Tag Archives: Peer Gynt

Teater vart eit tabu!

Per Tofte fortel om vegen fram til Peer Gynt ved Gålåvatnet

29432199_1763271923712043_2997399367402389504_n

Per Tofte som Peer Gynt ved Gålåvatnet

PER TOFTE: Korleis kunne det ha seg at eg fann på å bli skuespellar, eg som voks opp i ein liten avsidesliggande sidedal til Gudbrandsdalen, odelsgut til og med, på ein bratt gard med utsikt berre til granskogen borti Hovdlimorka og opp på Nårkampen, der sola stod opp i min barndom, akkurat som ho gjorde den dagen salig Heilag Olav var på besøk som snøggast i dalen. Vel, forklaringa på kva ein blir til, er samansett, og vi skjønar det kanskje fyrst når vi blir eldre. Eg innbiller meg iallfall at eg alt som liten ville bort, ville bo ein annan stad. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Tusser og huldrer og troll på Vinstra

hulder

Atskillig sjarmetroll hadde møtt fram til opptoget gjennom gatene på Vinstra mandag. Her var tusser, troll og huldere i alle utgaver, og svært mange av dem var produkter av livlig fantasi. To år gamle Helene Tveit på Vinstra representerte de aller yngste av huldrene i Peer Gynt-toget og poserer her foran et rikholdig utvalg av tussefamilien. (Foto: Tobben i Gudbrandsdølen 6. august 1980.)

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Hvilken Peer Gynt er vi i slekt med?

Peer Gynt-stemnet er over. Her er noen tanker om denne utskjelte Peer

pg5

Den grønnkledde – frykten for å ha en kvinne for nær? Mads Ousdal og Marie Blokhus ved Gålåvatnet 2016. Foto: Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: Enhver tid speiler seg i Henrik Ibsens Peer Gynt. Vi ser den selvnytende, selvopptatte, ustadige, en mann som ikke vil forplikte seg og viker unna det krevende. Narsissisten som ville delt sin fortreffelighet støtt og stadig på Facebook om han kunne. Før 1945 ble han spilt som det en ung nasjon trengte, en nasjonalhelt, sprek, lekende, fantasifull, evnerik og norsk. Etter krigen var han landssviker. På 1970-tallet brukte nymarxistene ham til å tegne en opportunist, som velger feil side i klassekampen. Psykiatere oppkalte et syndrom etter ham, betegnelsen på menn som forfører og forlater og alltid sørger for å ha en morsskikkelse som venter. Feminister fant en hemningsløs mannsgris. Peer Gynt ble vår søppelkasse. Alt vi ikke liker, legger vi inn i ham. Og Henrik Ibsens tekst er så rik at den kan romme både vårt avfall og våre drømmer. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Her er dei – Per Gynt-segnene!

Når stemnet nå går igang – her er det som sette fart på Henrik Ibsen

peergynt2017_program_9433-768x0-c-default

Jakob Oftebro som Peer Gynt på Gålå 2017. Foto: Bård Gundersen

PER THORSEN AASMUNDSTAD (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne 16. november 1873 og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker. Her kan du lese om Guro Suppetryne og’n Per som har vas-balin emillom føtom.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Vonbroten Ibsen

ibsen-500Det lakkar og lir mot Peer Gynt-stemnet. Frøningane har grunn til å vere nøgde med Ibsen. Men var Ibsen nøgd med frøningane? Nei. Det har vore gjort mykje av Henrik Ibsen og vandringa hans gjennom Fron i 1862. Ikkje så rart, ettersom han skreiv seg inn i verdslitteraturen fem år seinare med Peer Gynt. Men kva seier han sjølv om Fron? Ikkje så mykje å koke suppe på i dagboka hans, nei.  Han er vel mest vonbroten over at dei har så lite å fortelje han: Les meir

2 kommentarar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Vil du vite korleis Peer Gynt vart til?

VKom til Veidarvon seterstue seks km sør for Gålå ved Peer Gynt-vegen søndag 6. august kl 1430. Historikar Narve Fulsås har sett nærare på breva som Henrik Ibsen skreiv, da han dikta fram historia om denne frøningen. Han er professor i historie ved Universitetet i Tromsø og er redaktør og hovudforfattar av Henrik Ibsens skrifter bind 12-15: «Brev 1844-1905».

Med i samtalen er også kunsterisk leiar i Peer Gynt-stemnet, Iren Reppen, og regissøren for framsyninga ved Gålå-vatnet, Sigrid Strøm Reibo. Programleiar: Carl Henrik Grøndahl. Etterpå kan du få kjøpt varm suppe. Velkomen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur

Per Gynt på bygdatunet!

IMG_3756Den lokalkjende historieforteljaren Reidar Stangenes tar deg med på ei vandring laurdag 5. august frå Peer Gynt-huset til Per Gynt-steinen ved Sødorp kapell. Ei hyggeleg og uformell vandring der du blir nærare kjend med den sagnomsuste Per på Hågå, modell for Ibsens Peer Gynt. På vegen tilbake er det kaffi og biteti på bygdatunet. Vandringa finn stad i samband med opninga av kunstutstillinga med verk av H.M. Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl. Du kan bli med anten kl 12.30 eller 14.30

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur