønningen frå Ringebu skildra forholda i desse koiene. Ein morgon vakna han av at håret hans hadde festa seg av frost på hovudputa. Liggjande fekk han tak i kaffikjelen, som enno var varm, og fekk såleis tint opp att isen. Forholda midt på vinteren kunne vere så ekstreme at arbeidarane gledde seg til å setje i gang att arbeidet om morgonen, for på den måten å få att kroppsvarmen.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

41 måleri

Sigmund Hernæs. Foto: Arne Hernæs

41 måleri av nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda, ei fantastisk gåve til bygdahuset i Skåbu frå Sigmund Hernæs, er nå samla på ei side her på denne bloggen til Fron historielag. Med gardsnamn og noko historikk. Du finn ôg sida nede til høgre – under Einbu-samlinga.

 

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Historier frå mjølkerampa

mjølkerampeFRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: «Eg saknar mjølkerampa.» Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja korleis eg har opplevd rampa og livet som fylgde med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Dei ti siste Hernæs-måleria

OLE CHR. RISDAL: På veggane i bygdahuset i Skåbu heng det 40 måleri av gardar i Skåbu og Tverrbygda, i tillegg til nokre bilete av den flotte naturen i og rundt Skåbu. Ei fantastisk gåve frå Sigmund Hernæs! Han var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar  han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. På denne sida har vi lagt ut 31 av måleria. Du finn dei her, her, her og her.  Her kjem dei ti siste. Men vi har nokre bilete til på lur!

vinsterlia1

Midtre Risdal (Vinsterlia). Johannes Søre Risdal f. 1865, gm Karen Erlandsdotter Skabo f. 1863, arva gammelstugua som stod att der den samla Risdalsgarden stod. Han sette opp att denne ved bygdevegen og starta  med landhandleri og postopneri. Seinare bygde han på og begynte med pensjonatdrift. Gå inn på bilde og lyd og les meir om Vinsterlia under bilete frå Skåbu.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Sigmund Hernæs-måleria 4

OLE CHR. RISDAL:  Tre nye Sigund Hernæs-måleri frå bygahuset i Skåbu. Dei andre ligg her:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk