Tag Archives: husmann

Historia om Rønnaug Sagboden

PER OTTESEN: Den vesle plassen Bakkestugu ligg rett nedanfor demninga ved Olstappen i Skåbu. Rønnaug Sagboden var den siste som bodde her. Ho var ei kjend dame i bygda, der ho hadde levd heile sitt liv. Nokså eksentrisk, litt sta, eit arbeidsjern og utstyrt med ei skarp tunge når det høvde seg slik. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Løsaktighet og kvinnelig vanære

kvinnebarn

«Men på denne måte ble det så fullt av ungeskrik hos de gamle foreldre, at den eldste datter med sine to barn hadde måttet få seg hus hos fremmede, der hvor jeg nu fant henne.»

EILERT SUNDT I 1851: Det bor mange ytterst fattige folk i Kvam, men hvor mye råhet og usedelighet som forenes med armoden! Det er ganske forskrekkelige eksempler på løsaktighet og kvinnelig vanære, jeg i dag har fylt min notisbok med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Den bitre stiden om Koloa

Det var Kollokassa som betalte for denne minnesteinen på Sinclairs grav, laga av Per Hanson Lien, og reist i 1860 til 250 års-markeringa i 1862. . (Frå kringen1612.no)

 

EINAR HOVDHAUGEN: Busetnaden på Koloa står i ei særstilling og har neppe nokon fullstendig parallell andre stader i dalen. Heilt til på 1600 talet må Koloa ha lege som ein øye skogstrekning mellom Kjørum og Brebygda. Det er først på 1600-talet, da eit visst folkepress gjer seg gjeldande, at rydding av  Koloa blir aktuelt. Dete blir ein strid mellom rydningsmennene og bøndene. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Folkepresset i grågrenda Skåbu

Skåbu google

Skåbu: Heimar med små jordlappar og nakne stuguer er bygde, forlatte, og nye heimar oppstått. Bilde frå Google maps.

EINAR HOVDHAUGEN: Det synast som skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga. En stad måtte dei plassere folkeoverskottet. Og Skåbu hadde den fordel, framfor bygdene nede i dalen, at jakt og fiske der verkeleg var ein viktig leveveg, noko som kom småkårsfolk til gode. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Skriubakken og Fevolden

Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Namn i Fron: Husmannsplassane

grindbakken

Grindhaugen. Bilde henta frå skriubakken.com

RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Språk