Tag Archives: museum

Opplev Borg bygdemuseum og Kvikne-kyrkja!

Og bli medlem i historielaget 🙂

Her er sjølve «hovdingen» på Borg, Olav T. Åsmundstad. Han får du høyre meir om!

Onsdag 24. august kl 1800 får du nok ein god grunn til å melde deg inn i Fron historielag, for berre medlemmer i laget kan vere med på dette: Oppleve Borg bygdemuseum i Kvikne og få historia frå Marit Håkenstad! Etterpå fortel Kristian Ekre om Kvikne kyrkje, som er opna att etter omfattande restaurering. Kyrkja kunne rast saman etter 256 år! Kaffiservering vert det òg! Slik melder du seg inn i historielaget: Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse. Velkommen til Borg bygdemuseum og Kviknekyrkja!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk