Tag Archives: jakt

Han åt hoggorm

Hansen på Fefor – kva var det for en kar?

hansen2
Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det.

Les meir

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen

Ivar Kleiven kunne teikne portrett! Her av ein stygg kar

R.Fot_.36793w

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Noko bilde av hans finst sjølvsagt ikkje. Vi får ta til takke med denne bjørneveidaren frå Hoem bygdalag og sjå for oss ein grovsleg kar som vart rekna for stygg.

IVAR KLEIVEN: Ellev Moen var ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar. Han var en grovslig kar og rekna for stygg. Attåt var han både kleis og leisp. Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen. Far til ho som var kjerringa hans, tykte det tok overhand at ho Kjersti ville ha så stygg ein kropp. Ja, ho Kjersti kunne ikkje nekte for at han Ellev såg ut som ein bjønn. Bjønn? sa faren. Bjønn er vakker, han, imot han Ellev. Men ho Kjersti ville nå ha han Ellev likevel, og ho fekk viljen sin. «Nå har du vunne seier, Ellev!» sa ho Kjersti da dei kom ut av kyrkja og var vigde. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn

Johan Sørensen og kongedømet hans

Ein pioner som bygde Lauvåsen og fekk folk til fjells vinterstid

Johan Sørensen

Johan Sørensen

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan lære mangt av Johan Sørensen si historie i Fron. For det første at dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet. I dag hadde Johan Sørensen fått seg inhalator og kortison mot astmaen sin og blitt buande i Bærum. Han ville vel reist til Gålå berre for å sjå Peer Gynt. For 125 år sidan fanst ikkje slike medisinar, og da Johan Sørensen kom til Gålå som 50-åring i 1880, tungt plaga av pustevanskar, kvikna han til. Han hadde vore på leiting rundt i Europa, i Pyrineane, i Brennerpasset, i Innsbruck, i Tyrol. ”Efter en syv maaneders jagt helt ned til Egypten for at finde helsebodens klima, kom jeg mig mere død end levende hjem til Norge, – og levnede op igjen på Toftesæter-kjølen.” Her kunne han leve betre med sjukdomen, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han seg eit kongedøme i Sør-Fron. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Han sette plastbøtta bortpå omn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Her er dei – Per Gynt-segnene!

Når stemnet nå går igang – her er det som sette fart på Henrik Ibsen

peergynt2017_program_9433-768x0-c-default

Jakob Oftebro som Peer Gynt på Gålå 2017. Foto: Bård Gundersen

PER THORSEN AASMUNDSTAD (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne 16. november 1873 og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker. Her kan du lese om Guro Suppetryne og’n Per som har vas-balin emillom føtom.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Frøningar og valdrisar i kamp

vinstervatnet

Vinstervatnet. Fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre. Måleri: Sigmund Hernæs

IVAR KLEIVEN: Like frå medelalderen har Fron hatt strid om bygdagrensa mot østre Slidre i Valdres, og det har nok ein og annan gong gått allt anna enn lausleg til. Det har drive opp til heile slag, som det har gått ord om i mannsaldre og ennå lever att minne om. Det er grensa mellom østre Slidre og Fron bortved Vinstervatna som det all sin dag har vore usemje om. Striden er nok like gamal som Svartedauden, for fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Frylikongen

Da vi tok storoksen med 21 spir

elg1

Johan Dalseg har jakthatten til far sin, Lodver Dalseg. Det vart sagt at det følgde hell og lykke med jakthatten. «Frylikongen» vog over 300 kg slakta. Foto frå Johan Dalseg.

JOHAN DALSEG:  Året var 1957, og like før jakta kjøpte eg ny rifle. Ein eksportmodell av Husquarna med prislapp kr 950. Dette var frykteleg mykje pengar for ein ungdom, men eg fekk litt avslag og ti patroner med på kjøpet og slo til. På veg til Hundorp stasjon for å hente rifla, trefte eg Hans Scheie, som slengte seg på motorsykkelen og ville bli med. Vi pakka opp vidunderet så snart vi kom ut av stasjonsdøra, eg prøvesikta og sa som så:

´n må vel stupe storuksin au nå lell, Hans

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Skotet gjekk av så måsåspruten stod

reinJOHAN DALSEG: Det var berre eit par dagar att av reinsjakta om hausten. Da var det naboen, Sigurd Dalseghagen, dukka opp. Han hadde reinsjakt, men ikkje fått dyr, og spørsmålet var om eg ville vera med til fjells. Eg sleit med influensa, og tvilen var der om eg orka med dette, for eg visste at det var ingen spasertur eg ga meg ut på, sterk og fjellvant og lett på foten som Sigurd var. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Folkepresset i grågrenda Skåbu

Skåbu google

Skåbu: Heimar med små jordlappar og nakne stuguer er bygde, forlatte, og nye heimar oppstått. Bilde frå Google maps.

EINAR HOVDHAUGEN: Det synast som skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga. En stad måtte dei plassere folkeoverskottet. Og Skåbu hadde den fordel, framfor bygdene nede i dalen, at jakt og fiske der verkeleg var ein viktig leveveg, noko som kom småkårsfolk til gode. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk

Tamrein i Fronsfjella

Dei hadde ikkje anna att for strevet enn tap. Bilde: dyrevern.no

IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne tida, og han tok nok hardt på drifta, som ein kan tenkje seg, når han på ein somar reiv ihel ikkje mindre enn 17 naut på Sødorpkjølen. Les meir

2 kommentarar

Filed under Jakt og fiske