Tag Archives: Lågen

Tykkfallen brite over Harpefossen

Disse skrøpelige norske veier og gebrekkelige bruer

brua

-Jeg ble ganske nervøs. Ill: Felicity Nightingale

Henry T. Newton Chesshyre var en britisk marineoffiser som arvet sin tante og dro til Norge for å bruke opp arven sin, lykkelig over å slippe unna Krim-krigen (1853-1856). Han slo seg ned på Skyttermoen i Svatsum rundt 1850 og pleiet omgang med direktøren i Nikkelverket i Espedalen. Han beskrives som en tykkfallen, gemyttlig herre, en utmerket skytter og rypejeger, og han giftet seg med sin husholderske. Han skrev en bok: Erindringer fra et fem års opphold i Norge. Margaret og Ola Eggen oversatte den til norsk og ga den ut i 2013.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Den minste ungen i margarinkassa

letrud1OSKAR LETRUD: I den heimen eg voks opp, var vi ein syskenflokk på heile ti ungar. Når eg skal fortelja litt om oppveksten til denne flokken, tenkjer eg mest på dei som er barn og ungdommar i dag. Eg vil tru at for dei vil mykje av det eg fortel, stå fram som eit eventyr. Vinteren 1937-38 budde vi i ei stove nord om Rustberget i Nord-Fron, «Taugstuggu». Her budde mor og far og fem born på to små rom. Far hadde mura opp eit lite fjøs av gråstein, der det var plass til to kyr og ein kvigekalv. Attåt hadde dei 4-5- sauer i fjøset sør på Rustberget. Mor hadde fylt 35 år den hausten og gjekk med sitt sjette barn, ein gut som vart fødd 13 månader etter den førre ungen.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Professoren som vart vill i Sorperoa

Forfedrane våre var flinke til å finna høviske namn over alt

sorperoa

Regn i Sorperoa. Med sorp? Foto: Thogun

EIVIND BUDSBERG: I dei siste åra har det både ein gong og to gonger vori ymta frampå om at grenda Sorperoa skulle hatt seg eit penare namn. Einskilde trur namnet kjem av noko mindreverdig. Som ventande vart dette forkasta av juryen, da dei var einig i at denne grenda er finaste Sorperoa i Noregs land. Det er til den største undring kor fantastisk flinke forfedrane våre var til å finna høviske namn over alt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk

Spennande gardshistorie på mange vis

På Vik i Kvam i fjor, Heggerud på Harpefoss neste veke

Tirsdag  6. september kl 18 kan du få med deg gardshistoria og mykje anna på Heggerud gard på Harpefoss. Konsert blir det ikkje, men mykje anna godt. Her kan du bli med på ein 40 minutt lang film som fangar inn noko av det som vart formidla av toner og ord på Vik for eitt år sidan.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn, Musikk, Språk

Kvam i mine oppvekstår 3: 40 km i timen!

Chevrolet

Vi fekk rista ut vintermøkka i ein Chevrolet 1930. Foto: berglitruckstop.no

HELGE STORMORKEN: Odd bror og eg fekk bli med Fredrik Moen i grusbilen på veg til skulen, og Fredrik gav skikkeleg gass, så vi kunne skryte tå oss at vi hadde vore med i 40 km i timen. Men da fekk oss «rista ut vintermøkka au», som uttrykket var, når nokon skulle setjast til veggs for noko. Oppgåva til Fredrik Moen inneheld ikkje snøbrøyting, slik at gardbrukarane i fleire år brukte ein tresnøplog for seks hestar. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kommunikasjon

Nord-frøningene foregangsfolk, sør-frøningene sinker

untitled

Frya kraftstasjon kom på nettet i 1947 og leverte strøm til 1979. I dag har kraftverket vore kulisse til forestillingene i juvet under Peer Gynt-stemnet.

ASBJØRN RINGEN: I elektrisitet og kraftutbygging var nord-frøningene foregangsfolk, mens sør-frøningene var sinker. Elektrisiteten lyste opp flere norske bygder et tiår inn i det nye århundret. I Lillehammer hadde underet skjedd i 1894. I Nord-Fron kom den første generatoren i 1910, da Kongsli-folkene koblet den til en turbin i Lofossen. Fire år seinere kjøpte de en større turbin som produserte mer strøm enn Vinstra Bruk trengte selv. Det ble grunnlaget for Nordre Frons Elektricitetsverk. Den første lyspæra i Sør-Fron ble tent på Ulberg i 1915, med strøm fra et lite kraftverk i Ulbergåa.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Frå Kvikne til Lillehammer i 1849

Kongslipostkost

«Men verst var vegen åt Kvikne. Frå Lo tok vegen oppigjennom Kongsli, og der kunne vi køyre berre med halve lass.» Postkort frå Kari Klevstadbakken/Vegar Skar.

PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Å køyre frå Kvikne at Vetlhåmår tok minst to dagar. Det var berre ein gang om året vi gjorde bytur. Det var i mars. Vi køyrde nedpå isen synnafor Harpebrua og fòr som regel isen heilt nedpå utover Losna’n og åt Bådstø på Tretten. «Randkleivstromen» (strøm i Laugen ved Randkleiv i Ringebu) kunne vera farleg, men til vanleg køyrde dei der au. Tre og fire bønder slo seg i lag.  Ingen reiste åleine. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder