Tag Archives: maleri

Grublestad i Skåbu

Patrick Huse fekk Nord-Frons kulturpris for 2014. Møt han i dette innslaget frå TVØst.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Måleria i bygdahuset i Skåbu

Møte på Skåbu bygdahus. Legg merke til alle måleria på veggane!

OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar.  På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar at han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden. Her kan ein nemne slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. Her finn du dei 11 fyrste måleria frå Sigmund Hernæs. Det kjem fleire etter kvart:  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Sjå målerisamlinga på Hundorp

Skade er det å brenneDen eineståande målerisamlinga av Ragnvald Einbu på Hundorp ligg nå her, på heimesida til Fron historielag. Måleria har fått nyskrivne forklarande tekster. Bakgrunnen for at desse måleria kom hit våren, sommaren og hausten 1924 var sentrale tankar i den tidlege folkehøgskulen. Dei unge skulle ha  næring til tankelivet sitt med uttrykk frå faga historie og litteratur.  Alle måleria fortel ei historie med bakgrunn i desse sentrale skulefaga.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn