Bøndenes hus og Folkets hus monument over klasseskille


RAGNAR ØVRELID: Dei staselege bygningane Folkets Hus og Bøndenes Hus på Vinstra, berre eit par steinkast frå kvarandre, bygde omlag samtidig, står i dag som monument over det klassedelte fronssamfunnet i mellomkrigsåra. Det var utenkeleg den gongen at arbeidarlaga og «distriktets jordbruksinteresser» skulle ha gått saman om eitt forsamlingshus. For bøndene stod Folkets Hus som symbol på revolusjonære omveltningar i bygda, på dei nye tider som hadde rista det gamle maktgrunnlaget deira. For arbeidarar og småbrukarar var Bøndenes Hus eit kaksereir, eit fortidsminne om herredøme over bygda. Les meir