Tag Archives: namn

Megaarden, Espeland og Grytting

Fleire gode grunnar til å kjøpe Fronsbygdin 2014. Her kan du sjå Gard Espeland fortelje om Gamle segn og soger frå Skåbu  av Georg Megaarden,  Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland og Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd Grytting. Og det kjem meir frå kulturkvelden på VVS torsdag 30.10.

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Språk

Namn i Fron: Frya

BRIT NILSEN: Elva Frya renn frå Furusjøen på Kvamsfjellet og ned i Laugen ved grenda Frya lengst sør i Sør-Fron. Det er altså ei elv som har gitt namnet til grenda, noko som er svært vanleg. Forskarane har ulike syn på kva dette namnet betyr. Indrebø meiner at både elva og vatnet har namn etter treslaget furu, som det enno er mykje av rundt Furusjøen. Det avleidde elvenamnet har vore Furhión, som kunne gi gamalnorsk Frýa og moderne norsk Frya. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Ola og Mari

Rønnaug

Rønnaug Sagboden – ei flott dame, men namnet gjekk aldri heilt til topps.

«Det er ein Ola og ei Mari og brone merra på kvar ein gard», heitte det frå gammalt. I Kvikne frå 1801 til 1920 var Marit/Mari det klart mest brukte kvinnenamnet, dernest Anne og Rønnaug. mens Ole/Ola var utan konkurranse som mannsnamn. Iver ein god nummer to, deretter Pål og Johan. Namn som etterkvart gjekk ut av bruk, var Embjør og Torger, Ingeleiv og Hogne. Dei to siste hekk lenge att som namn på heimane Ingeleivstugu og Hognehaugen. Og så hadde dei Hallaugplassen, Lagestugu, Ottaslykkja, Sjurstugu, Imbertsonheimen, Martinåsen, Mortenstugu, Nilshimen, Larson og Olsonhaugen, som alle var knytt til folk som budde der. Mange av desse heimane er borte nå, eller namnet kan vera eit anna. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Husmannsplassane

grindbakken

Grindhaugen. Bilde henta frå skriubakken.com

RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Språk

Namn i Fron: Bredeveien

Nå blir det verkeleg brei veg over Bredeveien. Foto: nrk.no

Nå blir det verkeleg brei veg over Bredeveien. Nye E6. Foto: nrk.no

BRIT NILSEN: Bredeveien, som skrivemåten er, er namnet på eit bruk og på eit område som ligg rundt Fron Ysteri. Ei tid var det også namnet på eit postopneri og ein stoppestad for jernbanen. Opphavleg har dette området vore utmark for gardane i nærleiken. I 1712 vart det halde eit skifte, der gardane Oden, Brandrud, Stokke og Listadgardane delte denne utmarka mellom seg. Ikkje lenge etter den tid kom den første busetnaden. Namnet «Breivegen» har nok si forklaring i at her har det vore stor ferdsel over isen på Laugen vinterstid. Gardane i Ryslandgrenda åtte heile søre delen av Skodal, og mange av gardane på austsida av Laugen hadde setrene side på vestkjølen, så isvegen vinterstid vart ei viktig ferdselsåre.

Slik var det på Bredeveien ein gong. Foto: netcat

Slik var det på Bredeveien ein gong. Foto: netcat

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Lia

Berre litt av Langlia. Foto: netcat

Berre litt av Langlia. Foto: netcat

BRIT NILSEN: Grenda Lia på vestsida av Laugen går frå Ringebugrensa til Skodalsgrenda, og namnet er laga av naturgrunnordet li, som altså betyr «skråning i fjellsida, oftast skogkledd.» Vanlegvis er slike mykje brukte naturgrunnord samansette for å peike dei tydlegare ut, som til dømes Lauvlia eller Grønlia. Og tidlegare heitte da også grenda Langlia. I dag blir kortforma Lia brukt. Berre i det næraste lokalmiljøet kan eit slikt vanleg naturgrunnord fungere som namn. Dersom folk utanfor lokalmiljøet skal kunne forstå og bruke namnet, må det ha tillegg til seg, eller så må staden på ein eller annan måte vere så kjent at det peikar seg ut.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Skåbu

Skåbu sett frå Ruten

BRIT NILSEN: Namnet på garden og fjellbygda Skåbu er skriftleg belagt frå 1508, då skrive Skadebw. På gamalnorsk var namnet Skadabu. Førsteleddet i namnet er gamalnorsk skadi. Skada– er elles førsteleddet i fleire gardsnamn i Norge. Kanskje kan det tyde «skade» eller «garden som har vorte skadd». Meir truleg er det likevel at det første leddet i namnet kjem frå eit ukjent mannsnamn Skadi eller av det meir brukte mannsnamnet Skagi. Endringar i uttalen har gitt forma skå-. Siste leddet i namnet fortel at garden er frå før-kristen tid. Dette er altså eit svært gamalt namn, og mest truleg fortel det at dette var garden til Skadi.

Frå Fronsbygdin 2003

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Sorperoa

Regn i Sorperoa. Foto: Thogund

Regn i Sorperoa. Foto: Thogund

BRIT NILSEN: Denne grenda på vestsida av Laugen, nordvest for Vinstra, har eit namn som er enkelt å tyde, men vanskeleg å forstå meninga bak. Førsteleddet -sorp tydde det same på gamalnorsk som i Fronsmålet i dag, nemleg sorp eller boss. Mest truleg ligg det noko nedsetjande i namnet, som fortel at dette var eit område med ganske små, fattigslege bruk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Gardsnamn

Bilde fra Ole's blog

Gardsnamna kan fortelje oss ein heil del om korleis bygdene vart rydda og busette. Klikk på bildet for å få det større. Bilde frå Ole’s blog

RAGNAR ØVRELID: Historikarane reknar med at dei eldste gardane er dei som har usamansett naturnamn. I Fron skulle da gardar som Steig, Grov, og kanskje Dalsegg og Ulberg vere blant dei eldste. Like gamle kan namn med dativform vere: Alme, Bjørke, Berge, Tofte. I Sødorp finn vi blant dei eldste gardsnamna Li (Kongsli), Lo, Byre. I Kvikne: Sylte, Tune. I Kvam: Vik, Krok, Leine, kanskje Forbrigd. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Språk

Namn i Fron: Tofte

begravtofte

Begravelsen etter fru grosserer Sørensen 1921 på Tofte Uppigard. Husmenn og naboer og tjenestefolk fra Tofte sanatorim

BRIT NILSEN: Toftgrenda eller Toftgardane ligg på vestsida av Laugen, øvst i Nørdre Lia. Det eldste skriftlege belegget vi har for namnet på Toftgardane, er frå 1318, a Tomtom. I seinare skriftlege kjelder er namnet skrive med ft, som i 1668: Thoffte. Både i gamalnorsk og i dialektane i dag finn vi mange ulike uttaleformer av ordet: tupt, tyft, tøft, toft, tuft og tomt. I eldre tider, som i dag, betyr ordet «hustomt eller hustuft.» Mange av desse gardane kan vere frå tida før 1350, da Svartedauen la mange gardar øyde, og berre tuftene av gardar låg att i fleire hundre år. Sidan vi har skriftleg belegg for Toftgardane alt frå 1318, er altså dette av dei riktig gamle toft-namna.

Kommenter innlegget

Filed under Språk