Tag Archives: jenter

Fløytarunge var vel så bra

Særleg populære var dei hos jentene.

HELGE STORMORKEN: Ei av dei store hendingane var fløytinga. Fløytarane var heltar og beundra for vågemot og evne til å ta seg fram frå stokk til stokk i farleg vatn med hakane sine. Med svarte hattar, fyre opp skikkelege bål, drikke råe egg og andre påfunn, nørte dei godt oppunder statusen sin sjøl au. Særleg populære var dei hos jentene, og ei og anna fekk mén av det. Men folk hadde klart for seg alt da, at arv er viktig både for folk og fe, og fløytarunge var vel så bra som andre.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Granatar øydela leikehesten

letrud2OSKAR LETRUD: Vi hadde heimelaga leiker. Eg hugsar spesielt hesten som bestefar hadde laga. Han var fullt utstyrt med sela og kjørereiskap av alle slag og var mye brukt. Dette var av dei tinga som vart øydelagde om våren 1940, da huset vart treft av fleire granatar som ødela alt.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Ugift kvinne? Vanærande!

Dei sydde gymnastikkdraktene sjølv, desse jentene på folkehøgskulen i 1909 og marsjerte etter vegen til ungdomshuset i Kvam for fysisk fostring. Men gifta dei seg?

RAGNAR ØVRELID: Etter som husmoryrket stort sett var det einaste kvinnene kunne få, var det viktig å finne nokon å gifte seg med. Mange kvinner vart gåande ugifte livet ut. I det gamle bygdesamfunnet var dette både vanskeleg økonomisk og truleg vanærande sosialt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kvinner

Fron er en ulykkelig og fordervet bygd

Eilert Sundt (t.h) hadde ein disputt med Per Chr Asbjørnsen (t.v) kalla Grautkrigen. Dei fann at ein duell måtte til. Asbjørnsen hadde som utfordrar rett til å velgje våpen, og han valde – magen! Til jubel frå publikum og duellantane sjølv klaska dei saman mage mot mage.

ELDRID BRANDVOL:  I Fronsbygdene var det ikkje noko uvanleg å ha både eitt og to barn saman før giftarmålet. Heller ikkje ser det ut til å ha vore til ulempe på ekteskapsmarknaden om ein hadde eit barn «fyryåt». Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova.  Bygdafolk flest såg ikkje på det å få barn utanfor ekteskap som ei ulykke. Det var helst blant dei «kondisjonerte» ei slik oppfatning var rådande. I Nord-Fron var det svært få personar av denne gruppa, og meiningane deira om samliv hadde vondt for å slå gjennom blant «almuen».  Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Det omskiftande livet til ein låve

snikkarsalen

Det kan skje så mangt i ein gamal låve. Foto: Redaksjonen i Fronsbygdin.

RASMUS STAURI: Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam. Har har det budd ein mørkredd teolog, gutar på jentejakt, ein sløydlærar med skarpt blikk og trøytte pilegrimar. Og låven er attpåtil vigsla av ein biskop. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Verksemder

Spytta han i anletet

FronOSR2Korleis var det å vera tenåring under krigen? Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og.  Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Folk har vorte dømd for utukt i Vågå før òg

Ragnvald Skrede

I 1936 vart Ragnvald Skrede dømd til tre års fengsel for utukt mot tre mindreårige jenter i Vågå. Han var lærar. Biografane til Skrede, Otto Hageberg og Egil Ulateig, meiner at dette var justismord. I boka Korsfestelsen. Historien om Ragnvald Skrede og Vågå (2003) fortel Egil Ulateig ein krønike om ein tragisk familie. Ragnvald Skrede vart seinare ein av våre fremste lyrikarar og kritikarar. Egil Ulateig har dramatisert rettssaka mot han. Denne dramatiseringa ligg nå her på heimesida. Det er sterk kost.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn

Jenter i ulykka hos naboen

i heidalePER PRESTGARD: I Heidalé 2013, årboka til Heidal historielag har eit tjugetal artiklar. Dei fleste er skrivi av folk i bygda eller av utflytta heidøler.  Boka av året har ein sterkare kvinneprofil i ljos av 100-årsjubileet for innføring av stemmerett for kvinner. Ein artikkel er om slitaren Jørgine Kvehaugen, som på småbruket i Rindhølgrenda fødte 14 ungar og saman med mannen sørgde for deira oppvekst. Heidal sanitetsforening som starta i 1913 ( men gjekk inn 2008) har fått si historie på trykk med protokollar for dei nesten hundre år som kjeldemateriale. Oddbjørn Evenshaug har ein interessant artikkel om jenter som kom i ulykka ved å føde barn utanfor ekteskap, og om den skremmande behandling dei fekk i samfunnet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Singer sykurs

untitled

«Andragende av 16.3.1929 av Singer & co Symaskiner AS om lokale for avholdelse
av et kursus til gratis undervisning i bruk av symaskiner i tiden 5 – 14 juni d.å. – salen i 2. etg. Beslutning: Salen i 2. etg stilles til disposisjon i omsøkte øiemed 5-14 juni d.å. mot at ansøgeren betaler rengjøring m.v. saaledes at ingen omkostninger påføres banken.» (Forstanderskapet i Nord-Fron 1929).

Singer lærte dølajentene å sy, og banken stilte lokaler til rådighet. Dette bildet er fra Harpefoss. (Frå boka Bank i bygd og by)

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Spreke jenter!

sprekejenter1906

Dei sydde gymnastikkdraktene sjølv på folkehøgskulen og marsjerte etter vegen til ungdomshuset i Kvam for fysisk fostring. Vi er i 1906. Også den gongen glana gutane. I glaset til venstre.

Kommentar fra  Espen Carlsen: Bildet er tatt 10/12-1909, Vik i Kvam. Foran i midten står min mormor Maria Thorsheim fra Vinstra (1894-1970.) Hun jobbet senere som “telefonistinde” på telefonsentralen som var hjemme i huset i Nedregate 29. Gift i 1924 med Peter Halvorsen fra Bosaaen i Kvam (1894-1966.) De fikk fem barn på fem år, så da var de ferdig med det! Mor til bl.a kjøpmann Per Halvorsen (1927-2007) og smed Helmer Halvorsen (1924-2005) som mange nok husker på Vinstra.

Éin kommentar

Filed under Idrett, Kvinner