Tag Archives: original

-Dæ e frå Gausdal alle nye mote kjøm

Ord som lever etter´n Lars Dalshaugen

vengjemaur

-Eg tenkjer meir medan eg søv hell du medan du er vakjin, din vengjermaur. Og vengjemaurnamnet festa seg ved han for levetida. Foto: skogoglandskap.no

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen frå Skåbu var ein godkar, og det hende nok at han kom i krangel og gjorde ein slåstkule, men han sto ikkje etter å slåst. I eksesisen var det ein løytnant i Kvam som var så utgjordt på å dragast med soldatane, han skjønte dei var godkarar og han ga seg ikkje før han fekk prøve seg på Lars Dalshaugen. Denne løytnanten heitte Leth, og Lars tok han som ein halmsekk og kasta han borti ein lortdam:

Har´e bennande dø! – Kå lett du va!

sa´n Lars. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Gal´npresten i Kviknekyrkja

«I dag skal de få, Kvikneværingene!»

IVAR KLEIVEN: Peder Markvard Otzen, 1813-1815, kom til Fron frå Hallingdal og vart her i bygda kalla for «Galn´presten». Nettopp hugugalin eller nokon galning elles var han nok ikkje, men han var friare i omgangslaget sitt og la ikkje for dagen prestvørdnaden som folket var vante med. Og så tykte han det var moro å skape seg vørslaus. Han var utgjord på veiding og strenda omkring med børsa i Lomoen seint og tidleg. Ein gong råka han ei kjerring der i skogen, straks han var komen i byda. Ho kjende ikkje presten og spurde kva han var for kar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Vis-Knut og maleren Chr. Skredsvig

Chr. Skredsvig: Selvportrett

CHR: SKREDSVIG: Sommeren 1874 besøkte jeg Vis-Knut i hans hjem i Gausdal. «Hvor er du fra?» sa han heftig og reiste sig fra en slagbenk. Han gjorde et enestående og veldig inntrykk på mig. Hans hode var stort og kraftig med langt, vakkert sølvgråt hår som nåde ham ned på axlerne. Han vendte profilen til når han så på en, han var jo meget skjeløjet, og sigtet da med et gløgt, lidet øie over næseryggen. Han var temmelig høj og førlæmmet, krumrygget og gikk hinkende og besværligt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Soga om Vis-Knut

visknustotte

«Bydefolket i V. Gausdal reiste ein bautastein av granitt på Vis-Knut grav ved Svatsum kyrkje. I steinen er bilete av Knut innhogge i bronse. Og steinen står slik til at alle som fer almannavegen, kan få ein glimt av han og minnast denne vår merkelege og gjæve mann, som det snaut har vore make til i Norges land.»

OLE. M. STUBBERUD: Vis-Knut, eller Knut Rasmusson Nordgaren voks opp i små kår mellom 9 sysken. Ingen som kjende han frå bånsbein av, kunne tru han skulle verta den merkelege og namngjetne mannen han vart. Han var nemleg fælt vindøygd, og frå han var eit halvt år fekk han fang (epilepsi) som vart mykje til plage for han gjennom heile livet. Knut var ein stor, grovgjord kar. Det at han var so fælt vindøygd, skjemde han mykje ut. Han hadde langt ramsvart hår, som fløymde nedover akslene. Men då han vart gamal, låg håret i sylvkvite lokker. Knut var soleis ikkje noko ven å sjå til, og det er fortalt at eingong han kom inn på Ner-Forset, gjekk ei jente over golvet, og ho tenke med seg sjøl: «Den stygge mannen kan da aldri bli gift.» Då sa Knut stilt og lognt til jenta: «Eg ha nok aldri tenkt å gifte meg heller, eg.» So gjekk det au. Knut levde sine dagar ugift.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Da Vis-Knut vart mishandla i Fron

visknut

Knut Rasmusson Nordgarden. Foto: Jørgen N. Elstad

OLE M. STUBBERUD: Ein gong Vis-Knut (1792–1876) var på Sør-Fron og heldt møte, gjekk det reint gale. Midt på natta medan Knut låg i senga si, kom lensmannen med ein kaptein, ein løytnant, ein underoffiser og 5 mann med skarpladde rifler og braut seg inn på romet hans. Dei for stygt åt med han. Han vart rive opp or senga, og klæda braut dei på han, medan den eine fangrida (epileptisk anfall) tok han og den andre slepte han. Attåt spotta dei han og gjorde narr av han alt dei kunne. Då dei endeleg hadde fått på han klæda, drog dei han ut og la han på ei langslede og gjorda han fast med 3 reip. Men gong på gong gjekk reipa opp att som av seg sjølv, og han fekk slike fangrider at han spratt ende til vers og langt bort frå sleda.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

fridtjof sørensen

Fridtjof Sørensen. (Foto frå Håkon Wangen)

ODDMAR MYRUM:  “I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette? Fridtjof Sørensen var ofte å sjå langs Laugen. Han likte å fiske, og der trefte han også folk, så han fekk seg ein prat og kanskje litt tobakk. Fridtjof var ein original, men han kom godt ut av det med bygdefolket. Ein velkjend kar i Vinstra og Sødorp på 50-talet. Han døydde i 1962. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn