Tag Archives: Matklokke

Ring pinsa inn med matklokkene!

Ein god, gammal tradisjon som bør få nytt liv

Matklokka på Veikle kjem til å ringe pinseaftan kl 17. Foto: Marit Håkenstad

Ein gong var det tradisjon å ringe inn pinsa med matklokkene. Det song i bygda i vårkvelden. Ein god tradisjon som vart borte. Historielaget vil bidra til å få liv i han att. Bli med, alle i Fron som framleis har matklokker. Ring pinsa inn pinseaftan kl 17. Prestekontoret støttar opp om ordninga. På mange gardar heng matklokka der framleis. Fron historielag har tatt på seg å lage oversyn over alle dei. Kva for gardar ringde folket heim? Kvar er desse klokkene nå? Når vart det støypte? Og kvar? Historielaget treng deg og det du veit. Det er Marit Håkenstad som samlar informasjonen. Ta kontakt med ho: sms på tlf 911 23 056. Men nå altså: La matklokkene kime pinseaftan kl 17.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Jakta på matklokkene er i gang!

Send epost eller sms til Marit Håkenstad

Matklokka på Nordre Grytting. Foto: Kjell Grytting

Johannes Brandvol registrerte matklokker i Sødorp ein gong på 1990-talet. Sjølv har han ikkje resultatet. Veit du noko om dette? Kven kom oppdraget frå? Kven vart denne registreringa send til? Kan du hjelpe oss her? Marit Håkenstad er den som samlar informasjonen om matklokker i Fron. Send ein epost: mharild@frisurf.no eller ein SMS til 911 23 056. Her er nokre av dei reaksjonane som har kome så langt:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Kunst og handverk