Tag Archives: lærar

Ikkje rart at Fron er ei turistbygd!

Ragnarovrelid

Ragnar Øvrelid har skrive historia om Fron i to bind. Foto: Rasmus Stauri

RAGNAR ØVRELID: I januar 1971, trur eg det var, kom Hans Petter Kleiven til Ålesund for å «selje Gudbrandsdalen» som turistmål. Han gav ei medrivande skildring av landskap og folk, han viste bilde, og han delte ut brosjyrar med barn i fargerike blomsterenger, med skiløparar som helste forbindtleg gjennom store panoramavindu inn til lett påkledde badedamer i innandørsbassenget på høgfjellshotellet. Eg søkte jobb på Gudbrandsdal gymnas, vi selde huset, pakka og reiste. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Nå kan du bli med til folkehøgskulen

Ny nettside i Opplandsarkivet er ei god utstilling

GfolkehøgnettMange har gått på Gudbrandsdalen folkehøgskule før han vart nedlagd i 1987. Nå ligg det ei utstilling om skulen på nettet under Opplandsarkivet avd Maihaugen. Her er historikk og mange bilde, brev og artiklar, stoff om elevar og bygningar,  om Grundtvigianismen og Einbusamlinga. Det er berre fem år til 1000-årsminne for møtet mellom Dale-Gudbrand og Heilag Olav. Her kan du lese om festen ved 900-årsminnet i 1921. Dette er ei nettside som vil vere interesant for mange. Her er ei historie om Sigrid Undset:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kunst og handverk, Kvinner, Menn

Tenk deg at du gjekk på skulen i 1830

Du lærte nok ikkje stort

Elevane måtte lære både gotiske og latinske bokstavar. Ikkje rart at mange sleit.

TORE FEVOLDEN: Fyrst i 1860-åra kom dei fyrste faste skulehusa i Fron, og inntil da måtte undervisninga skje rundt på gardane. Bøndene hadde pålegg om å halde læraren med mat og hus og elevane med ei skulestugu, eit klasserom. Dette gjekk på omgang mellom dei største gardane. Dei som var lærarar, slapp å gjere militærteneste etter å ha undervist i ti, seinare sju år. Og presten plukka ofte ut nokon av dei flinkaste konfirmantane til lærarar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk

Skulestova har vore ein fin arbeidsplass!

«På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. «

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Det første møtet med Fron vart heller dramatisk. Ettersom kona mi, Else, var bunden opp av ein lærarpost på Vestlandet, kom eg åleine til Vinstra stasjon ein regnversdag i midten av oktober hausten 1945. På stasjonen fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppe på taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Kvar fann han eigentleg Per Gynt?

Kva skapte Peer Gynt i hovudet på Henrik Ibsen? Segner frå Fron? Eller det Per Chr. Asbjørnsen fekk høyre i Sel og skreiv ned i Norske folke- og huldereventyr – som Ibsen las ivrig? Bli med på eit gildt møte på Øykjelykkjesetra i Fiskdalen og sjå kva du finn ut.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Knut var en nådegave fra Gud

visknutsitterE. GARLID:   Nytår 1871 flyttede jeg som folkeskolelærer til Øvre Svatsum og Espedalen og blev der som sådan i 3 1/2 år. I Espedalen havde jeg 9 ugers skole om året nær Vis-Knuts hjem Erlandshusene og havde således anledning til å omgåes ham ikke så ganske lidet. Nogle træk om ham fra denne tid skal jeg så nøkternt og sandt som jeg er istand til, nedenfor nedskrive, da det muligens vil være til nogen belysning af hans person og virksomhet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Levva livet

Hans Petter Kleiven 1936

Hans Petter Kleiven 1936

HANS PETTER KLEIVEN: Når far slaktet høner, var det alltid spennende. Hvem av de hodeløse hønene ville flakse lengst? Det var kakling og flaksing inne i hønsegården før den rette høna ble fanget. Leven var det til øksa traff hønsehalsen og satt i hoggestabben. Det var da konkurransen satte i gang om få fly lengst!  Så var det mor sin tur. Hun ribbet all fjæra av hønene, mens far tok seg av å åpne dem og få ut innvollene. Slik gikk det med hønene når de tok til å bli dårlige med egglegginga. (Hans Petter Kleiven forteller om barndomsminner 1930-1939. Les meir.)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn