Tag Archives: Kyrkje

Fron er en ulykkelig og fordervet bygd

Eilert Sundt (t.h) hadde ein disputt med Per Chr Asbjørnsen (t.v) kalla Grautkrigen. Dei fann at ein duell måtte til. Asbjørnsen hadde som utfordrar rett til å velgje våpen, og han valde – magen! Til jubel frå publikum og duellantane sjølv klaska dei saman mage mot mage.

ELDRID BRANDVOL:  I Fronsbygdene var det ikkje noko uvanleg å ha både eitt og to barn saman før giftarmålet. Heller ikkje ser det ut til å ha vore til ulempe på ekteskapsmarknaden om ein hadde eit barn «fyryåt». Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova.  Bygdafolk flest såg ikkje på det å få barn utanfor ekteskap som ei ulykke. Det var helst blant dei «kondisjonerte» ei slik oppfatning var rådande. I Nord-Fron var det svært få personar av denne gruppa, og meiningane deira om samliv hadde vondt for å slå gjennom blant «almuen».  Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Oppvekst på Sør-Fron prestegard

Nr. 140  August 1998ØYSTEIN HOV: Å vekse opp på ein prestegard er spesielt. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974, og i denne artikkelen ser den yngste av ”presteungane”, Øystein Hov, attende på oppvekstår på prestegarden: Etter kvart som vi ungane voks til, så skjønte vi nok at det var stor politisk spennvidde i bygda. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Stor og god feiring!

bilde (3)

Sør-Fron bygdekvinnelag hadde laga og serverte kaffi og kaker etter oppskrifter på 1800-talet etter festkonserten i Sør-Fron kyrkje. Her er nokre av dei aktive medlemmene. Alle foto frå Grunnlovsjubileet: Lalita Arkhimandritova

bilde (5)

100-årsjubilant Sør-Fron sangkor var sentrale i 200-årsjubileet.

Grunnlovsjubileet vart feira stort og godt i Sør-Fron Kyrkje sundag. Fleire bilde under bretten.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

En innflyttergutt i Skåbu

17. mai i Skåbu i 1956. Foto fra familien Bakkevig.

17. mai i Skåbu i 1956. Foto fra familien Bakkevig.

TROND BAKKEVIG: Jeg kom til Skåbu som seksåring og reiste derfra som elleveåring. Nesten fem år av et gutteliv. År da jeg lærte meg å snakke som en skåbying ute, mens jeg fortsatte å snakke riksmål hjemme. Nesten fem år var jeg del av bygdas liv, og likevel var jeg alltid en innflytter. På ulike måter fikk jeg merke det. Kanskje merkes denne dobbeltheten aller mest i ettertid. Men dypest sitter takknemligheten over å ha vært del av et rikt og blomstrende bygdeliv i en spennende brytningstid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Iver Pedersen – ein fronsprest for si kappe

Fronspresten Iver Pedersen samla gudbrandsdølar som var med på å jage svenskane bort frå Trondheim – slik at mange av dei fraus ihel i Tydalfjella

IVAR KLEIVEN: Presten Iver Pedersen, Iver Petrus Adolfus, som han oftast skreiv seg for, kom til Fron som huskapellan i 1847 og vart sokneprest i 1651. Han var lærd og vart snart mykje omtala her i dalen og vidare omkring. Han var nok ein stor talar og gjorde myklje av seg på stolen, men han var ein hardsett og myndig mann som ikkje var god å ha noko obytt med. Og så var han gjert på det sterke og drakk seg ofte full, noko som hekk ved både prestane og dei andre embedsmennene i det 17. hundreåret.  Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

Hvor sto Rolstad-loftet?

Låg det eit kloster her? Bilde: Anette Berve

Ivar Kleiven fortel at

etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på Grytting stod ennå i 1775.

OLA MORKEN: Emnet er svært interessant. Jeg tror heller ikke at det har vært kloster her, men at Rolstad loftet og “svevnstova” på Grytting har vært drevet av munker eller legbrødre tror jeg er et faktum. Folketradisjonen er for sterkt til å neglisjeres. Håper å finne mer om dette, men er ikke i mål ennå. Et spørsmål til.lokalkjente: Kjenner noen til den nøyaktige plasseringen av Rolstad loftet? Helst da i forhold til nåværende bebyggelse. Takknemlig for innspill.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Eliten i Fron

Storbøndene bygde seg staseleg kyrkje i Fron , men bygger ikke lenger vegar.  Foto: nrk.no

RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne og på solsida i Kvam. Oppsitjarane på dei store gardane vart toneangivande. Rikdom på avling, husdyr og pengar gav dei ei trygg kjensle av å stå på toppen av bygdesamfunnet. Og dei hadde også ein lang tradisjon å stå på. Dei kom gjerne frå gardar som var store og mektige heilt tilbake til mellomalderen. Dei står å lese om hos Snorre. Tradisjonane gav dei høg status. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

Kyrkje med plass til alle i bygda

kviknekyrkjaOmkring 1750 sa kyrkjeinspeksjonen frå om at den gamle Kvikne-kyrkja ved Sylte skulle «casseres». I 1759 sende Ole Melby, Ole Harildstad og Ole Dalen søknad til kongen om å få reise ny kykrje. Så snart snøen hadde gått om våren 1763 tok dei til med bygginga. Det tok ofte ikkje meir enn 2 – 3 månader å lafte opp ei krosskyrkje. Ved jonsokleite var dei kanskje ferdige med hovudbygget og kunne gå igang med å reise det høge og mektige tårnet. 17. august i år var det 250 år sidan kyrkja vart innvigd. Per Kåre Berget har skrive ei særs interessant og lesverdig bok om Kviknekyrkja i høve jubileet.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Fest for Kvikne-kyrkja

Kvikne kyrkje

Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar. Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.

Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset, der det blir festleg samvær med musikk og innslag frå 4H, fortel formann i soknerådet, Kristian Ekre. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Megardsriddaren

megardsFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For 300 år sidan stod det ei kyrkje på ein gard som heiter Megarden. Og så var det ein riddar som heitte Megardsriddaren. I Heidalen budde det ei kjempe som folk kalla Heidalskjempa. Megardsriddaren og Heidalskjempa var ofte sinte på kvarandre. Ein gong Heidalskjempa stod på Mukampen, kasta ho ein stor stein på Megardskyrkja. Steinen trefte tårnet så det rauk tvert av. Det vart riddaren sint for og sa at han ville drepe ho, og det gjorde han au. Han drap kjempa og grov ho ned akkurat der han drap ho. Og det var på Kjempesletta. Det er oppgrave torv der, så langt som kjempa var, og det er sju vaksne kar-steg.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru