Tag Archives: pengar

Lang likpreike for ei ku

Prestane i Fron var ikkje alltid nøgde med betalinga

600px-erik_werenskiold_-_peasant_burial_-_google_art_project


 Prest til stades? Erik Werenskiold: En bondebegravelse

RAGNAR ØVRELID: Presten hadde rett til særleg betaling for kyrkjelege handlingar. Gravferder kosta mest. Skulle det haldast ei skikkeleg likpreike, måtte dei etterlevande ut med ei ku til presten eller tilsvarande i pengar. Da kunne til gjengjeld likpreikene bli lange, på 1700-talet opp til fleire timar. Dei utvikla seg til ein heil kunstart, som vi i dag finn latterleg på grunn av den svulstige forma og det tome innhaldet. Fattigfolk som ikke hadde råd til å betale, kom heller fort i jorda, om det da var prest til stades i det heile. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Da kvinnene rådde i Lia

Historia om Hera Fabrikker

hera

Arbeidsstokken på Hera fabrikker

CARL HENRIK GRØNDAHL: I dag er det kanskje vanskeleg å setje seg inn i kva Hera Fabrikker fekk å seie for liv og lagnad, velstand og sjølvtillit i Fron. Industriarbeidsplassar var for mannfolk. Her dukka det opp ei verksemd som trengte kvinnfolk, mange kvinnfolk, over hundre. Den største arbeidsplassen i kommunen. To arbeidsløner i ei hushaldning. Slett ikkje alminneleg i dei første tiåra etter krigen. Dei tilsette måtte ikkje ein gong møte på fabrikken. Dei kunne jobbe heime. Det må vel ôg seiast at ved å hente så mange unge kvinner over så mange år til arbeid i Lia, gjorde Israel Krupp livet meir interessant for gifteferdige ungkarar i Fron.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Minstepensjonist

 

30 Kommuneskatseddel 1947 - 1948, Toline Håvemoen.Da Toline Hovemoen var 89 år i 1947, hadde ho kr 0 i formue og kr 516  i inntekt. Det tilsvarar kr 9 495 i dag. Ho hadde i alle fall trygd. Minstepensjonistane har litt meir i dag. Velstandsauka har vore ikkje så reint liten. (Skattsedel frå Magnhild Ringstad/Vegar Skar)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner