Tag Archives: minnestein

– La oss håpe at kommende slekter forstår

Fridom har sin pris

Bjarne Lien 21.9. 1915 - 19.4. 1040

Bjarne Lien 21.9. 1915 – 19.4. 1940

ODD MIDTLIN: Bjarne Lien var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. Han fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg straks ved avdelinga si, motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar. Regimentsjef Jensen fortel dette om kampane Bjarne deltok i: Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

– Han dro tonane ut av oss

Karl Lillevold fortente eit minnesmerke

minnesteinPER OTTESEN: Dette er eit bilde med mange følelsar for skrivaren. Minnesteinen over Karl Lillevold er viktig og i høgste grad fortent, men det ligg meir her. Karl Lillevold var lærar i Venabygd, men også klukkar og kyrkjesongar. Han budde i ”Klukkargarden” i Venabygda, og for oss som ikkje kjende han så godt personleg, møtte vi han som dirigent i felleskoret på songarstemna. Han var ein fantastisk dirigent. Han ”dro” tonane ut av oss gjennom ein intens innleving i songane. Vi måtte ”gi alt” når han dirigerte. Dette bildet frå avdukinga av minnesteinen er også spesielt. Are Stauri t.v. (1912-1972), som var leiar i ”minnesteinskomiteen” og dirigent i Vinstra Sangkor i mange år, var sjuk i dette høvet, og døydde også om hausten 1972. Det var svært viktig for han å få gjennomført dette prosjektet. Jens Sundt (1916-2007) var leiar i Gudbrandsdal Sangerforbund og også svært oppteke av at dette prosjektet måtte bli realisert, for Karl Lillevold var ein mann som fortente eit minnesmerke. At Oddmar Myrum fekk teke dette bildet ved avdukinga ser vi som særs viktig, og minnast Karl Lillevold med verselinja på steinen: ”Uten sang er ingen vår”.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Frigjeringsdagen i Kvam

Frigjeringsdagen 1945 vart markert også i Kvam. Motstandsmannen og kanonkommandøren Thor Sæthersmoen frå Vinstra fekk tildelt regjeringas krigminnemedalje. Maurits Opsahl laga denne reportasjen for TVØst:

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Minnesmerke i Fron: Egil Hernæs

egilhernæsRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Da ordførar Egil Hernæs døydde i april 1961, tok Bjarne Skurdal, Erling Rolstad og Ragnvald Krogenæs initiativ til ei byste av denne markante politikaren i Sør-Fron. Alle gav kvar tusen kroner som startkapital. Seinare gjekk Kåre Flåskjer inn og organiserte pengeinnsamling blant bygdafolk. Kommunen gav også pengar.

Bysta er laga av bilethoggar Kåre Orud, og den fekk god kritikk  på Statens haustutstilling. Ordførar Tollef Beitrusten avduka bysta på vegne av Fron kommune i 1971. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Minnesmerke i Fron: Per og Bøygen

bøygentreffRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Steinen eller kanskje steinane, vart reist ved Buvika ved Atnasjøen 10. august 1936, montert av treskjærar Per Haugen og avduka av turistvert Paul Stakston. Haugen hogg inn orda

Her trefte Per Gynt Bøigen.

Steinen vart seinare fløtt til Enden i Sollia. Det er notert at steinen vart reist av ungdom frå Østfold, Oslo, Buskerud, Hedmark og Oppland.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Minnesmerke i Fron: Hiorthøy-støtta

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto:   Jan-Tore Egge

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto: Jan-Tore Egge

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff utført av Olav Hanslien i bronse, plassert på stein som står på vangen framfor Sødorp kapell. Reist av Fron historielag og Gudbrandsdal historielag. Avduka av Bernhard Hovstad den 23. august 1970. Steinen vart framfunne av Eivind Budberg, som fortalte at det truleg var ein stein etter muring av Sundbrua i 1860-åra. Ivar Brandvol og Ola Rolstad utførte oppsettinga. Nemndmedlem og sokneprest Ingvald Skaare døde brått få dagar før avdukinga. Prost Hugo Hiorthøy har fått æra for «Det Velmeente Froenske Magasin», eit kornstabbur som tente som bank i nær 70 år, frå 1777.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Minnesmerke i Fron: Sinklar-støtta

sinclairRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Etter slaget i Kringom i 1612 vart oberst Georg Sinclair drepen i striden. Han vart ført til Kvam og gravlagd ved kyrkja, som den gong stod lenger sør enn i dag, ved Vik gard. Det har vore sagt at grava vart lagd utanfor kyrkjegarden, da bøndene ikkje ville at ein fiende skulle liggje i vigd jord. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Minnesmerke i Fron: Hillingen 26.4.1940

Minnesmerket over dei tre nordmennene som mista livet på Hillingen den 26. april 1940. Dei vart skotne ved den nå falleferdige løa i bakgrunnen. Foto: Per Fredriksen.

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer Kristian Hosar. Foto: Ukjend

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: På føremiddagen den 26. april 1940 nådde ei tysk kampgruppe fram til heimsetra Hillingen. Etter ein hektisk strid ved ein låve nederst i kvea, fall desse norske soldatane: Gardbrukar og lagførar Mikal O. Mølmen, f. 1913 frå Lesja. Skogoppsynsmann og korporal Torolv Weibye Bjørnsgaard, f 1903 frå Lillehammer. Student og meinig Harry Gether Rønning, f. 1920 frå Oslo. Det er sett opp like minneplater både på Hillingen og ved Krigsminnesamlinga på Kvam i 1995. Gudbrandsdal Forsvarsforening i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling stod bak tiltaket. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

Minnesmerke i Fron: Kluften-støtta

kluftenstc3b8tte-avduking

Forfattaren Johan Bojer held tale ved avdukinga i 1943.

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff på Vinstra utført av Dyre Vaa i bronse på stein til minne om Pål Kluften (1888-1942), forfattar, musikar med meir. Avduka 22. august 1943 av Johan Bojer, som var både pådrivar for ei nemnd og avduka støtta. På grunn av utvidinga av Nedregate vart støtta teke ned og sett opp att på sørsida av kommunehuset. Det var ei markering i august 2002, der Arnfinn Engen heldt tale, det var kunstnarlege innslag, og det vart sagt fram helsingar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Monument i Fron: Olavshaugen på Hundorp

Auguste Mayer 1838

Auguste Mayer 1838

Den sentrale gravhaugen på Hundorp har hatt fleire namn. Etter 1907 har namnet «Olavshaugen» vore mest brukt. På 1800-talet vart haugen kalla «Gudbrandshaugen». Namnet «Langjordshaugen» er også kjent, men har ikkje vore brukt i nyare tid. Ingen veit kven eller kva som ligg i haugen. Den fleire meter høge granittsteinen kom frå Idd ved Halden og vart avduka 29. juli 1907, altså til olsok. Den gongen samla folk seg ved haugen til eit festprogram med taler og musikk før avdukinga. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar