Tag Archives: sanatorium

Nervesystemet opplives

golasannarv

Aller best omkring Sankthans. Kort frå Narvesen

Korleis lokka dei folk til fjells for 100 år sidan? Med fjellet som medisin. Her er prospektus frå Golaa Høifjeldssanatorium 1912: Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Fron ligger midt i smørøyet

untitled

Mange tok imot turister etter at jernbanen kom i 1896, bl. a. Alme Sanatorium.

ASBJØRN RINGEN: Middelalderens pilegrimer på Grytting og 2000-tallets snøbrettkjørere på Gålå har ett til felles: De gir arbeid til folk i Fron. De siste kaster nok mest av seg. Reiselivsnæringen har lange tradisjoner i Frons-bygdene. Siden slutten av 1800-tallet har frøninger fått en viktig del av sitt levebrød fra folk som av ulike grunner har besøkt bygdene våre, i hovedsak for rekreasjon. Fron ligger midt i smørøyet for reiseliv. Alt i middelalderen gikk hovedvegen fra sør til nord gjennom dalen. Da de første egentlige turistene kom på 1800-tallet, søkte de til  fjellet. Frons-fjellet er mildt og vakkert – og en tiltrekkende forgård til høyfjellsmassivene både på østsida og vestsida av dalen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Hansen på Fefor – kva var det for ein kar?

hansen2

Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det. Les meir

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Johan Sørensen og kongedømet hans

Johan Sørensen

Johan Sørensen

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan lære mangt av Johan Sørensen si historie i Fronsbygdene. For det første at dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet. I dag hadde Johan Sørensen fått seg inhalator og kortison mot astmaen sin og blitt buande i Bærum. Han ville vel reist til Gålå berre for å sjå Peer Gynt. For 125 år sidan fanst ikkje slike medisinar, og da Johan Sørensen kom til Gålå som 50-åring i 1880, tungt plaga av pustevanskar, kvikna han til. Han hadde vore på leiting rundt i Europa, i Pyrineane, i Brennerpasset, i Innsbruck, i Tyrol. ”Efter en syv maaneders jagt helt ned til Egypten for at finde helsebodens klima, kom jeg mig mere død end levende hjem til Norge, – og levnede op igjen på Toftesæter-kjølen.” Her kunne han leve betre med sjukdomen, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han seg eit kongedøme i Sør-Fron. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Ostebua som ble skole

fagerhøybokaomslCARL HENRIK GRØNDAHL: Sjølsagt var det galskap å bygge hotell oppå snaufjellet. Fire timer med hest og kjerre etter å ha blitt rodd over Lågen ved Hundorp. Men de nærmet seg femti, disse karene, var fulle av kraft og tro på framtida og så at jernbanen krøp seg nordover. Nervøse og muskelsvake byfolk var i ferd med å oppdage den helsebringende fjellufta. Kanskje satt de over et glass punsj på Aulestad, Knud Bay på Forr og Bjørnstjerne Bjørnson. Kanskje var det slik det foregikk:  -Da er vi enige, du bygger sanatorium på din seter, sa Bjørnson. -Storhaugen sanatorium! sa Knud Bay. -Nja, sa Bjørnson og hevet glasset. -Det må jeg tenke på. Skål! Han tenkte i 10 år og kom tilbake: -Storhaugen er for slapt. Fagerhøi skal det hete! Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Setring, Verksemder

Wadahl-historia

untitled

Gålåseter i 1933. Først etter krigen kom navnet Wadahl Høyfjellshotell.

ASBJØRN RINGEN: I 1895 lånte Amund H. Wadahl 7000 kroner i Sør-Fron Sparebank. Han satte «hus under oppførelse» i pant. Der Harpefoss Hotel & Skydsstation ble reist, drev Amund og fru Karen allerede landhandleri. Dette ble starten på en lang reiselivshistorie i familien Wadahls navn.  Bygget står der fortsatt, like før vegen mot Gålå krysser elvegjelet ved Harpefoss, selv om både hotell og landhandel forlengst er nedlagt. I 1899 søkte Amund om å få låne 5000 kroner. «I disse knappe pengetider», som styret skrev, måtte han nøye seg med 3000.  Men det holdt for den ekspansive kjøpmannen.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Verksemder

Klatre til sola

stige2

Nokon som veit kvar dette er i Fron vestfjell? Eit storarta bilde! Ein ihuga kar som klatrar opp med paraply til damene. Og karen som tronar øvst med paraply og nyt sola. Og gardinane! Og dama i glaset…

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder