Tag Archives: segn

På Lo var det styggmykje underbuande

Derfor kom Lo-hornet til gards

«Dette drikkehornet fra garden Lo i Nord-Fron var en av de første gjenstandene Anders Sandvig kjøpte inn til samlingene. Tidligere direktør på Maihaugen, Sigurd Grieg, tidfester hornet til 1400-tallet. Det knytter seg et sagn til hornet. Man trodde at mennesker hadde stjålet drikkehornet fra de underjordiske.» Bilde frå Digitalt museum.

IVAR KLEIVEN: Mannen på Lo hadde vore nordpå vollen mot Sorperoa og funne att gampen sin. Da han reid attende til garden, møtte han eit framandt kvinnfolk, som ville skjenke han ut av eit vakkert horn. Mannen tok imot hornet og lot som han ville drikke, men han skvetta drykken attover aksla – det var nok sterk drykk, for det hadde kome nokre dråpar på lenden til gampen og svei håra. Med det same han skvetta ut av hornet, jaga han på gampen og sette på å renne alt det gampen orka. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Få med deg kjentfolk på tur!

Det er berre å laste ned appen Hidden

«Eingong seint ein julekveld fik´n Peder Dass bo frå konga i Kjøbenhavn at´n skull kåmå å præke før hoffe tile juldagsmorgon.» Så fekk presten skyss med fanden. Dette sagnet finn du på appen Hidden når du oppsøkjer Sødorp-kyrkja. På appen er det kart, der du ser all informasjon som er lagt inn om stader og fornminne og segn i Fron. På bildet under kan du sjå at det er over 250 av dei både i Vinstra- og Hundorp-området. Det skal visstnok vere fritt fram for å bidra med fleire segner og meir informasjon. Det er berre å trø til! Meir om appen finn du her.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

Fridtjof var ein original som kom godt ut av det med bygdefolket

fridtjof sørensen

Fridtjof Sørensen. (Foto frå Håkon Wangen)

ODDMAR MYRUM:  “I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette? Fridtjof Sørensen var ofte å sjå langs Laugen. Han likte å fiske, og der trefte han også folk, så han fekk seg ein prat og kanskje litt tobakk. Fridtjof var ein original, men han kom godt ut av det med bygdefolket. Ein velkjend kar i Vinstra og Sødorp på 50-talet. Han døydde i 1962. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Bondelivet mista noko det aldri får att

Kveldseto var friske, levande kjelder for rotekte bondekultur

«Desse kveldstimane omkring eldsmålet i dei store, romlege stuene skapte elsk til heim- og husliv og var friske, levande kjelder for gamalt, rotekte bondeliv og bondekultur.» Bilde frå frumeyer.com

IVAR KLEIVEN: Når den vanlege arbeidstida var slutt for dagen, og dei som dreiv ute «sette seg inn», kom kveldseto og kveldsetoarbeidet både for karar og kvinnfolk. Kveldseto var ein attpåskaute på dagsverket, men det var det ingen som aukra på, for kveldseto var mest all tid ei hugnadsstund, som fyllte alle med arbeidsglede, så det kunne lyse frå alle augo. Ho var arbeidsskule med god opplæring for dei unge i huset, og ho vart dei formaste skei´ for bygda- og slektshistorie ein kan tenkje seg, når dei gamle tok til å fortelja frå gammeltida og frå si eiga ferd gjennom livet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Pass deg for om´ Tor Graupslåen!

Far hans vart ihelskote, og sjølv kunne han binde eller løyse Fanden

fanden

Fanden eller Tor Graupslåen? Otto Sindings teikning til eventyret Fanden i nøtta

IVAR KLEIVEN: Tor Graupslåen skulle vera av fantslekt. Far hans, Jakop, rakte som langfant i ymse bygder til han vart ihelskote på fjellet mellom Fron og Valdres. Når Jakop helt seg roleg i heimbygda, budde han i Graupslåen og bar seg støtt for at han var låk, gjorde seg kreksot og armodsleg. Kvar gong han var ute og rakte etter dei gamle Kviknevegane og møtte folk oppå høgste åsane, der dei heldt kvile, var det ille vore med han, og da letta det svært for Jakop dersom dei slog på han ein dram av lommeflaska. Øyket han Jakop for og rakte med etter vegane, var støtt velstelt og holdaug, så den gjorde han ikkje synd på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Her er dei – Per Gynt-segnene!

Når stemnet nå går igang – her er det som sette fart på Henrik Ibsen

peergynt2017_program_9433-768x0-c-default

Jakob Oftebro som Peer Gynt på Gålå 2017. Foto: Bård Gundersen

PER THORSEN AASMUNDSTAD (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne 16. november 1873 og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker. Her kan du lese om Guro Suppetryne og’n Per som har vas-balin emillom føtom.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Vart historia om Per Gynt brend?

hågå

Var det ein gamal ungkar her som brende styggeleg mykje brev?

IVAR KLEIVEN: Av alle dei fjellmennene og veidarane som Fronsbygdene har hatt gjennom tidene, er det ingen som har vorte så namnspurd som Per Gynt. Mange av dei andre har ôg vore spurde, både innabygds og i grannbygdene og omtala av bygdefolket med vyrdnad og vellæte, fordi dei var framom dei andre med rifla, anten det var bjørn eller rein det galdt å veide. Men Per Gynt har vore mestsom far for dei alle, han, og når dei andre gilde fjellmennene kanskje har fått eit godt ord i strøk her i dalen, kan ein seie at Per Gynt har vorte landskjent, ja utom landgrensene, testmeir. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Dei underbuande: Steinen på Frylisetra

Kunne det vel ikkje ha vore? Bilde frå Marta Motrøen/Vegar Skar

Kunne det vel ikkje ha vore? Bilde frå Marta Motrøen/Vegar Skar

IVAR KLEIVEN: På Frylisetrene merkte budeiene ofte at det var noko som var omkring dei, men som dei ikkje såg. Dette usynlege gjorde dei ikkje noko vondt, men dei tykte det var otyleg, for dei kjende seg liksom så utrygge, helst når det lei på hausten, kveldane vart lange og mørke. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Folk blir rake i ryggen

pålkKNUT A: NILSEN: Det er visst ikke mange steder i landet hvor folk blir så rake i ryggen når det blir snakk om agenart og egenverd som i Gudbrandsdalen – og Fronsbygdene med Vinstra danner såvisst ingen unntagelse. – Gammelt mål og gamle segn blir holdt i hevd, om enn ord blir borte og den nye tid fanges inn av tv-antenner på hvert tak. Ennå hører folk gjerne om ting og hendelser fra gammeltida, og det er slett ikke bare Per Gynt som er ute og går i alle stubbene som Fron-folket kan, sier Pål Kleiven. 67 år han og har virket all sid tid på Vinstra og er breddfull av sagn og historier. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn

Sanninga om skottetoget

Men hadde skottane våpen? Berre 6 falne nordmenn.

RAGNAR ØVRELID: Som rimelig er, har det utvikla seg ei rad med meir eller mindre pålitande segner omkring skottetoget i 1612. Sinclair har av ein eller annan grunn blitt gjort til sjef for skottane, truleg fordi han vart skoten. Historiene om tømmervelta ved Kringen og Pillarguri er vandresegner, som granskarane kjenner frå mange stader, og blir rekna som svært tvilsame. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn