
Eilert Sundt (t.h) hadde ein disputt med Per Chr Asbjørnsen (t.v) kalla Grautkrigen. Dei fann at ein duell måtte til. Asbjørnsen hadde som utfordrar rett til å velgje våpen, og han valde – magen! Til jubel frå publikum og duellantane sjølv klaska dei saman mage mot mage.
ELDRID BRANDVOL: I Fronsbygdene var det ikkje noko uvanleg å ha både eitt og to barn saman før giftarmålet. Heller ikkje ser det ut til å ha vore til ulempe på ekteskapsmarknaden om ein hadde eit barn «fyryåt». Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova. Bygdafolk flest såg ikkje på det å få barn utanfor ekteskap som ei ulykke. Det var helst blant dei «kondisjonerte» ei slik oppfatning var rådande. I Nord-Fron var det svært få personar av denne gruppa, og meiningane deira om samliv hadde vondt for å slå gjennom blant «almuen». Les meir