Tag Archives: Kyrkje

Konfirmasjon i krig

panzer-ii-norway-1940

Tysk Panzer II skyt seg nordover Gudbrandsdalen. «Etterpå vart vi kalla inn til å gå for presten.»

LODVAR LARSEN:  Den 11. april 1940 vart ein heil del gutar, godt vaksne ôg, mobilisert for å slåss mot tyskarane. Mellom dei var min eldste bror Odd. Vi fulgte spent med på radioen og i aviser korleis krigen utvikla seg, og sist i månaden nærma dei tyske styrkane seg våre bygder. Tyskarane kom til Vinstra sist på dagen, og det vart eit svare leven bortpå riksvegen. Maskingevær og andre våpen fresa og small. Foreldra våre vart samde om at vi skulle rømme litt lenger inni grenda, og vi havna oppi Granrudoset, som var mura med metertjukk stein. Vi vart værande der i to døgn.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Dei ugudelege frøningane

Misjonsforeiningane arbeidde for heidningmisjonen, andre for indremisjonen. I Skåbu arbeidde dei for eiga kyrkje og kyrkjegard. Oppførd i 1927.

RAGNAR ØVRELID: Etter det vi kan lese oss til, har det religiøse livet i Fron aldri stått sterkt. Framover til 1800-talet ofra fronsbygdene mykje på kyrkjene, men prestar og andre embedsfolk klaga over kor lite folk i Fron brukte gudshusa. Det er vel ikkje heilt tilfeldig at Fron var blant dei bygdene Hans Nilsen Hauge aldri besøkte, eller at Eilert Sundt i 1850-åra rekna fronsbygdene som særleg forderva. Distriktslegen gir i 1883 frøningane denne karakteristikken:

Hestehandlermoralen og kremmeruvesenet med deres følgesvenne brennevinsdrikk og kortspil, vantro og gudløshet fremkaller en høy grad av hensynsløshet overfor nesten. Gudbrandsdølenes interesser synes ikke å strekke seg synderlig utenfor politik og heste.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Da Per Tofte møtte munken i Nidarosdomen

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Frøningenes merkverdige skikker ved brylluper

brudefolge

Adolph Tidemand: Brudefølge gjennem skoven

HUGO FREDRIK HJORTHØY: Brudeparet geleides til sengs av svennene og kjøgemesteren, og etterat bruden er avkledt sin brudestas, synges en salme. Brudgommen tar kronen av bruden og setter en sort hue på henne, og bruden setter en mannshue på brudgommen, derpå synges tvende vers av en salme om ektestandens lykksalighet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Å vera dotter til presten

img026 Bryllup i Prestegården i Nord-Fron først på 1900-tallet

Bryllup i prestegarden i Nord-Fron tidleg på 1900-talet (Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar)

SNØFRID SKAARE:  Som prestedotter har eg budd på to prestegardar, og det noko spesielt ved å  leva barneåra sine på ein prestegard. Prestegarden tente før som eit slag  herberge for reisande gjennom bygdene. Det var  mange stader vanskeleg å finne overnattingsstader, og i prestegarden var det som regel god plass. Som barn var eg måteleg fornøgd med desse gjestene. Dei var ofte alvorlege menn som heilt oversåg oss barna. Det einaste fine var den gode maten som kom på bordet når det var besøk. Men for husmora var det heller slitsamt. Husa skulle varmast opp, her gjekk det mykje ved.  På Dovre fraus vatnet kvar vinter. Klesvasken vart eit slit, bera vatn, varme opp og så skylje  i bekken  nedanfor. På slike dagar var det vakre bildet med teservering for sommarkledde gjester langt borte! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Kampen om Sødorp-kyrkja

Sødorpkyrkja før ho vart flytta. Foto:  Simen Baardseth.

Sødorpkyrkja før ho vart flytta. Foto: Simen Baardseth.

RAGNAR ØVRELID: Ein fæl storm 7. mars 1822 bles tårnet av Sødorpkyrkja. Skaden vart reparert, og tårnet bygd opp att i mykje lågare fasong. Det tok rett nok tre år før arbeidet vart gjort. Da hadde det også meldt seg andre manglar ved Sødorpkyrkja:

Taket er nå så brøstferdig at nytt må legges.

Sokneprest Jarmann etterlyste det nye taket da han vart tilsett i 1868. Kommunestyret sa det ville vente til det vart avklara om kyrkja skulle gjennomgå ein større reperasjon eller flyttast og ombyggast. Kyrkja var for lita, meinte dei, og i miserabel stand. Kommunestyret hadde nå kome til den oppfatning at kyrkja burde flyttast og gjerast åttekanta! Dårlegare enn Sør-Fron ville dei ikkje vere. Nå måtte dei berre vente på teikning og kostnadsoverslag.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Gal´npresten i Kviknekyrkja

«I dag skal de få, Kvikneværingene!»

IVAR KLEIVEN: Peder Markvard Otzen, 1813-1815, kom til Fron frå Hallingdal og vart her i bygda kalla for «Galn´presten». Nettopp hugugalin eller nokon galning elles var han nok ikkje, men han var friare i omgangslaget sitt og la ikkje for dagen prestvørdnaden som folket var vante med. Og så tykte han det var moro å skape seg vørslaus. Han var utgjord på veiding og strenda omkring med børsa i Lomoen seint og tidleg. Ein gong råka han ei kjerring der i skogen, straks han var komen i byda. Ho kjende ikkje presten og spurde kva han var for kar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn