Litt om ein oppvekst under krigen
OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Grauten vart au eten kald, særleg om sommaren. Da tok ein gjerne og snudde grauten på tallerkenen, slik at skorpa kom ned. Kald graut vart au oppskoren i strimler og oppattvarmt i mjølk. Smør og poteter, poteter i mjølk og sild og poteter var au mykje brukt. Elles så var det brødsoll og spekeskinke, kjøttkaker og anna kjøtt som var hermetisert på blikkboksar.
Les meir