Tag Archives: reise

Dronninga og kopen på Vik

Drotning lovisa

Vilhelmina Fredrika Alexandra Anna Lovisa av Nederlandene var gift med svensk-norske kongen Karl XV og vart kront i Trondheim 5. august 1860. På vegen til og frå vart ho altså skyssa av Per Åsmundstad.

PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Eg var med dronningskyssen i 1860, da Karl XV fòr gjennom dalen og frøningane var tilsagde å skysse frå Vik i Kvam og nordpå Bræevangen med ein eller to hestar frå kvar gard. Det var reint stygt å sjå når dei store tre- og firspente vognene drog oppover Kjørumslykkjebakkane i Kvam. I hengebratte bakkane laut dei setja eit forspann til. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Tre timar frå Listad til Golaa

golaahøifjeldsNoko å lære her? ..»veien stiger nu jevnt opp gjennem den øvre del av bygden, den såkalte Skurdal, inntil man har passert de øverste gårder, hvorfra man har en vakker utsikt over de veldyrkede Fronsbygder.» Slik marknadsførte dei Gålå i 1895: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Velkomen til Sødorp stasjon

Vinstrastasjon1896

Dei skifta namn i september. I oktober 1896 opna dei Vinstra stasjon. Finst det eit bilde av Sødorp stasjon?

RAGNAR ØVRELID: Sommaren 1896 dampa dei første jernbanetoga gjennom Fron. Toget stoppa på stasjonane Hundorp, Harpefoss, Sødorp, Kvam og Koloen. Det var ein del usemje i Fron om plassering av stasjonane, og kva dei skulle heite. Planen frå 1892 hadde plassert Hundorp stasjon på Jetlund. Sør-Fron ville ha stasjonen ved sundstaden. Statsbanene bøygde seg. I Nord-Fron vart det ein dragkamp mellom Byre og Sødorp. Ole Brandvol ville gi gratis grunn dersom stasjonen vart lagd til Sødorp. Men fleirtalet i kommunestyret heldt på at stasjonen burde ligge så nær det nye senteret kring Sundbrua og kommunehuset på Byre som råd. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Krigstytebær

MoltebilRAGNAR ØVRELID: Ei kvinne i Sør-Fron førte dagbok under krigen. Her er ei skildring av ein tytebærtur frå Sør-Fron til Atna i 1942. Det vart sett opp buss frå Ringebu: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Amerika-ferd frå Skåbu (siste del)

Desktop15Ole Chr. Risdal/Torger T. Risdal: Her kjem siste delen av amerikabrevet frå Ola T. Skabo. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Amerika-ferd frå Skåbu – del 2

Desktop15Ole Chr. Risdal/Torger T. Risdal: Andre del av amerikabrevet frå Ola T. Skabo. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Ei Amerika-ferd frå Skåbu i 1870 (del 1)

Desktop15

Illustrasjon

OLE CHR. RISDAL/TORGER T. RISDAL: I 1870 drog Ola T. Skabo (f. 1835) åt Amerika med kona si og fleire slektningar. Han var fødd i Øvre Skåbu og var den yngste av fleire sysken, og skulle vere ein kar med særs gode evner. Gifta si hadde han frå søre Prestgarden i Heidal, der han dreiv med landhandleri ei tid. Men etter nokre år var det ein auksjon på Prestgarden der han og kona selde det meste av eignelutane sine før dei drog. Brevet, som her er gjengitt, har Ola Skabo skrivi like etter at dei var komne over åt Amerika. Som ein ser er det stila åt broren Iver Skabo og svogeren Tore Prestgarden. Dessverre er siste delen av brevet kome bort, men ein får da høyre om reisa over havet, heilt til dei nådde fram til slektningar og landsmenn i det nye landet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Å selje vaskemaskiner i Heidal

Ein liten angstfordrivar, ei seng på stabburet, ei snuseske som vart med busserullen ned i vaskemaskina. Tor Sæthersmoen hadde mykje å fortelje på årsmøtet i historielaget tidlegare i år.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Korleis fekk frøningane salt?

Opp frå sjøbygdene på Vestlandet og over fjellet til dals. Bilde frå fengshuidana.com

IVAR KLEIVEN: Ein kan undrast på  korleis dølabygdene kunne nå sjøbygdene, som dei sikkert var nødde til, for å få det saltet dei hadde bruk for. Det var greit at dei øydde så lite av det slaget som mogleg, men til kjøt, smør og fisk var dei vel nødde til å ha salt, skulle dei berge desse matslagene noko tid. Og nokon særeigen måte å berge desse matvarane på var det vel knapt om dei kjende til i dei eldgamle tidene heller. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Frøningar var med og berga det skandinaviske gullet

Skjermbilde 2015-04-29 kl. 21.16.44NRK har send eit dansk tv-program om gullet frå den danske og den norske sentralbanken, som såvidt vart berga frå tyskarane våren 1940. Programmet går svært så lett over den dramatiske norske gulltransporten. Du kan lese Hans Petter Kleivens spennande forteljing her. Og sjå programmet fram til 29. mai ved å klikke på bildet.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Krig