Tag Archives: lærar

Harald Rudi

Harald Rudi

Nå står basen roleg i Sødorp, men vi kan høyre han på dei mange innspelingane han gjorde som aktiv musikar.

RASMUS STAURI: Harald Rudi døydde 5.12.2014. Han var ein velkjent mann, ikkje berre i Fron. Han vart vel 75 år og hadde vore sjuk ei tid. Harald Rudi hadde arbeidslivet sitt i skuleverket og var fram til pensjonsalder tilsett ved Sødorp skule.

Harald skreiv to artiklar for Fronsbygdin, den eine, Calle Jularbo på Vinstra, stod på trykk i 2004 og den andre, Basen etter Pål Kluften,  i 2006. Båe artiklane handla om musikk og ikkje minst om det folkelege festlivet og hans eiga rolle som spelmann. For Harald Rudi var spelmann. Musikkinteressa vart vekt tidleg – artikkelen hans frå 2004 fortel levande om dette. Ein må kjenne suget etter tonar og kjenne tonen og musikken inni seg. Det sa han mange gonger. Det var derifrå det kom – innantilfrå, sa han. Han fekk da også eit langt musikkliv, ikkje minst i Arne Bergets kvartett, der han spelte bass i 17 år, – på det mest hektiske spelte dei til dans fleire gonger i veka. Og han opplevde mykje. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Måleria i bygdahuset i Skåbu

Møte på Skåbu bygdahus. Legg merke til alle måleria på veggane!

OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar.  På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar at han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden. Her kan ein nemne slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. Her finn du dei 11 fyrste måleria frå Sigmund Hernæs. Det kjem fleire etter kvart:  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

-Har alltid vore strid om skulen

Olav Bratland la ikkje skjul på kva han meinte.

Artikkelforfattar Olav Bratland vart vigd spesiell plass under lanseringa av Fronsbygdin 2014, skriv Dølen. Han var lærar på Vinstra vidaregåande skule i 41 år og har skrivi om sitt liv ved skulen. -Eg har vore her veldig lenge, nokon trur at eg alltid har vore her, seier Bratland, som gjekk av med pensjon i fjor. Han lyfta fram fire av skulens rektorar og såg skulehistoria i ljos av dei. Han la ikkje skjul på at det er tøffe tider for skulen: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Bratland og Odenrud

Historiene om ein skule og om ein mann. Sjå Gard Espeland fortelje om Olav Bratlands artikkel om Vinstra vidaregåande skule og Hans Odenruds forteljing om ein mann med ein latter som skremde ungar. Den tredje av i alt seks videoar om innhaldet i Fronsbygdin 2014.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Skriubakken og Fevolden

Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

En innflyttergutt i Skåbu

17. mai i Skåbu i 1956. Foto fra familien Bakkevig.

17. mai i Skåbu i 1956. Foto fra familien Bakkevig.

TROND BAKKEVIG: Jeg kom til Skåbu som seksåring og reiste derfra som elleveåring. Nesten fem år av et gutteliv. År da jeg lærte meg å snakke som en skåbying ute, mens jeg fortsatte å snakke riksmål hjemme. Nesten fem år var jeg del av bygdas liv, og likevel var jeg alltid en innflytter. På ulike måter fikk jeg merke det. Kanskje merkes denne dobbeltheten aller mest i ettertid. Men dypest sitter takknemligheten over å ha vært del av et rikt og blomstrende bygdeliv i en spennende brytningstid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Fronsbygdin 2014: Skulestrid

vvsDet har vore strid og drakampar om Vinstra videregåande skule med stort engasjement frå mange, både innanfor og utanfor det politiske miljøet. Gudbrandsdal landsgymnas kom i gang på Vinstra i 1946. Historia til skulen er mangfaldig, ei rik skulehistorie sit i veggane på Furuheim, og du har verkeleg noko å sjå fram til i haust. Fronsbygdin 2014 blir lansert nettopp på Vinstra vgs (VVS) 30. oktober. Redaksjonen har bede Olav Bratland skrive frå levra om korleis han som lærar, inspektør og sist som nestleiar har opplevd si skuletid og dei mange endringsprosessar rundt skulen på Vinstra, den største arbeids- og kunnskapsareanen i midtdalen. I åra 1972 -2013 hadde Olav Bratland sin arbeidsplass ved VVS. Ingen har hatt ein lengre arbeidsdag ved skulen enn han, heile 41 år. Det tyder på eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon