Tag Archives: Lågen

Bruer i Fron: Harpebrua

RAGNAR ØVRELID:  Harpebrua har stått der uten lange avbrot til i dag. Når all annan overfart var stengd, var det den å stole på. Vi høyrer om brua i 1633, da gardane i Rysland vart usamde om vedlikehaldet. I 1790 let bygda byggmeister Jehans Korpberget sette opp ei ny trebru. I 1846 måtte trebrua avløysast av ei sterkare, av stein. Ein spesialist frå Toten sette brua opp. Men han var uheldig da han skulle slå ned stillaset, og brua vart skeiv. Enda verre vart det etter storflaumen 1860, da svære tømmerflokar reiv bort steinar i fundamentet. Brua stod likevel til 1880-åra. Da hadde sprekkene blitt så store at vegvesenet trua med å stenge brua. Så i 1892 måtte Sør-Fron til med brubygging att. Brua frå dette året stod til 1940, da ho vart sprengd i krigsdagane. Den noverande Harpebrua vart bygd i 1950-åra. Da hadde det stått ei provisorisk bru sidan sprenginga i 1940.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Bruer i Fron: Sundbrua

Sundbrua

RAGNAR ØVRELID:  Sundbrua ved Vinstra er den andre gamlebrua i Fron – saman med Harpebrua.

Ved sundet er anlagt en bro over Laugen-elv på almen bekostning, Sundbroen kallet, betår av 11 stenkar

skreiv presten Hiorthøy i 1781. Få år etter, i 1789, strauk Sundbrua med i Stor-Ofsen. Det skulle gå mest 80 år til det kom ei ny. Kommunen ville greie seg med sundinga så lenge som råd. Sundstaden i åra 1789-1867 låg litt lenger oppe i elva, der Bøygen camping er nå. Brua vart oppsett at 1865-67 under kyndig leiing av militære. I 1934 vart Sundbrua ombygd, slik ho står i dag og har blitt gangbru.

Arbeidet med den nye brua, litt lenger sør, starta sommaren 1985 og vart ferdig 1. oktober 1986.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Uncategorized

Bruer i Fron: Hundorpbrua

hundorpbryabyggingRAGNAR ØVRELID: Den siste av dei store bruene over Laugen var Hundorpbrua. Frå jernbanen og Hundorp stasjon kom i 1896, låg planane om denne brua på teiknebord i offentlig kontor i 30 år. Jernbanen ville ikkje bygge brua, etter som tilfartsvegane på begge sider var bygdevegar. Det var motstridande interesser i bygda. Og Sør-Fron kommune såg seg ikkje i stand til å greie finansieringa. I 1907 var brua berekna til 150 000 kroner, fire gonger eit vanleg kommunebudsjett i Sør-Fron. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Ei lita historie om Kvam

Dei skulle sett Lågen bru, dei som måtte lage isbruer for å komme seg over. Ill: Statens vegvesen

RAGNAR ØVRELID: Kvam utvikla seg til eit lite sentrum på 1800-talet. På Vik var det skysstasjon frå 1600-talet og til 1800-åra. Her låg kyrkja til 1775. På grannegarden Sigstad budde futen frå 1809 til 1909. På Vik kom første landhandelen i bygda, den vart driven frå 1840-åra til ikring 1870. Handelen vart sidan ført vidare på ein annan av grannegardane. I 1889 byrja Ola. E. Klomstad og Olav Forbrigd (født Hvattum) landhandel på Sigstadvollen. Der var det også postopneri.

Vik ca 1860. Bilde frå Kvam Historiske Forening/Fredrik Weikle

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Folk på Vinstra hadde farang kvar vår

Vinstra1931RAGNAR ØVRELID:  Frå 1917 hadde alle på Vinstra straum, men vatn var det verre med. Somme hadde eigne brunnar, men i 1945 vaska mange vinstrakvinner framleis klede i kjeler som dei hadde ståande nede ved Lågen, og dei og barna henta vatn til husa derifrå. I 1950 vart det private Vinstra vassverk skipa. Vassverket tok vatn direkte frå Lågen nord for det nåverande legesentret, klora det og pumpa det til eit fordelingsbasseng oppe i lia. Vatnet fekk snart ein tvilsam kvalitet. Folk i bygdebyen var jamnleg plaga av farangar kvar vår. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Sju drukna i Hundorpsundet

Det hende at det gjekk gale

IVAR KLEIVEN: Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå land, før ho kvøldest og alle sju menneskja og to av øyka blei. Dei var fire tenestegutar, ei kjerring og to jenter som mista livet ved dette hende, og berre to av dei lykkast det å finne att. Dei andre fem stod det ikkje til å sokne opp att. Denne hendinga vekte djup medkjensle i heile Fron og var omtala i lang tid etter.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Sveltihelbruket som er for lite brukt

Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa. Entusiastane som bygde opp bygdatunet, prøvde å få til eit husmannsbruk, slik det var i Fronsbygdene. Nå står det her. Men problemet er – kva skal det brukast til? Foto: Carl Henrik Grøndahl

JOHANNES BRANDVOL: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka «med jord.» Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk