Tag Archives: original

Han åt hoggorm

Hansen på Fefor – kva var det for en kar?

hansen2
Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det.

Les meir

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Språkgeniet frå Storsteinurda

Rolf Uhlen voks opp hos bestemora og vart konduktør i NSB

Her, i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka voks språkgeniet Rolf Alfred Uhlen opp hos bestemora. Foto: Paul Henrik Hage.

Om vinteren på Laugen gjekk det hesterekkjer på isen. Dei skulle til Loholkvenna med korn. Når dei kom heim att, høyrdes det av og til ut som om ikkje alt brennevinet hadde gått åt møllaren, fortel Helge Stormorken i ein artikkel i Fronsbygdin 2007. Og så kjem det ei lita setning: «Det var noko brennevinsindustri langs vegen, og ein «kafeteria», der ein av Norges største språkgeni kom frå, Rolf Uhlen. Kanskje skriv eg meir om han seinare.» Men det gjorde han ikkje. Helge Stormorken døydde i 2019, 96 år gammal. Og dette språkgeniet som voks opp hos bestemora i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka, Rolf Uhlen, kven var han? Det vi veit, er at han vart fødd i 1910 og døydde i 1970. Paul Henrik Hage skriv litt om han på FB-sida si og har funne eit intervju med han i Dagbladet 22. mars 1947, og det seier mykje. Språkgeniet Rolf Uhlen vart konduktør i NSB!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Dette treng du til jul!

Så kan du alle julesongane rundt treet

I 1988 presenterte Kvikneveren Ola Hage ei riktig smart oppfinning i Skåbu. Sjølvsagt var NRK Norge Rundt på plass. Klikk her. I innslag nr 9 møter du karen med hodelykt og klesklype mot rakfisklukta.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn

Nilshimin

Historia om eit vanskeleg liv

nilshimin-1

Pål Nilsheimen. Bilde frå Anna Smikop.

ODDMAR MYRUM: Den karen vi skal fortelja om her, var original i beste tyding av ordet. Namnet var Pål Nilsheimen, eller Nilshimin som har vart kalla til dagleg. Foreldra hans var Hanna og Ola Nilsheimen, og dei hadde berre denne eine sonen. Han var fødd i Kvikne i 1900. Det blir sagt at foreldra hans Pål var svært strenge med guten, og at dei fleire gonger var direkte hardhendte med han. Han fekk hjerneskade, uvisst kva som var grunnen.

Nilshimin likte godt å prate med og om jenter. Det var interessa for jenter som øydela fleire år av livet hans. Det kom ut at han hadde vore nærgåande mot ei ungjente i bygda. Det vart rettsak, og han vart straffedømd. To år bak murane fekk han. Sjølv hevda han at han var uskuldig. Mange i bygdesamfunnet stødde han og meinte at alt saman var oppspinn, men han måtte slite med at han hadde vore på straff.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Da Vis-Knut vart mishandla i Fron

visknut

Knut Rasmusson Nordgarden. Foto: Jørgen N. Elstad

OLE M. STUBBERUD: Ein gong Vis-Knut (1792–1876) var på Sør-Fron og heldt møte, gjekk det reint gale. Midt på natta medan Knut låg i senga si, kom lensmannen med ein kaptein, ein løytnant, ein underoffiser og 5 mann med skarpladde rifler og braut seg inn på romet hans. Dei for stygt åt med han. Han vart rive opp or senga, og klæda braut dei på han, medan den eine fangrida (epileptisk anfall) tok han og den andre slepte han. Attåt spotta dei han og gjorde narr av han alt dei kunne. Då dei endeleg hadde fått på han klæda, drog dei han ut og la han på ei langslede og gjorda han fast med 3 reip. Men gong på gong gjekk reipa opp att som av seg sjølv, og han fekk slike fangrider at han spratt ende til vers og langt bort frå sleda.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Ljugar-Endre og fa´n

Det var gut som smurde tjukt på

Fautgarden Rolstad Nordre. Gardsdrifta hass Endre fekk ikkje noko godt ord på seg.

IVAR KLEIVEN: N´Endre Amundsson Lo har vore mykje omtala på Fron oppgjennom tida, for ´n var ein underleg selle, ein storskrytar og storljugar; på Fron vart han derfor mest kalla for Ljugar-Endre. N´Endre var elles av godt folk, for far hans, n´Amund Torsson, var bror hans Tor Bratt på Bjølstad og fødd pålag 1685. N´Endre brukte Lo ei stond, men kjøpte sist nørdre Rollstad av fauten, n´Kristen Pram. Nokon driftig gardbrukar var ikkje n´Endre, det var nok ikkje meir enn så vidt det slong, men skryta av alle storbragdane sine var han kar til, og det var gut som smurde tjukt på.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Litt av ein kar!

Torstein Rudihagen fortel om bessfar Sveinsson

Han budde einsam i over 30 år i ei lita bakhonkledd hytte på ei slette øvst i Nordre Lia. Her var ikkje straum eller innlagt vatn. Maten laga han på ein vedafyrt svartomn, og veden var kvist han drog i hop fra hogstfelta rundt omkring. Kleda sine vaska han når det regna. Da la han dei på bakken og lét naturen gjera jobben. Om sommeren sov han ute. Eit takoverbygg heldt regnet unna. Det er Torstein Rudihagen som fortel om Iver Hovdlistuen, Bessfar Sveinsson, i årets utgåve av Fronsbygdin. Litt av ein kar! Som fanga reinsdyr og skreiv dikt. Og Torstein Rudihagen fortel varmt og nært om ein mann som lyfta av ei dør i uthuset og hengde henne opp med ståltråd over vedomnen og sov der når han fraus. Ennå ikkje skaffa deg Fronsbygdin 2020?

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Ho gjekk for å vera “tullåt”, men…

Janna Lien hadde mykje fornuftig i seg

RASMUS STAURI: Janna Lien gjekk bort i 1978 etter ein tragisk brann. Godt vaksne frøningar hugsar den gode og treffande replikken ho kunne koma med, og sjølv i dag så mange år i ettertid blir ho hermt og fortalt om.

Dette fotoet er frå Hundorp gard juni 1961 og ho sit saman med Anna og Mossa Kvernæs, Dagny Stauri og Lise Agnethe ett år. Egil Stakston: Kanskje det einaste fotografiet som er å oppdrive av Janna.
Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

Fridtjof var ein original som kom godt ut av det med bygdefolket

fridtjof sørensen

Fridtjof Sørensen. (Foto frå Håkon Wangen)

ODDMAR MYRUM:  “I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette? Fridtjof Sørensen var ofte å sjå langs Laugen. Han likte å fiske, og der trefte han også folk, så han fekk seg ein prat og kanskje litt tobakk. Fridtjof var ein original, men han kom godt ut av det med bygdefolket. Ein velkjend kar i Vinstra og Sødorp på 50-talet. Han døydde i 1962. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Han sette plastbøtta bortpå omn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn