Tag Archives: mat

Vegetarkost fra Hundorp

En fabrikk i Søre-Lia som var forut for sin tid?

022wXzwJWPGa

Victor Johansen på Sofienberg Kursted prøvde seg med fabrikk for diettkost og vegetarmat. Willy Heimstad: Bygningen står der enda – innafor det som var Nords Møbler. Det var Victor Johansen som eigde bygget og dreiv bl.a. kruskaproduksjon. Senere var det vaskeri for Sofienberg og andre. Vaska bl.a. Olabukser som vart sydd på Hera Fabrikker. De siste åra har lokalet husa verksted for Nords og andre drivere. Bilde fra Nordlandsmuseet

NORDISK TIDENDE januar 1957: Den første norske fabrikk for produksjon av dietkost og vegetarisk middagsmat står nå ferdigbygget på Hundorp i Gudbrandsdalen, og bestyrer Victor Johansen forteller til «Morgeposten» at man vil sette igang regulær drift på nyåret. Fabrikken koster 250 000 kroner og beskjeftiger foreløbig 8-10 arbeidere. Man har sikret seg retten til å fremstille spesielle amerikanske produkter, og det er mulighet for eksport både til Sverige og USA. Det vil i stor utstrekning bli brukt norske råvarer, men nøtter, linser og soyaprodukter må importeres. Nøttene skal vesentlig brukes til fremstilling av nuttoléne og protose – nøtteprodukter i form av pålegg og middagsmat. Bestyrer Johansen driver forøvrig også Sofienberg Kursted, som kommer til å bli en avtager av bedriftens varer.

Lagt ut av Egil Stakston på FB-sida Du væt du er frå Sør-Fron når. Kommentarer: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Separatoren syng

Fronsbygdin fortel korleis Margit laga ost på setra

Sommaren 1984 fekk Anton Løkken lyst til å høyre den kraftige og særeigne songen til separatoren att. Mor hans, Margit Lykkjom stilte opp og demonstrerte heile prosessen. Anton tok bilde, og Margit skreiv ned det ho gjorde. Resultatet kan du lese i Fronsbygdin 2018. Har du sikra deg boka? Libris Vinstra, nokre daglegvarebutikkar eller hos Nina Berge Rudi, ninarudi@online.no

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk, Setring

Ulovleg mat og tysk vin i byte

Kva gjer eit høgfjellshotell når det er krig?

Nr. 103

Trygve Wadahl tjuvlånte garasjen på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Bilde frå Asbjørn Wadahl/Vegar Skar.

RAGNAR ØVRELID: Det var ikkje lett å drive hotell i Fron i krigsåra 1940-1945. Å skaffe gjestene mat var eit strev. Verst var det med kjøt og fisk. Ein spedkalv på ein vintersesong rakk ikkje langt. Hotelleigarane måtte ut på den svarte marknaden etter meir. Trygve Wadahl fortalde om bilturar etter kjøt til Stange og Brumunddal med spennande stunder når han skulle passere Lillehammer. Der hadde tyskarane faste kontrollpunkt. Men han slapp gjennom med kjøt og flesk, som gjerne vart grave ned på skjulestader i snøen omkring hotellet, den tids fryseteknikk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Da ulven ulte i Ulbergshaugen

Intervju med 90 år gamle Marit Tagestad Holen i 1938

mth-I 12-årsalderen måtte jeg sørge for meg selv, og det var ingen åtte timers dag på gårdene den tia. Det var å stå opp kl 4, kvinnene til å karde og spinne, og karene på låven, i skålen eller annet arbeide. I kveldsetoa var det å karde og spinne, vøle gårdsredskap o.l. i skinnet fra peisen. Det kunne være knøttende stilt i kveldsetoa; men oftest var det livlig prat og arbeidet gikk lett. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Kvifor heiter det jul?

julsangkor

Dei tok over det heidenske namnet. Sør-Fron sangkor i Sør-Fron kyrkje jula 2013. Foto. Carl Henrik Grøndahl

Ordet jul er heidensk. I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk Christmas  «kristmesse», tysk Weihnachten  «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel. Men hos oss har høgtida sitt gamle germanske namn jul. Håkon den gode påbaud på 900-talet at landet skulle feire jul den 25. desember, samstundes med den kristne høgtida i heile Europa, og ville få slutt på det heidenske offerritualet, som del av striden med å kristne Norge. Derfor tok den kristne høgtida det gamle namnet jul i heile Skandinavia, Island, Grønland, Færøyene og Skottland. På engelsk finst Yuletide som noko riktig gammaldags. Jul kjem frå norrønt jól eller jólablót, frå den opprinnelege, heidenske offerfeiringa av midtvinterdagen i Norden, som var 12. januar. Kva ordet tyder, er omdiskutert. Jul eller Jol kan ha noko med norrøne  «Jòlnir» eller «Ýlir»,  å gjere, andre namn på Odin. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Historia om Pettersens kafé

Om sjokolade frå USA, knipsespel og jukeboks

p

ap 1

Anna Pettersen (1902-1987) tok til med kafédrift alt i 1928. Bilde frå Synnøve Solli

PER OTTESEN: Hausten 2012 vart legendariske Pettersens Kafé på Vinstra omdøypt til Salong Miocat, og ein velkjend aktør i Vinstra sentrum vart borte for godt. Riktignok har kaféen vore stengd ei god stund, men fasaden og raude blomar i glaset har i denne tida likevel minna oss om kva Pettersens Kafé har betydd for oss som brukte svært mange av fristundane våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Ein kveld utan å ha vore på Petteren var ein bortkasta kveld. Der kunne vi sitte og prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tidas nye musikk. Og vi gløymer aldri kringla! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Fiskebilen til John Lereggen

15128854_1249886751749648_7079785306237341712_o

Fiskebilen til John Lereggen ved Sandbakkrampa i Nedre Sødorp 1966. Bilde og tekst frå FB-sida til Paul Henrik Hage

Fiskebilen til John Lereggen var eit kjært innslag for både is-svoltne ungar og husmødre som lurte på kva dei skulle laga til middag. Ein humoristisk og slagferdig kar som spreidde mykje trivsel i grenda. John Lereggen (1907–1972) var frå kystkommunen Roan i Sør Trøndelag og kom til Otta i 1930. To år seinare følgde ektefelle og to barn etter. Familien fekk leige husrom hos Magnus Bismo. John Lereggen var det vi i dag kallar salsjåfør og køyrde fiskebilrute for Brødrene Lothe i Trondheim. Her kan du lese meir om han.

lereggen_john_700

John Lereggen tel pengar ein gong på 1960-talet. Bilde frå Jorunn Holen

Mange interessante reaksjonar på Facebook-sida til historielaget:

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder