Tag Archives: sjukdom

9. april på film

Til minne i ei påske der vi òg er invaderte

Skjermbilde 2020-04-08 kl. 16.18.17For 80 år sidan angrep tyskarane Norge. 7. april 1960 var heile Filmavisen ein markering av 20-årsdagen for invasjonen. (Tekstinga er heilt i utakt, men det høver jo bra med temaet.) Kan vere nyttig å sjå i dag òg, i ei påske der vi òg er invaderte, motstandaren er usynleg, og vi har så langt berre vårt eige immunforsvar til å ta att. Men i fem år varar vel ikkje denne okkupasjonen …

 

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Folk går for meget med blott bryst i Fron

Og får svake føtter av å gå for mye i fjellet

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 15.29.42

Blir sjuk av sånt. Bide frå minmote.no

RAGNAR ØVRELID: Gudbrandsdølene lever så sunt og så lenge at dei må flytte til ein annan landsdel når dei var trøytte av livet. Skreiv Erik Pontoppidan i Norges naturlige historie fra 1753. Statistikk over sjukdomskriser viser at Gudbrandsdalen var beskytta mot epidemiar, og meir til lenger nordover vi kjem. Men utover 1700-åra med handel og aukande samkvem blir Noreg mikrobisk sett samla til eitt rike. Sokneprest Schiøth skriv i 1743:

Den alminneligste sykdom i Fron er brystsyke, folk går for meget med blott bryst, særdeles om våren.

Dessutan

svagheter i føttene av den megen gang opp og ned av bjergene.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Var Svartedauen verkeleg så ille?

Ei lita jente på Veikle einaste livet som vart att i Kvam?

th._kittelsen_mor_der_kommer_en_kjerring

Mor! Der kommer ei kjærring! Tegning: Th. Kitelsen

IVAR KLEIVEN: Om Svartedauen herja på det hardaste her i dalen, veit vi ikkje noko visst om; at han tolla hardt i folket, både unge og gamle, er sakte ikkje å tvile på, men om det var så gale som segna går, er vel lite truleg, når det heitest at folket døydde ut i bygder og grender, så det ikkje kunne vera att meir enn eitt og to menneskje. På Lalm i Vågå var det berre på ein gard plogen gjekk i åkra på våren 1350, i Heidalen døydde alt folket ut så nær som ei jente på Slette, og i Kvam var ei vetljente på Veikle det einaste livet som var att. Desse segna syner at sotta har herja hardt og sette stygt støkk i folk, men at dei er større setand´, er mindre truleg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Foreldra låg dei minste i hel

I det gamle Fron heldt barnedøden familiane små

gammel_seng_pc3a5_maihaugen_-_2

Kva skjedde i denne senga? Bilde frå Maihaugen

RAGNAR ØVRELID: Kor store var familiane i Fron på byrjinga av 1800-talet? Ikkje så store som vi kanskje forestiller oss. Ein ting som heldt familiane små, var barnedøden. Ein stor del av gravferdene i det gamle samfunnet galdt små barn, ikkje gamle, som vi er vane med i dag. Fram til 1840-åra var over ein firedel av dei døde barn under fem år. Barna døde oftast av epidemiske sjukdomar, difteri, kikhoste, meslingar eller koppar. Det var ikkje uvanleg at foreldre låg i hel dei minste i senga om natta. Det kom mellom anna av høgt alkoholforbruk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

For å koma på sjukehuset måtte enden vera nær

Helge Stormorken fortel om oppvekst i Kvam på 1930-talet

sykekorg

Når sjukekorga venta, var det som regel teikn på siste reis

HELGE STORMORKEN: Det var tæring som herja. Og for tuberkulosen var det enda ikkje råd å få. Det var vanleg å spytte både inne og ute, og verst var klysene frå karar som togg skrå. At det stod Spytt ikkje på gulvet på tog, i butikkar, hotell og offentlege kontor slo sakte inn. Ein skøyer gjorde ein god vri på ein: Spytt i nevan, itte på golvet. Hygiene på alle plan var det heller lite av og ikkje mogleg. Innlagt vatn, pyjamas og tannbørste var ukjent. Og om vinteren var skinnfellen varmekjelda, når han ikkje var ute på snøen i frost for å knekkje udyra. Likhalmen vart brend. Det var madrassen på den tida, bygghalm heime og ofte storr på setrene.  Bålet var au melding til bygda om at eit liv var slutt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Har presten råd for desse uksgærne kvigun?

Magnar Sletten fortel litt frå dyrlegepraksisen sin

dyrlege1

MAGNAR SLETTEN: Eg fekk kjenne kor hard ei kuklauv kan vera, når ein får ho midt i skallen. Eg gjekk rett ned i skantilen og sov godt ei stund, men kom meg opp att og kunne halde fram bortigjennom bygda. Nå vil eg fortelja litt frå dyrlegepraksisen min. Det er så mykje ein kjem borti både av artige og mindre artige episoder i løpet av åra som praktiserande dyrlege på landsbygda. Mest artige, vil eg tru, Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Etter pesten seig dei rike og mektige ned

Svartedauden verka sterkt sosial utjamnande i Fron

15281RAGNAR ØVRELID: Korleis verka pestane på befolkningsutviklinga i fronsbygdene? Svartedauden herja i Noreg  vinteren 1349-1350. Her i Fron smitta nok bylleepidemien gjennom lopper i klede. Og det kom fleire pestar, «barnedauden», drepsotta» og mange fleire utover til 1600-år. Da tok endeleg pestepidemiane slutt, av ein eller annan grunn. Lagar vi eit kart over dei gardane som var i bruk i 1528, ser vi at folk hadde klumpa seg saman på dei beste områda. Skåbu var fråflytt, og store deler av nordre Fron i det heile. Det var mykje tettare folkesetnad sør i hovudsoknet.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk