Tag Archives: litteratur

Her er dei – Per Gynt-segnene!

peergynt2017_program_9433-768x0-c-default

Jakob Oftebro som Peer Gynt på Gålå 2017. Foto: Bård Gundersen

PER THORSEN AASMUNDSTAD (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne 16. november 1873 og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker. Her kan du lese om Guro Suppetryne og’n Per som har vas-balin emillom føtom.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Da Per Tofte møtte munken i Nidarosdomen

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Peer Gynt – mykje måking av kumøkk

stangenesNå er det full fart og fullt hus ved Gålåvatnet. Men korleis tok det heile til 10. august 1989? Da lukta kyrne nyslått høy frå hesjene på Hægstadtunet, brydde seg lite om provisorisk inngjerding og la etter seg kuskit over heile området. Det vart mykje måking av kumøkk den første tida. Til den første forestillinga hadde arrangørane skaffa eit parti lecablokker til sitteplassar. Etter bruken vart blokkene pent oppstapla, dagen etter var ein pall stolen. RAGNAR ØVRELID fortel morosamt om starten. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Inn i teaterhistorien

Fredag er det åpningsforestilling på Gålå. Peer Gynt for andre år i Erik Ulfsbys versjon med Mads Ousdal i hovedrollen. Vi kan være ganske sikre på at de har forandret noe og funnet nye løsninger i år. Det er all grunn til å glede seg. Dette er omtalen etter premieren i fjor:

CARL HENRIK GRØNDAHL: Du må få med deg den nye Peer Gynt på Gålå. Scenen med Åses død kommer til å gå inn i teaterhistorien. Så uventet, så annerledes og mangetydig. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Per Gynt utan telefon

Nemda fekk attpåtil delt ut årets Peer Gynt i 1977: Rolf og Birgit Sunnaas, som oppretta Sunnaas sjukehus.

RAGNAR ØVRELID: Det er 1977. Formannen i Per Gynt-nemnda har ikkje telefon. Skal nemda bestille til han? Det er tre ledige nummer på Vinstra-sentralen. Formann Harald Rudi fekk telefon til heimekontoret i store deler av året. Elles foregjekk det meste av arbeidet med Per Gynt-stemnet i andrehøgda på turistkontoret. Der hadde dei adgang til ein skrivemaskin.  Arbeidet i nemnda var improvisert, tilfeldig og personavhengig. Mange av programpostane vart til etter innfallsmetoden rundt eit møtebord, mens klokka tikka og gjekk mot stemneopning. Det er nesten som eit under at det vart resultat av det, til og med gode resultat, betre og fyldigare år for år. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk, Verksemder

Minnesmerke i Fron: Kluften-støtta

kluftenstc3b8tte-avduking

Forfattaren Johan Bojer held tale ved avdukinga i 1943.

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff på Vinstra utført av Dyre Vaa i bronse på stein til minne om Pål Kluften (1888-1942), forfattar, musikar med meir. Avduka 22. august 1943 av Johan Bojer, som var både pådrivar for ei nemnd og avduka støtta. På grunn av utvidinga av Nedregate vart støtta teke ned og sett opp att på sørsida av kommunehuset. Det var ei markering i august 2002, der Arnfinn Engen heldt tale, det var kunstnarlege innslag, og det vart sagt fram helsingar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Hvor mange kalverumper mellom himmel og jord?

Bilde frå nr14.wordpress.com

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen var ein dugeleg og gløgg skyttar, stor, staut og røssleg. Han hadde ord på seg for å ha svarteboka og kunne kverve synet på folk. Somme sa han hadde tatt alterbrødet ut av munnen og skote gjennom det. Lars Dalshaugen var skomakar og dreiv mykje med skoabeid i gardane. Før jul ein vinter hadde han vore i Massing og gjort sko til Ola Massing, som var ein bibelklok mann. Han visste ikkje noko så gildt som når han fekk sette folk fast med spørsmål frå Bibelen. Nå da Lars Dalshaugen var ferdig med skoarbeidet og skulle gå heim att, tykte Massing´en at dei fekk smake på julebrennevinet. Ola var borte i skapet etter ei flaske og drammeglas, og karane godgjorde seg og kom på godt møle. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn, Språk