Tag Archives: litteratur

Folk har vorte dømd for utukt i Vågå før òg

Ragnvald Skrede

I 1936 vart Ragnvald Skrede dømd til tre års fengsel for utukt mot tre mindreårige jenter i Vågå. Han var lærar. Biografane til Skrede, Otto Hageberg og Egil Ulateig, meiner at dette var justismord. I boka Korsfestelsen. Historien om Ragnvald Skrede og Vågå (2003) fortel Egil Ulateig ein krønike om ein tragisk familie. Ragnvald Skrede vart seinare ein av våre fremste lyrikarar og kritikarar. Egil Ulateig har dramatisert rettssaka mot han. Denne dramatiseringa ligg nå her på heimesida. Det er sterk kost.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn

-Pigen vil klænge sig ind paa mig, det er Saken

paascheblaser

Professor Fredrik Paasche på Gudbrandsdal folkehøgskule i 1935

RASMUS STAURI: Der folk møtest, blir det også historier. Året er 1931. Eit lite notat frå Knut Hamsun ligg i brevsamlinga på Gudbrandsdal folkehøgskule. Det fortel mykje om diktaren Knut Hamsun – ikkje lite nevrotisk i karakteren. Bakgrunnen er denne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur, Menn

Johan Sørensen og kongedømet hans

Johan Sørensen

Johan Sørensen

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan lære mangt av Johan Sørensen si historie i Fronsbygdene. For det første at dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet. I dag hadde Johan Sørensen fått seg inhalator og kortison mot astmaen sin og blitt buande i Bærum. Han ville vel reist til Gålå berre for å sjå Peer Gynt. For 125 år sidan fanst ikkje slike medisinar, og da Johan Sørensen kom til Gålå som 50-åring i 1880, tungt plaga av pustevanskar, kvikna han til. Han hadde vore på leiting rundt i Europa, i Pyrineane, i Brennerpasset, i Innsbruck, i Tyrol. ”Efter en syv maaneders jagt helt ned til Egypten for at finde helsebodens klima, kom jeg mig mere død end levende hjem til Norge, – og levnede op igjen på Toftesæter-kjølen.” Her kunne han leve betre med sjukdomen, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han seg eit kongedøme i Sør-Fron. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Sjå målerisamlinga på Hundorp

Skade er det å brenneDen eineståande målerisamlinga av Ragnvald Einbu på Hundorp ligg nå her, på heimesida til Fron historielag. Måleria har fått nyskrivne forklarande tekster. Bakgrunnen for at desse måleria kom hit våren, sommaren og hausten 1924 var sentrale tankar i den tidlege folkehøgskulen. Dei unge skulle ha  næring til tankelivet sitt med uttrykk frå faga historie og litteratur.  Alle måleria fortel ei historie med bakgrunn i desse sentrale skulefaga.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Her skulle du ha vore

fbapplaus

Applaus for bok og folk og engasjement.

Gerd Anette Steig: Takk til Historielaget for fin og innhaldsrik Kulturkveld på Hundorp med lansering av fin årbok. Løp og kjøp. (Frå FB-sida Du væt du er frå Sør-Fron når..)

75 frøningar og anna folk var samla til innhaldsrik og triveleg kulturkveld på Hundorp i går, der historielaget la fram Fronsbygdin for 2013. Fleire bilde under bretten. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur

Denne treguden!

Dalegudbrand1RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen (Kolbein Sterke),Olav Snortheim (Biskop Grimkjell). “Nei, her er vår gud som rår for alle ting- han ser på dykk med kvasse augo.- Kvar er nå din gud, Kong Olav?” Stykket gjorde stor lykke. Kanskje var det tid for eit nytt stykke, men denne gongen på Hundorp? Slik gjekk det: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Du har noko du vil fortelje?

påsketuristarroddheim

Påsketuristar blir sunda over Lågen ved Hundorp før brua kom

RASMUS STAURI: Har du forslag til stoff i Fronsbygdin 2014 eller for seinare år? Vi arbeider med neste års bok for tida. Til inspirasjon legg vi ved  foto av påsketuristar som blir rodd heim. Ta kontakt! Årets bok kjem rundt 1. november. Helsing redaksjonen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Han mislikte seg blant frøningane

Holbergjubileet 050

Mange frøningar vil hugse det store Holberg-jubileet i Sør-Fron i 1998. Ein markerte og feira at det var gått 300 år sidan diktaren Ludvig Holberg måtte reise frå prestegarden attende til Bergen. Her ser du skodespelar Frode Rasmussen som Holberg og sokneprest Knut Kvidaland som seg sjølv i prestegardshagen. Dei to åra Holberg var i Fron sette spor i forfattarskapen hans, sjølv om han mislikte seg blant frøningane.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur