Tag Archives: kunst

Har den pjusken råd til å kjøpe hytte?

Historia om Erling Rolstad og Jacob Weidemann

JW

Den pjuskete hyttekjøparen i 1970. Foto: NRK

HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe. Erling hadde det travelt og syntest dessutan at kjøparen såg så pjuskete ut at han neppe hadde råd til  å kjøpe seg hytte. I staden for å bli med mannen til fjells ringte han til Trygve Wadahl og spurte om han kunne vere snill og vise fram hytta. Det gjorde Trygve. Mannen kjøpte hytta der og da og betalte kontant. Det viste seg seinare at den pjuskete mannen var kunstmålaren Jacob Weidemann.

Utdrag frå artikkelen «Bulldozarmannen»i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Sulengshaugen – dekormaler av format

På 1860-tallet utførte han store dekorarbeid i hjembygda si

ekskirk

Taket i Sør-Fron kyrkje. Her illuderer Even Knudsen Sulengshaugen et forgylt profilert rammeverk i metall. På dette ser det ut som det hviler store marmorplater. Dekoren er malt med lys- og skyggeeffekt for å gjøre illusjonen fullkommen. Takflaten vi ser, er i virkeligheten helt flat. Foto: Jon Brænne 1985.

JON BRÆNNE: Even Knudsen Sulengshaugen (1822-1898) var en av Norges dyktigste dekorasjonsmalere. Han behersket alle malerteknikker og kunne også kombinere ulike teknikker for å skape helhetlige romdekorasjoner. I Fron har han satt spor etter seg i Sør-Fron kyrkje og på flere gårder. Les om ham i Fronsbygdin 2006. Under bretten finner du noen arbeider han utførte i Fron. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

– Far min var slavedrivar

Leif Melgaard –  ein frøning som ragar høgt i kunsthistoria

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.12.02

Mange som har studert Leif Melgaard sine arbeid som treskjerar, meiner at han ville vore betre kjend om han hadde vore villig til å selgje meir og ha fleire utstillingar, for han kunne måle seg med det ypparste i europeisk treskjerarkunst. Skreiv New York Times da Leif Melgaard døydde 92 år gamal i 2001. Leif Melgaard vart fødd 1899 i Sør-Fron, son av ein gardbrukar og arbeidde på garden i barndomen. Han vart oppmuntra av ein onkel, ein evnerik treskjerar, og starta treskjeringa i ung alder. Men far hans meinte det var bortkasta tid. «Han var ein slavedrivar, så eg fekk ikkje mykje tid til å skjere», fortalde Melgaard.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Vil du vite korleis Peer Gynt vart til?

VKom til Veidarvon seterstue seks km sør for Gålå ved Peer Gynt-vegen søndag 6. august kl 1430. Historikar Narve Fulsås har sett nærare på breva som Henrik Ibsen skreiv, da han dikta fram historia om denne frøningen. Han er professor i historie ved Universitetet i Tromsø og er redaktør og hovudforfattar av Henrik Ibsens skrifter bind 12-15: «Brev 1844-1905».

Med i samtalen er også kunsterisk leiar i Peer Gynt-stemnet, Iren Reppen, og regissøren for framsyninga ved Gålå-vatnet, Sigrid Strøm Reibo. Programleiar: Carl Henrik Grøndahl. Etterpå kan du få kjøpt varm suppe. Velkomen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur

Jegerlarven i Skodalsåa

"Etter flåttens fremmarsj i de østlandske dalføra er en ny artsform på vei fra Sørlandet for å etablere seg i Gudbrandsdalen. "Jegerlarven" er utklekket i atelieet til den Kristiansand-baserte kunstneren Erik Pirolt og kan karakteriseres som like deler farkost, rovdyr, fossilbasert konstruksjon, organisk skulptur og jaktredskap. Fra og med 20. oktober kan den observeres langs kulturminnestien ved Skodalsåa på Harpefoss, som kunst kamuflert i landskap og som fremmedobjekt på jakt etter vertsorganisme å gripe seg fast i."

«Etter flåttens fremmarsj i de østlandske dalføra er en ny artsform på vei fra Sørlandet for å etablere seg i Gudbrandsdalen. «Jegerlarven» er utklekket i atelieet til den Kristiansand-baserte kunstneren Erik Pirolt og kan karakteriseres som like deler farkost, rovdyr, fossilbasert konstruksjon, organisk skulptur og jaktredskap. Fra og med 20. oktober kan den observeres langs kulturminnestien ved Skodalsåa på Harpefoss, som kunst kamuflert i landskap og som fremmedobjekt på jakt etter vertsorganisme å gripe seg fast i.»

Jegerlarven er montert som utendørs skulpturprosjekt langs kulturminnestien ved Skodalsåa. Arrangør: Skodalsåas venner. Her vil skulpturen fungere både som utkikkspunkt, kunst i landskapet og overnattingstilbud for publikum og turgåere.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk