Tag Archives: segn

Ulvei trollkjerring

Sjå opp for ho Ulvei!

IVAR KLEIVEN: I Skuthella ovanfor Kjorstad budde det eit jutulkvinnfolk i utgamal tid, før St Olav kom og innførde kristendomen her i dalen. Ho kallast Ulvei, og da det vart bygd kyrkje på Fron og kyrkjeklokkene bar til å ljome utover bygda, vart ho Ulvei så sint, at ho kasta to digre gråsteinsheller etter kyrkja. Til all lykke rakk ikkje nokon av hellene fram, men datt ned nordafor kyrkja på grunnen til Listad. Kyrkje og kristendom var ho hataug på, men da ho endeleg rauk med og skulle i jorda, var det nok meininga at ho skulle til kyrkjegarden, men ho var så styggeleg tung, at det var umogeleg. Dei kjørde ho med 12 gampar, men dei orka ikkje dra ho lenger enn dit, der dei to steinhellene hennar datt ned, da ho kasta etter kyrkja. Og så reiste dei desse steinhellene på grava hennar: den største, stor som noko merralass, vart reist over bringa. Den andre hella er berre helvta så stor, og ho vart reist over knea, men ho har vorte øydelagd. Mellom dei to steinane var det minst to meter, og derfor må ho Ulvei ha vore eit utur måta vørkje, så det var ikkje rart at det kniptest med å få kjørt ho til grava. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Megaarden, Espeland og Grytting

Fleire gode grunnar til å kjøpe Fronsbygdin 2014. Her kan du sjå Gard Espeland fortelje om Gamle segn og soger frå Skåbu  av Georg Megaarden,  Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland og Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd Grytting. Og det kjem meir frå kulturkvelden på VVS torsdag 30.10.

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Språk

Ormen og Svartboka

Se opp for Svartboka! foto: Harald Egil Folden, trollheimsporten.custompublish.com

Det var Heilag Olav som forbaud ormen  å “vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen”. Men kvifor er det ikke orm i Søre Lia? Jo, det hadde seg slik: Det var to karar som skulle åt vedskogen oppi Kampen. Da dei hadde drivi på ei stund, vart dei svoltne: dei ville gjera opp varme og eta. Mens dei sat og kvilte, kom ein orm og beit den eine av dei. Det skulle nok ikkje ormen ha gjort, for den eine karen hadde Svartboka. Karane fann mykje ved og la på varmen. Han som hadde Svartboka, trolla åt seg all ormen som var i Søre Lia og kommanderte han rett på bålet. Slik er det at det ikkje finst orm i Søre Lia. Nokre tilfelle har det vel vore, men da har ormen vore med høylass frå fjellet.

Frå Fronsbygdin 2005

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Per Skreddarstugun og fjoset på Hov

skbusegnperFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein som heitte Per Skreddarstugun. Han skulle ha opp eit fjos åt brukaren på Hov. Han skulle ha det i stand til dei reiste til setra om våren. Brukaren på Hov var grinut åt «om, fordi han ikkje tok til snøgt nok, men så sa Per: «Å, e ska nok få det i stand». Då det var att 14 dagar før dei skulle reise, tok Per til. Det skulle vera eit stort fjos, det skulle rome 20 kryter. Når det kom folk nedi lia nedanfrå, høyrde dei at det hogg mange, men når dei kom so langt at dei såg han Per, sat han og hogg åleine. Etter 14 dagar var fjoset fullt i stand.

2 kommentarar

Filed under Folketru

Megardsriddaren

megardsFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For 300 år sidan stod det ei kyrkje på ein gard som heiter Megarden. Og så var det ein riddar som heitte Megardsriddaren. I Heidalen budde det ei kjempe som folk kalla Heidalskjempa. Megardsriddaren og Heidalskjempa var ofte sinte på kvarandre. Ein gong Heidalskjempa stod på Mukampen, kasta ho ein stor stein på Megardskyrkja. Steinen trefte tårnet så det rauk tvert av. Det vart riddaren sint for og sa at han ville drepe ho, og det gjorde han au. Han drap kjempa og grov ho ned akkurat der han drap ho. Og det var på Kjempesletta. Det er oppgrave torv der, så langt som kjempa var, og det er sju vaksne kar-steg.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Var Per Gynt svensk?

pgbarestokk

Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Anne og huldreguten

bullbørseFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For lenge sidan var det ei ung jente som heitte Anne Rykhus. Ho var på budeie på ei seter. Så vart ho kjend med ein huldregut, og dei skulle snart gifta seg. På setra hadde dei ein nauthund, han skjøna at det var noko gale på ferde og flaug heim. Da hunden kom heim, reiste bonden åt setra og tok med seg børse. Det var nett den dagen ho Anne skulle gifte seg. Da bonden kom bortåt setra, fekk han sjå mykje folk på stølen. På ein svart øyk sat ho Anne, ho hadde bunad og gullkrone på hovudet. Bonden skjøna at no laut han skunda seg, og så skaut han over folka. Med ein gong vart det borte alt saman, berre Anne stod att på stulen. Huldregubben sa med det same han vart borte: – Du skal mykje få sjå, men lite forstå. Sidan såg Anne alle dei huldrefolka som var i bygda. Og etter den gongen vart ho vis.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Broka datt tå’om

bull2FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  Gamle- Fredrik Fosse, han var født i 1788. Han og Hans Dalen låg på Kubben på fiske. Om morgonen fekk dei sjå ein reinsflokk. Han Hans drog på seg broka, men gløymde å ha på seg hengslin. Så skaut han på reinen så broka datt tå’om.

Han Torger Vistad vart fødd den 17. mai 1814. Det var ein dag han var oppå setra. Da fekk han tak i ein ulveunge, men ulveungen reiv tå’om vesten. Da vart han Torger sint, han tok ungen og dengde han og tok’n med seg.

Du finn alle segnene her.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Huldra på Åkre

bullheksFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du sett nokor ku? spurde ho Oline. – Ja, ho går bortmed vatnet her. – Kår e du frå da? Spurde ho Oline. – Eg bur nedmed vatnet, eg, sa den andre. Oline skjøna at det var ei hulder ho hadde møtt og sa: – Kors i Jesu namn! Da vart jenta borte.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Då Erek Skreddarstugun mista hovudet

bullhodeFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong kjerringa åt «om Erek Skreddarstugun stod og stampa graut. Då vart ho så sint at ho slo til mannen sin i hovudet med sleiva så det trilla burtetter golvet og under benken. Ho vart redd og flaug burti smia åt far hans. Men han sa: «Du fær gå innatt so tenkjer eg det er på att kome.»

Erek Skreddarstugun levde i Ruste ved Vinstra og kunde kverva synet på folk.

Du finn alle segnene på ei samleside.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner